Rolf Galgerud og Gro Finne har skrive artiklar med tema Kina og sosialisme. Begge har tydelegvis ei fortid i den norske ml-rørsla, noko som óg pregar deira argumentasjon. Artiklane gjev god innsikt i kva norske sosialistar meiner og har meint om Kina, men den som leitar etter handfast informasjon i desse artiklane som underbyggjer at Kina er kapitalistisk eller sosialistisk, vert skuffa.
Av Erik Klepsvik.
Mitt utgangspunkt er ikkje marxistisk teori eller bakgrunn i eit marxistisk parti, men snarare det eg har sett og opplevd i Kina, fyrst som språkstudent i Beijing frå 1979, deretter i praktisk arbeid med industribyggjing både i nordvest-Kina, sør-Kina og aust-Kina; eg har budd over tjue år i Kina over ein førtiårsperiode.
I 1979 reiste eg som student til Kina, utrusta med eit stipend på kr 9000. Det tilsvarte fem gonger ein kinesisk lærars årsløn på den tida. Rundt 1980 tente ein nyutdanna lærar i Beijing om lag kr 1500 i årsløn, tilsvarande i Noreg var om lag kr 80.000. Rundt 1995 tente ein industriarbeidar i Hangzhou (der eg var tilsett i ei halvstatleg industriverksemd) om lag kr 13.000 i årsløn, medan ei tilsvarande norsk industriløn var om lag kr 225.000.
I løpet av dei siste førti år har det ikkje bare vore årleg lønsauke for dei fleste yrkesgrupper, men Kina har også utvikla eit nær universelt helse- og pensjonssystem, langt frå perfekt, og med store skilnadar, men ingen store utviklingsland har makta noko liknande, og på so kort tid.
Systematisk og målretta utrydding av absolutt fattigdom, og no etter kvart reduksjon av relativ fattigdom, har alltid vore høgt prioritert av leiarar på alle nivå i Kina.
Ville ei slik massiv heving av levestandarden for det breie lag av folket vore mogleg dersom Kina frå om lag 1980 år utvikla ein statskapitalisme. Etter mitt syn er svaret enkelt: Nei!
Medan Kinas politikk før 1980 til dels var prega av ideologi og urealistiske målsetjingar, noko som også gjorde seg utslag i uforståelege analyser av verdssituasjonen (som at Sovjetunionen var i ferd med å starta ein tredje verdskrig), har politikken etter 1980 vore pragmatisk, praktisk og mykje meir instrumentell, med vekt på målbare tiltak, men hovudtema har alltid vore heving av levestandarden for folk flest.
Problemet med både Galgerud og Finnes artiklar om Kina og sosialismen er at dei synest å ha lite interesse og lite kunnskap om den faktiske utviklinga i Kina med omsyn til levekår, lønningar, pensjon, helse, utdanning, arbeid; bortsett frå nokre enkle merkelappar («statskapitalisme», «korporativ stat», osv.). Galgerud får ikkje kartet til å stemma med terrenget, men har han nokon gong orientert seg i terrenget i motsetnad til på kartet?
Både Galgerud og Finne er sers interesserte i kva norske kvinner og menn på venstresida har meint om Kina dei siste tiåra. Det kan nok vera interessant for norske historikarar, men er neppe relevant for ein så kompleks debatt der tema er korvidt Kina er sosialistisk.
Skal ein meina noko substansielt om eit stort og mangfaldig samfunn som det kinesiske, bør ein ha både teoretisk og praktisk kunnskap om samfunnet, ein bør ha reist rundt og observert, vitja skular, barnehagar, sjukehus, fabrikkar og arbeidsplassar, reist med buss og t-bane, snakka med folk i ulike regionar og frå mange samfunnslag. For meir dogmatisk orienterte sosialistar vil nok jamføring med sosialistisk teori også vera nyttig, men kunnskap om Kinas lange og rike historie, kultur, filosofi og religion vil kan hende vera ei vel så god teoretisk rettesnor som marxistisk teori.
Både Galgerud og Finnes sine innlegg føyer seg inn i eit norsk mønster: Venstresida i Noreg trivs best med sosialisme som teori, og har berøringsangst overfor sosialistisk praksis; mest tydeleg er dette overfor Kina; eit favorittema blant norske sosialistar er å melda at Kina no er blitt kapitalistisk. Problemet er bare at 1,4 milliardar kinesarar, og truleg meir enn eitt hundre land, meiner at Kina er sosialistisk.
På same vis som det er mange slags kapitalisme – frå utbyttingskapitalisme til velferdskapitalisme, kan ein også tenkja seg variantar eller stadier av sosialismen, tilpassa tid, stad, kultur og utviklingsnivå. Difor finn me både kinesiske marknadssosialistar og norske NATO-sosialistar.
«Sosialisme med kinesisk særpreg» kallar Kina sitt system, eit eksperimenterande system som er fundert på verdiar som er i harmoni med kinesisk kultur og tradisjon, men også tufta på sosialistiske prinsipp.
Her er nokre viktige kjenneteikn:
- viktige produksjonsmiddel og i praksis alt land er offentleg eigd; privat kapital er underlagt politisk styring
- systemets hovudoppgåve er å betra levekåra for det breie lag av folket både med omsyn til helse, utdanning, materiell levestandard, kultur og deltaking i arbeidsliv og politikk
- systemets teori er marxisme, og verdigrunnlaget er kollektivisme
- Kinas utanrikspolitikk er anti-imperialistisk, og arbeider for meir demokrati i internasjonale organisasjonar
- landets utvikling og system er til inspirasjon for mange land i den tredje verda
- under sosialismen er det også konflikt mellom ulike interesser og klassar, og verken produksjon, fordeling eller demokrati er utvikla til fulle
- sosialistar i eit stort og komplekst samfunn som Kina legg vekt på kompetent og til dels sentral styring, medan sosialistar i Noreg truleg legg større vekt på maktfordeling
Det kinesiske folket såg i tillegg ei anna oppgåve for sin sosialisme – å atterreisa den kinesiske sivilisasjonen etter over hundre års audmjuking frå vestleg imperialisme.
Viss Kina er kapitalistisk…
Viss Kina er kapitalistisk må all utvikling landet har oppnådd – 850 millionar ut av fattigdom, dramatisk auke i materiell levestandard, helse og utdanning – takast til inntekt for kapitalismen, og konsekvensen blir at ikkje noko kjent system er meir effektivt for å betra fattige lands kår enn kapitalisme.
Og om ein hevdar at Kina var sosialistisk, men ikkje er det lenger, lyt ein forklåra når dette skiftet fann stad.
Til sist: Om ein meiner Kina ikkje er sosialistisk, korleis skal ein då forklåra at landet er utpeikt som systemisk hovudfiende i det kapitalistiske Vesten?
___________________________________________________________________________________
Erik Klepsvik, Stavanger
Se tidligere artikler: