Media innrømmer (omsider) at nedstenging er verre enn «covid» … men kvifor?

0
Lonely depressed senior widow woman with protective mask crying on couch isolated at home, sad and worried missing husband and family in COVID-19 death, lockdown, social distancing and Mental health.

Av Kit Knightly, Off-Guardian. Omsett av saksyndig.

Dei siste tala frå det britiske Kontor for nasjonalstatistikk [Office for National Statistics] (ONS) antydar at dei akkumulerte effektane av nedstenging kan skade fleire menneske enn «covid» nokosinne gjorde, eller det er iallfall det pressa seier.

Vekedataa frå ONS viser tydelegvis meir enn 10.000 fleire rapporterte dødsfall enn forventa.

Sidan ingen av desse overtalsdødsfalla har blitt «knytt til covid», kallar pressa dei for den «sanne kostnaden til nedstenging», der somme artiklar føreslår at nedstenging «drep fleire enn covid».

Til slikt er den einaste passande responsen: «Nei, seier du det??».

Sjølv for dei som heng fast ved ortodoksien om at «covid» faktisk eksisterer, var det faktum at nedstenging kom til å forårsake meir skade enn den forhindra, openberr frå den augneblinken der tidlege dødelegheitsstudiar viste at «covid» hadde ein overlevingsrate på 99,5%, tilbake til våren 2020.

Mange ekspertar innan økonomi, statistikk, epidemiologi og virologi kom med den meininga, og vart gjort om til skurkar og mishandla for bryderiet.

Og, verkeleg, alle med det minste snev av sunn fornuft kunne finne det ut sjølve. Å stengje ned helsetenestene og leggje økonomien i grus kjem aldri til å ende godt (med mindre du ønskjer å drepe folk – då er det ein super plan).

Sjølv dr. David Nabarro, Verdas helseorganisasjon si spesialutsending for Covid-19, skildra nedstenging som ein «global katastrofe» i oktober 2020:

«Vi i Verdas helseorganisasjon kjempar ikkje for nedstengingar som den primære metoden for å kontrollere viruset […] det ser ut som om vi kan få ei fordobling av verdsfattigdom innan neste år [2021]. Vi kan vel få minst ei fordobling av underernæring hjå barn […] Dette er ein frykteleg, gyseleg global katastrofe.»

So spørsmålet er ikkje «er nedstenging verre enn covid?». Svaret på det er «ja», og vi har visst det i over to år.

Det ekte spørsmålet er: kvifor innrømmer dei det omsider?

Det er ikkje berre denne vekas overtalsdødsfall heller. Andre stader er media bekymra over nedstengingane sin effekt på mental helse, forseinkingar i kreftbehandling, «nedstengingsdrikkinga», effekten på barn som går glipp av skulen, sjølvskading hjå tenåringar og so vidare og so vidare.

Professor Karol Sikora – ein av dei skurke-gjorde ekspertane eg nemnde tidlegare – har til og med fått lov til å skrive 2000 ord i The Telegraph om «kva var det eg sa?».

Kvifor?

Kanskje svaret til det ikkje ligg i det dei snakkar om, men i det dei mest markant ikkje snakkar om.

Overtalsdødsfalla er definitivt og med intensjon skulda på nedstengingar, ikkje dei eksperimentelle «vaksinane».

No, var dødsfalla verkeleg forårsaka av nedstengingane? Eller av «vaksinane»? Eller ein kombinasjon av begge? Vi veit ikkje, og vi vil sannsynlegvis heller aldri få vit på det.

På dette punktet burde vår kollektive tillit til institusjonar og offentlege figurar vere liten nok til å spørje om der faktisk var nokon overtalsdødsdall. Kanskje dei berre dikta dei opp. Dei gjer jo det.

Same kva sanninga er, skiftar forteljinga visseleg over til å leggje vekt på «den sanne kostnaden til nedstengingar».

Dette kan handle om å skjule skaden gjort av utesta vaksinar, og å innrømme dei potensielt øydeleggjande effektane av nedstengingar for å redde Pfizer frå audmjuking.

Ein har investert mykje meir i vaksinane enn i nedstenginga – i kvar tyding av ordet – og dersom noko må få skulda, gjev det meining at dei heller vil skulde på nedstengingane enn på sprøytene.

Det er ei sømeleg forklaring, men eg ville ikkje bli overraska om det ligg meir bak.

Denne forteljinga kan handle om å førebu folket på den neste «covid»-bølgja eller ein eller annan ny «pandemi».

Ta til ettertanke kor raskt «den sanne kostnaden til nedstenging»-historia kan bli gjort om til ein ny hovudstraumskonsensus om at «Nedstengingar var so skadelege at vi må gjere kva som helst for å unngå ei til

Ta so til ettertanke korleis «kva som helst» kan manifestere seg som karanteneleirar for uvaksinerte, vaksinepåbod, testtvang og overvaking… eller kva faen dei vil meir.


Originalens tittel: The media are (finally) admitting lockdown is worse than “Covid”…but why?

Forrige artikkelKjetil Lund, NVE forteller eventyr
Neste artikkelForskning: Lockdown 20 ganger mer dødelig enn Covid
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.