Hjem journalistikk

Med eller mot straumen?

0
Med eller mot strømmen?

Dette innlegget kjem trulig aldri inn i eit trykt media i Noreg. Ikkje bare fordi det sprenger grensene for dei 3000 eller maks 5000 teikna, som «Mainstream Media» tillet for oss som ikkje har makt verken i media eller andre stadar, men fordi det bryt så grunnleggande med den samrøystes konsensusen i Det Norske Krigspartiet, som har 169 representantar på Stortinget.

Svein Lund.

Enno kan eg lage mi eiga nettside og legge det ut der, for dei få eg når ut til på den måten. Så lenge det varar. For ytringsfridomen blir stadig meir innsnevra, både i den store verda og her heime. 

Historia om menneska sine samfunns- og statsdanningar er i stor grad ei historie om undertrykking innad og erobring utad. Dei erobra som overlevde erobringa blei halde nede med makt, ofte gjort til slavar. Overklassa bygde opp statsapparat for å halde på si eiga makt, militært, juridisk, økonomisk, kulturelt og språklig. 

Men historia er også ei historie om motstand og opprør. Dei fleste opprøra blei slått ned så tidlig og grundig at dei ikkje er kjente i verdshistoria. Nokre minne er bevart, som slaveopprøret under leiing av Spartakus, som blei slått ned så brutalt at slavane i Romerriket aldri torde å gjøre opprør igjen. Les Hans Børli sitt dikt: Seks tusen kors1.

Historia om undertrykkinga og opprøra kan fylle mange bøker, og det gjør ho da også. Frå Noreg kjenner vi bondeopprøra på 1500-talet og streikar i gruvene på Røros og Kongsberg, Thranitterrørsla og Guovdageaidnu-opprøret, Det siste blei midt på 1800-talet slått like hardt ned som Spartakusopprøret, bare i noko mindre skala. I nyare tid har vi hatt distriktsopprør, bondeopprør, miljøkampar frå Mardøla og Alta til Førdefjorden og Repparfjorden. Arbeidaropprøra i Noreg har vore få i seinare tid, noko som skuldast årsaker eg skal komme tilbake til. 

At undertrykking avlar motstand er kjent frå heile verda. Også at motstand blir slått ned med politi, militærmakt og rettsvesen. Men makta har også andre og meir utspekulerte metodar. Eit klassesamfunn kan ikkje i lengda baserast bare på undertrykking. Underklasse, opposisjon og motkrefter må nøytraliserast med på eine sida å gi nokre (ofte midlertidige) konsesjonar, som allmenn røysterett, velferdsstat og verneplan for vassdrag, på andre sida å gi nokre av underklassen og opprørarane sine leiarar posisjonar, der dei trur dei har makt. Med framveksten av det formelle demokratiet har desse metodane blitt stadig viktigare. Talet på fagforeiningsleiarar som er nøytralisert er stort. Nokre av dei mest gjenstridige har fått sparken, andre har fått jobbar på andre sida av bordet, eller blitt ansvarlige gjennom godt betalte verv oppover i fagrørsla sitt eige apparat. Tidligare miljøaktivistar har blitt godt betalte handlangarar for gruve- og vindkraftindustrien. 

I 1920 var Det Norske Arbeiderparti eit revolusjonært parti. Femten år seinare var partiet blitt regjeringsparti, og etter ytterligare femten år hadde partiet tatt eit knusande oppgjør med dei som fortsatt sto for klassekamp og norsk sjølvstende. Sidan har partiet gong på gong forsøkt å få Noreg inn i den europeiske kapitalen sin høgborg, EU, og frå 1970 til 2025 har det stått for å tvinge gjennom store naturøydeleggingar med hjelp av politimakt og rettsvesen. 

I 1960 blei Sosialistisk Folkeparti danna som ein sosialistisk opposisjon mot sosialdemokratiet og som eit nøytralt alternativ til USA og Sovjet. I 1968 kasta partiet ut sin eigen ungdomsorganisasjon da denne var blitt for radikal, bl.a. var moderpartiet alvorlig skremt av ungdommen si uforbehaldne støtte til den palestinske frigjøringsrørsla. I 2005 gikk etterfølgjaren SV inn i ei regjering som bygde på NATO og EØS. Dei siste åra har partiet lagt det utanrikspolitiske verdigrunnlaget sitt daudt og støtta NATO og NATO sine krigar. 

