Slovakia forbyr Covid-vaksiner

0
Komissær Peter Kotlár legger fram covid-rapporten i Slovakia.

Slovakia går inn for å forby farlege Covid-vaksinar og kallar pandemien ein «fabrikkert operasjon».

Av Frank Bergman, Slaynews.

Funna vart avdekka i ein rapport frå ein regjeringsutnemnd granskingskommisjon som undersøkte korleis Slovakia takla Covid-pandemien.

Granskinga vart leidd av kommissær Peter Kotlár.

I samband med offentleggjeringa av rapport-funna heldt Kotlár ein pressekonferanse der han kravde eit umiddelbart forbod mot Covid-mRNA-injeksjonane og oppfordra regjeringar over heile verda til å gjere det same.

På grunn av alvorsgraden til funna som er skildra i rapporten, har Kotlár tilrådd at regjeringa kallar inn til ein krise-sesjon for å straks forby «vaksinane» og kutte landets band til Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Sjølve rapporten har enno ikkje blitt offentleggjort, men Kotlár lova at den vil bli sleppt etter regjeringssesjonen.

Han avslørte likevel at rapporten inneheld bevis for at Covid vart kunstig skapt i eit biolaboratorium og med vilje spreidd over heile verda.

https://twitter.com/MakisMD/status/1847550463085842782/video/2

«Den alvorlegaste konsekvensen av heile denne fabrikkerte operasjonen kalla COVID-19-pandemien, er at den har sett folkehelsa i fare og vist korleis folk naivt og umedvite føyer seg», sa Kotlár.

«La oss i det minste i fellesskap gjere det rette og stoppe administreringa av mRNA-preparat inntil det er bevist at dei fungerer og er trygge», var kravet Kotlar stilte då han presenterte rapporten.

Det alvorlegaste funnet er at mRNA-preparata endrar menneskeleg DNA, seier han. Derfor er vaksinane farlege.

Under pressekonferansen nemnde Kotlár spesielt Microsoft-medgrunnleggar Bill Gates. Regjeringas etterforskarar hadde funne ut at Bill & Melinda Gates Foundation finansierte den fabrikkerte operasjonen.

Dersom Donald Trump igjen blir vald til president, vil han kanskje sette inn dr. Fleming til sjef for USAs helse- og sosialdepartement (HHS). Både Fleming og Kotlár har ofte referert til Trump, og meiner at den 45. presidenten deler deira syn på å få stilt dei som stod bak pandemien til ansvars.

Fleming sa han håpar funna i Slovakia setter i gang liknande granskingar i USA: «Eg håpar at materialet deira vil gi klarheit, slik at de vil finne motet til å be om ei gransking av amerikanarane som via USAs regjering hadde ansvaret for å utvikle desse biovåpena. … at de vil trekke tilbake desse eugenetiske, genetiske vaksinane frå det slovakiske folket … stoppe skaden på og uretten mot slovakarane, særleg barna … og stå fast på avgjerda dykkar om å ikkje signere [WHOs] IHR 2024 og framleis avvise alle tiltak frå FN som kan gi dei makt over landet dykkar».

Kommisjonen sine funn har sendt sjokkbølger gjennom den slovakiske regjeringa. Helseminister Zuzana Dolinkova gjekk av kort tid ette Kotlár sitt bombenedslag av ein pressekonferanse. Ho hadde då sete i stillinga berre i elleve månadar. Dolinkova sa ho trekte seg på grunn av usemje om budsjettet, som varslar djupe kutt i helsesektoren. Men den brå avgangen kom mistenkeleg raskt etter Kotlár si kunngjering om regjeringskommisjonsrapporten.

Slovakias statsminister Robert Fico har erklært at han er imot mRNA-vaksinar. Som eit første steg vil Slovakia ende sitt samarbeid med WHO om pandemien og mRNA-vaksinekampanjane.


Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Originalen finnes her:

Slovakia Moves to Ban ‘Dangerous’ COVID ‘Vaccines,’ Declares Pandemic a ‘Fabricated Operation’

Les:

Biden-Harris Admin Licenses ‘DNA Vaccines’ in the U.S Food Supply

Forrige artikkelVåre revolusjoner er for overlevelse og utvikling av menneskelig sivilisasjon
Neste artikkelKrasjet kommer – hva må gjøres?
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.