Attentatet mot Kennedy

0
Mektige krefter hadde sterke motiver for å drepe John F. Kennedy. De frigjorte dokumantene bringer oss lange skritt videre i retning av å finne ut hvem de var og hva som var motivene.

Trump har gjeve ordre om å frigje resten av dokumenthaugen i samband med attentatet i Dallas, og Jefferson Morley har byrja kikka litt på kva som er å finna.

Hans Olav Brendberg.

Forst nokre nøklar for folk som ikkje er inne i litteraturen om drapet. Den offisielle etterforskinga, om ein skal kalla ho det, skjedde i form av Warren-kommisjonens rapport. I følgje denne rapporten var det ein einsleg drapsmann – Lee Harvey Oswald.

Ser du nærmare på det som finst av prov, sprekk denne historia. Det finst ulike argumentasjonsrekker – alt frå tekniske prov som «den magiske kula», dei uregelmessige tilhøva kring obduksjonen av Kennedy og anna.

Men for å ikkje grava seg ned i dette ganske komplekse materialet: Den Lee Harvey Oswald vi no finn i tilgjengelege kjelder er ein annan mann enn han som Warrenkommisjonen framstiller. Lee Harvey Oswald var ingen einsam ulv – han hadde ei tilstrekkeleg sterk tilknytting til CIA til at dokument om kvar han budde og kva han gjorde landa på pulten til leiinga i CIA dei fire åra før skota i Dallas. Oswald var marinert i hysj-verda, og rundt han vart det spunne ei historie – ei historie som var tenkt brukt. Kor mykje Oswald sjølv visste om den rolla han var tiltenkt er ein annan diskusjon.

Lee Harvey Oswald er med andre ord eit prov på at det finst ein konspirasjon her.

Den som går ned i detaljane, vil sjå at det som truleg var planen var at Oswald skulle bli drepen i samband med arrestasjonen i Dallas. Der svikta plan A – og dermed kjem konspirasjonen bak drapet fram i dagen. For ein lokal mafiaboss, Jack Ruby, fekk difor ordre om å eliminera Oswald.

Det gjorde han på direktesendt TV. I motsetnad til det inntrykket Warrenkommisjonen freista skapa, er ikkje Ruby veldig mystisk. Han er ein del av den organiserte kriminaliteten i USA – ein lokal mafioso med bakgrunn i den mektige mafiaen i Chicago.

Eitt av dokumenta som no er offentleggjort er eit notat frå Arthur M. Schlesinger jr. som kastar tydeleg lys over dei sterke motsetningane som hadde utvikla seg mellom Kennedyregjeringa og CIA.

Og så har det kome eit knippe dokument som tydeleggjer rolla til James Jesus Angleton.

Angleton var frå slutten av femtitalet og inn på syttitalet sjef for kontraspionasjen i CIA. Men Angleton var samstundes offiseren i CIA som hadde ansvar for kontakt med israelske tenester. Og det var truleg israelske tenester som på femtitalet gav Angleton tilgang til viktige dokument som gav Angleton status i CIA:

Det finst to minnesmerke for Angleton i Jerusalem, reist av israelske styresmakter.

I tillegg til konflikten mellom CIA og Kennedy, fanst det tidleg på sekstitalet ein tilspissa konflikt mellom Kennedy og Israel – og Kennedy og lobbyen. Kennedy dreiv eit kraftig press mot Israel for å stogga at landet vart ei atommakt. Samstundes dreiv J. William Fulbright, sjølvsagt på oppdrag frå Kennedy, ein serie høyringar i Senatet som skulle redusera den innverknaden utanlandske lobbyar, med israellobbyen i spissen, hadde på Capitol Hill.

Israel hadde sterke motiv til å få slutt på dette.

I tillegg hadde Israel eit apparat i USA – både når det galdt å smugla atomteknologi og fissilt materiale til Israel, og på førtitalet eit apparat for å smugla våpen til Israel då staten var under oppretting. Dette apparatet var delvis den same mafiaen som Jack Ruby kom frå.

Legg vi desse bitane med informasjon saman, byrjar vi sjå konturane av kva slags konspirasjon som stod bak skota i Dallas.

Utmerka intervju med Morley her:

New JFK Files: ‘Don’t Look for a Smoking Gun. Look for a Fact Pattern’

From the New JFK Files, the Untold Story of Angleton and Oswald

JFK Records Release Brings ‘Lone Gunman’ Theorists Out of the Woodwork

Forrige artikkelKrigsdagbok del 176 – 12. og 13. mars 2025
Neste artikkelNesten nye vindturbiner kollapser og forsøpler fjellene våre