Med røter frå kløyvinga av SF i 1968 blei det bygd opp ei rørsle som blei AKP/RV og seinare Raudt. Ideologiske feilsteg skal vi her la ligge, viktigare er at partiet klart stilte seg på fattige og utbytta folk og land si side mot verdskapitalismen og imperialismen. I 2023 vedtok Raudt støtte til NATO sin krig i Ukraina og seinare til NATO si opprusting gjennom forsvarsforliket. I 2025 sa partileiaren at Israel har rett til å forsvare seg. Det uttalte målet for partiet er å komme i regjering, i praksis å få taburettar ved Støre sitt bord. Tilpassinga av politikken for å oppnå dette målet er på god veg. Motstanden mot EØS-avtalen kan vere det neste som står for fall. Heller ikkje miljøpolitikken, som har vore svært viktig for framgangen til Raudt dei siste åra, ligg trygt. Partiet sitt nei til vindkraft er kjempa fram MOT partileiinga sitt syn gjennom fleire landsmøter. Avstanden mellom leiingane i Raudt og Ap er altså mindre enn det den vedtatte politikken og programmet gir inntrykk av.

Liksom for forgjengarane i sosialdemokratiet er det ein føresetnad for å bli godkjent i det gode selskap at ein kan holde klare linjer mot opprørske tendensar i fortid og notid. Liksom Ap tidligare har Raudt hatt eit oppgjør med si kommunistiske fortid. Eit oppgjør der barnet er slått ut med badevatnet, der klassekamp er erstatta av velferdsstat, Pride og Woke-ideologi. Liksom Ap i etterkrigstida ekskluderte sin eigen opposisjon og dreiv heksejakt på kommunistar, har Raudt sett i gang utreinsking av tillitsvalde som fortsatt står på partiet sitt program. For å sikre partileiinga si linje har stortingsrepresentantar blitt pålagt å skrive under på at dei lyder partileiinga sitt minste vink.

Partileiinga har gripe inn i nominasjonar i fylka for å hindre krigsmotstandarar på listene. Folk som har deltatt i steigan.no, er stempla som putinistar og fiendar av partiet, og pressa ut av tillitsverv. Opposisjonelle partimedlemmar har blitt sletta frå diskusjonsgrupper på nettet. Partileiaren sparka leiaren av ungdomsorganisasjonen for opne dører. Nylig blei ein tidligare mangeårig representant for RV/Raudt i kommune- og fylkesting ekskludert for å ha uttalt offentlig at han på grunn av Raudt sin krigspolitikk såg seg nøydd å røyste Fred Og Rettferd i dette valet. For nokre val sidan var det RV som ikkje fikk vere med i valsendingar og anna godt selskap. No har ein kome innafor, og trekt stigen opp etter seg. No er det ikkje eit ord å høre frå Raudt når FOR og andre småparti ikkje slepp til.

Den internasjonale monopolkapitalen, med sentrum i USA styrer i dag i stor grad verda, ikkje bare gjennom militær og politisk makt, men like mye gjennom eit kulturelt hegemoni. 

Filosofen Antonio Gramsci brukte begrepet hegemoni om måten ein dominerande klasse herskar ved å fremstille eigne verdiar og haldningar som allmenngyldige. Slik skapast ein hegemonisk ideologi som formar sjølvforståinga til dei fleste menneske. Dette fører til at store delar av arbeidarklassen beundrar borgarskapet og drøymer om å bli ein del av det, i staden for å sjå sin eigen livssituasjon frå sitt eige perspektiv.2 I tillegg til det Gramsci skildrar for forholdet mellom klassane, gjeld tilsvarande internasjonalt for forholdet mellom rike og fattige land, kolonistar og koloniserte. 

Alle stortingspartia opererer i dag innafor den borgarlige og vestlige hegemoniske tenkinga, med Raudt som den siste som har slutta seg til og gitt avkall på sjølvstendig, alternativ tenking. Avisa Klassekampen har blitt Mainstream Media, der opposisjonelle tankar i beste fall blir uttrykt på kronikkplass og der avisnamnet blir meir og meir av ein anakronisme som redaksjonen garantert ikkje ville vald i dag. «Venstresidas dagsavis» er i beste fall avisa til venstresida i Ap og høgresida i SV og Raudt. 

