Om Scott Ritter, Ukraina og Israel og samtalen min med en iransk professor.
Eg var med i New York-radioprogrammet til Randy Credico 9. august saman men Matt Hoh, Ray McGovern og Scott Ritter. Scott gav oss heile historia om kva som hadde skjedd. Det sjokkerte meg å få vite at FBI dukka opp med kopiar av e-postane og tekstmeldingane hans. FBI har spionert på Scott i mange år. Scott er uskuldig i skuldingane om at han er ein utlandsk agent, men sanning og fakta betyr ingenting for dette politiserte FBI.
Eg trur Scott gjorde ein stor feil då han gjekk med på å snakke med FBI. Scott gjorde det fordi han veit at han ikkje har gjort noko gale, men eg minna han på det FBI gjorde mot general Mike Flynn og mot Donald Trump. Dei laug og i FISA-skjemaa for å spionere på andre i Trump-nettverket, og dei prøvde å skjule datamaskina til Hunter Biden. Og så er det Seth Rich-saka. FBI svarer ikkje på krava om å legge fram det omfangsrike materialet dei har i Rich-saka. Då advokat Ty Clevenger først bad om materialet, nekta FBI for at dei hadde noko. Seinare innrømte dei at dei hadde tusentals dokument og skifta taktikk: dei påstod dei ville trenge 80 år (eg hugsar ikkje det nøyaktige talet, men det var absurd) til å klargjere det for offentleggjering og degradere hemmelegstempla dokument.
Korfor skulle FBI i det heile tatt ha ei etterforskingsmappe på Seth Rich, viss den offisielle vrsjonen om dødsfallet hans er sann – altså at han vart drepen i eit slurvete utført ran. Mest talande er det faktum at nokre av desse filene ligg hos FBIs kontraetterretningsseksjon – dei handsamar utlandske spionar.
Kort sagt: viss FBI nokon gong kjem til deg og ber om å få stille nokre «venlege» spørsmål, bør du nekte å seie eit ord, bortsett frå «Eg vil gjerne samarbeide så snart advokaten min er til stades». Å be om advokat er ikkje ei innrømming av skuld; det er nødvendig når du står overfor ei korrupt rettshandhevingsgruppe som har bestemt seg for å te seg som politiske bøller.
Nima og eg diskuterte Scott, Kursk-offensiven og Israel.
I går intervjua eg professor Seyed Mohammad Marandi, ein svært kunnskapsrik mann som, etter mi meining, er ei av dei mest effektive og overbevisande røystene på internett i saker som handlar om Iran. Eg vart overraska over å få vite at professor Marandi er amerikansk statsborgar, fødd i USA. Foreldra hans flykta frå Iran under regimet til shahen av Iran og slo seg ned i Ohio. Faren til Seyed er lege, og dei fann midlertidig tilflukt i USA. Men etter den iranske revolusjonen i 1979, pakka familien tinga sine og returnerte til heimlandet. Seyed var 12.
Det overraska meg og å høyre at Seyed også er ein krigsveteran. Han gjekk inn i den iranske hæren då han var 16 og kjempa mot den irakiske hæren. Han vart skadd tre gongar – éi skotskade og to skader frå kjemiske våpen. Likevel er professor Marandi i dag ein venleg, tankefull, velartikulert lærd. Han er ein farleg mann fordi han driv bort den Vestlege propagandaen om at iranarar som støttar den noverande regjeringa er galne, religiøse fanatikarar. Eg håpar eg vil møte han ansikt til ansikt og nyte ein deilig kopp kaffi eller te.
Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.
Forsidebilde er KI-generert