Den største svindelen

0
Ikke så veldig, veldig miljøvennlige. Foto: Motvind Norge
Av Svein Lund.

Mange regjeringsmedlemmar og andre viktige personar i norsk politikk har fått gjennomgå for forskjellige variantar av uetisk oppførsel. Nokre har bidratt til innsidehandel med aksjar, nokre har fuska på eksamen, nokre har juksa med pendlarbustadar, nokre har stole solbriller og nokre har oppført seg uhøvelig overfor personar av motsett kjønn. 

Det er bra om dei blir avslørte og må gå frå posisjonar dei aldri skulle hatt. Likevel kjem desse svindlane i skuggen av andre politikarar som har svindla heile det norske folk gjennom å stå fram som miljøvernarar, men samtidig gått god for store miljøøydeleggingar.

Det starta for alvor med Noregs og verdas første miljøvernminister, Olav Gjærevoll. Han brukte sin posisjon som professor i botanikk til å benekte dei store botaniske verdiane langs Guovdageaidnu-Alta-vassdraget, slik at dette kunne byggast ut, trass i at andre botanikarar omtalte det som «landets rikeste lokalitet overhodet når det gjelder konsentrasjon av sjeldne planter».

Blant dei fremste i å tvinge gjennom Alta-utbygginga var miljøvernminister/statsminister Gro Harlem Bruntland, som seinare gjorde internasjonal karriere som leiar for FN sin verdskommisjon for miljø og utvikling, og blei hylla som «mor til tanken om bærekraftig utvikling». Dersom dei to mest kjente miljøvernministrane hadde ønska å berge eit av landets mest verneverdige vassdrag mot utbygging, kunne dei trulig ha gjort det. Men dei gjorde det ikkje.

Da Ap kom i regjering i 2021, ville Støre ha Klima- og miljødepartementet under full kontroll, det skulle ikkje vere til hinder for gjennomføring av naturinngrep. Han sette derfor inn ein karrierepolitikar som aldri hadde vist noko interesse eller engasjement for klima- og miljøspørsmål. Ministeren si oppgåve blei å sitte stille i båten og seie ingenting, når Næringsdepartementet og Energidepartementet sa ja til den eine naturraseringa etter den andre, og samtidig reise på internasjonale konferansar og marknadsføre Noreg som føregangsland i miljøvern.

Da klimaministeren fikk opprykk for å erstatte utanriksministaren som måtte skiftast ut på grunn av innsidehandel, fikk Klima- og miljødepartementet ein mann dei færraste hadde hørt om, som aldri hadde tatt til orde for å ta vare på verken klima eller miljø. Altså var han ideell for denne jobben.

Andreas Bjelland Eriksen kjem inn i ei tid da Noreg tvert mot alle internasjonale råd og avtalar gir stadig nye leite- og utbyggingsløyver for oljeutvinning. Ikkje eit knyst frå ministeren for klima. I ei tid da vi står oppe i ei vindkraftutbygging som blir den største naturraseringa i Noregs historie. Ingen motførestilling frå ministeren for natur og miljø. Han kjem inn i ei tid da vindturbinane på Fosen er dømt ulovlige, mens dei som protesterer mot ulovligheitane blir bøtelagde. I ei tid da Noreg som første land i verda opnar for gruvedrift på havbotn, til protestar ikkje bare frå miljørørsla, men frå sjølvaste EU og ein tidligare miljøminister frå Høgre. Men ikkje frå den fremste ansvarlige for norsk miljøpolitikk.

Likevel kan vi i eit utal medier over heile landet no lese eit innlegg signert av klima- og miljøministeren: «La oss ta vare på naturen vår – sammen». «Vi bygger ned naturen i et skremmende tempo», skriv han. Kven er «vi»? Det er jo hans eiga regjering.

I Finnmark møter vi ei regjering som skal elektrifisere Melkøya med å rasere reinbeita og naturområda våre med vindkraft og kraftlinjer, som deler ut vidda til utanlandske gruveselskap, som lar oppdrettsmilliardærane øydelegge fiskefjordane. Det ser ikkje mye betre ut i resten av landet.  Det skal byggast vindkraftanlegg i alle fylke unntatt Oslo. Skogar skal hoggast og myrer drenerast for datasenter. Fjordar, vassdrag og skogar fyllast med gruveavfall. Turistanlegg spiser opp fjellsidene. Skjær og holmar sprengast for oppdrettsanlegg og hydrogenfabrikkar blir planlagt på anna kvart nes etter kysten. Utan at ministeren har gjort noko for å stoppe denne utviklinga som hans eiga regjering ønsker. Likevel gir han i dette innlegget inntrykk av at denne regjeringa arbeider for å ta vare på naturen og for «arealnøytralitet», altså at inngrep i naturområde skal erstattast ved at andre område førast tilbake til naturen. 

Dette er ein svindel som set alle småsvindlarane sine eksamensjuks, aksjehandlar og solbriller totalt i skuggen.

Forrige artikkelUka som gikk: Uke 7, 2024
Neste artikkelPressens og myndighetenes holdning til overdødeligheten