Ein stiller ikkje lengre spørsmålet om kva som er rett, men om kva som er taktisk lurt, kva som gir røyster. RV sine gamle paroler «Stem på en opprører» og «A=B» er erstatta med «Fordi fellesskap fungerer» og regjering frå «venstresida». Tannhelse er ei hovudsak, samtidig som partiet sjølv blir meir og meir tannlaust. 

Hegemoniet omfattar også verdssituasjonen. Den dominerande tankegangen frå kolonialismens og misjonens gullalder har kome tilbake, der Vesten står for det gode, demokratiske og kristne, mens resten av verda står for det vonde, diktatoriske og heidenske. Støtta til den 3. verda og frigjøringsrørsler i sør er borte. «Vi» er ein del av vesten og skal forsvare denne mot alt det vonde. Om nokre i Vesten (som Trump og Netanyahu) går over alle grenser i sitt forsvar av den vestlige makta, er det bare unnatak og personlige svakheiter, ikkje uttrykk for ein imperialistisk struktur. Er du ikkje med oss, er du mot oss. Har du det minste å innvende mot at det naziinfiserte regimet i Ukraina knuser all opposisjon til venstre, er du putinist, og dermed utan rett til å uttale deg. INGEN av stortingspartia, heller ikkje SV eller Raudt har innvendingar mot dette. Hegemoniet har vunne.

Finst det noko alternativ? Det må innrømmast at alternativet er ganske veikt i dag. Den klaraste motkrafta er partiet Fred og Rettferd, som med 0,3% røyster i stortingsvalet ikkje akkurat utgjorde noko stort trugsmål mot hegemoniet på kort sikt. Partiet er også nytt og umogent og er heller ikkje effektivt vaksinert mot opportunisme, noko som kjem fram i valet av parolar der den nasjonale velferden settast opp som einaste alternativ til å bruke pengane på opprustning.

Motstanden mot krigspolitikken er likevel langt breiare, meiningsmålingar tyder på at vel 10 % går mot å sende meir våpen til Ukraina, og fleire og fleire spør om NATO verkeleg bare er den uskuldige parten som forsvarar fridom og demokrati. Slike innsikt må før eller seinare også nå fram til ein del norske politikarar. Blant dei siste som vil innrømme dette, er leiinga i Raudt. For det vil rive ned deira eigen eksistensberettigelse som pålitelig partnar for makta og grunnlaget for forfølgjinga av opposisjonen i eigne rekker og ikkje minst FOR og steigan.no, som begge i stor grad er danna av tidligare Raudt-medlemmer.

Leiinga i Raudt har låst seg fast til analysa av Ukraina-krigen som antiimperialistisk forsvarskamp mot Russland. Med det har ein låst seg til opprustning av Noreg, Europa og NATO. Dei kan ikkje snu utan å innrømme at opposisjonen i partiet har hatt rett heile tida. 

Det var ein stor fredsopposisjon i Raudt for eit par år sidan, noko mindre i SV. I dag ligg denne nede. Valkampen kledde på opposisjonen partia sine capsar og vestar og dekka over at mange av dei som sto og delte ut løpesetlar eigentlig var fredstilhengarar i krigsparti. Opposisjonen har gått i hi og spørsmålet er om dei som bjørnen vil vakne når våren kjem. 

No ventar lesaren sjølvsagt at eg skal komme fram til konklusjonen. Eg skulle ønske eg hadde eit ferdig svar i 5 eller 10 punkt som arbeidsprogram. Det har eg ikkje. Eg kan bare oppmode til at vi løftar auga over synsranda og ser resten av verda utafor vår norsk- og europeisksjåvinistiske andedam. Så treng vi ein debatt om kva det imperialistiske hegemoniet gjør med oss og kva som er alternativet. Og om målet med det politiske arbeidet skal vere å oppnå posisjonar eller å hevde det som er rett. 

Svein Lund
fritenkar

1https://hansborli.no/dikt/seks-tusen-kors/

2Lånt frå Store Norske Leksikon om Hegemoni

Forrige artikkelPeter Thiel ba Musk om å bruke milliarder til høyreorientert korstog mot «Antikrist»
Neste artikkelKina inviterer Palestina til medlemskap i BRICS