Onkel Sams nazi-krigarar

0
Azov-brigaden bruker den nazistiske Wolfsangel-runen som sitt symbol. Her deres leder Andreij Parubij, som har foreslått en lov mot "raseblanding" i Ukrainas parlament. Kilde: Azov / Twitter

Langsiktig strategi: Først tar vi Russland og så tar vi Kina

Av Mike Whitney.

«Eg har snakka med mine kollegaar i Vesten om de-nazifiseringa. Dei seier: ’Kva er problemet? De har òg radikale nasjonalistar, har de ikkje?’ Jau, det har vi, men vi har dei ikkje i regjeringa vår, slik Ukraina har. Og vi har ikkje tusentals menneske som marsjerer i gatene med faklar og hakekors, som i nazi-Tyskland på 1930-talet. Og vi hyllar ikkje mennene som drap russarar, jødar og polakkar under krigen. Men i Ukraina gjer dei det.» Vladimir Putin, Russlands president

USA har væpna og trent høgre-ekstreme militsfolk som er etterkomarar av nazi-krigsforbrytarar som var direkte involverte i masseutryddinga av jødar, slavarar og sigøynarar under Andre verdskrig. Desse ukrainske stormtroppane er blant dei mest vondskapsfulle og skadelege krigarane Washington nokon gong har sysselsett til å implementere sin utanrikspolitiske agenda.

Naturlegvis ser Washington på desse fascist-fanatikarane berre som småbrikker i proxy-krigen sin mot Russland. Likevel svekkar ikkje denne ’bekveme alliansen’ det faktum at Onkel Sam no deler seng med høgre-ekstrem milits som har Adolf Hitler som sitt spirituelle førebilete, ein mann som var ansvarleg for titals millionar menneske sin død og øydelegginga av store delar av Europa og Russland. Sjekk ut dette klippet frå ein artikkel med tittelen ’Can Ukraine have a ‘Nazi problem’ with a Jewish president?’:

«Ukraina har verkeleg eit problem med høgreekstremisme, og det er ikkje Kreml-propaganda-fiksjon. Og det er på høg tid vi snakkar om det,» forklarer journalist og ekspert på ukrainsk høgre-ekstremisme, Michael Colborne.

Den mest kjende ny-nazistgruppa på Ukrainas ytre høgrefløy, er Azov-rørsla. Rørsla oppstod frå Azov-regimentet (opprinneleg ein bataljon), danna i krigskaoset tidleg i 2014.

Den vart danna av ei «lurvete gruppe høgre-ekstreme kjeltringar, fotball- hooligans og internasjonale tilhengarar, inkludert fleire dusin russiske statsborgarar,» seier Colborne.

Medan Russlands president Vladimir Putin går inn for å fjerne Ukraina sine nazistar frå makta, er det usikkert korleis han vil gjere det. Sjølverklærte fascistar held no autoritetsposisjonar i militæret, regjeringa og sikkerheitstenestene. Dei har også vore drivkrafta bak den 8 år lange kringsettinga av Donbas-regionen i aust-Ukraina, som hovudsakleg er folkesett av etniske russarar. Militsen sitt hat mot sine slaviske brør tyder på at Hitlers raseteoriar no brutalt blir tatt i bruk i det 21. hundreårs Europa. Her er eit utdrag frå ein artikkel på bloggen The Saker:

«Sidan det vestleg-støtta kuppet i Kiev i 2014, har politiske organisasjonar assosierte med nynazistar infiltrert ukrainsk topp-politikk, og den ukrainske regjeringa sende troppar for å prøve å knuse opprøret i Donbas med makt.

Under Ukraina si krigføring mot utbrytar-styrkane i Folkerepublikkane Donetsk og Lugansk, vart dei ny-nazistiske gruppene i Ukraina berykta for sin krigerske retorikk mot folkesetnaden aust i landet, og for ivrig deltaking i borgarkrigen… 

[Azov-bataljonens] førstekommandant var høgre-nasjonalisten Andriy Biletsky, som leidde den paramilitære, nasjonalsosialistiske gruppa «Ukraina-patriot» og var grunnleggaren av ei nynazistisk gruppe, Sosial-Nasjonal Samling, i 2008. I 2010 skal den tidlegare parlamentarikaren Biletsky ha sagt at Ukraina var meint å «føre dei kvite rasane i verda i eit siste korstog … mot semitt-leidde Untermenschen», kunne Vest-pressa unisont rapportere om.» (Ukrainian bad guys and a fair Russian response“, Batko Milacic for the Saker)

Fakkelmarsj for nazi-kollaboratøren Stepan Bandera 1. januar 2021. Dagen er offisiell minnedag for Bandera i Ukraina. Shutterstock

Lesaren bør ta eit minutt og smake på dobbeltheita til Washington i denne saka, for medan Biden-administrasjonen og heile flokken avmainstream-media avfeia 6. januar-protestdeltakarane som «rasistar» og «herredøme-for-dei-kvite-typar», så var USAs regjering ivrig opptatte med å væpne og trene «kvit-korsfarar-nazistar» til å føre krigen deira mot Russland. Kva handlar det om? Om det fanst ein pris å vinne for hykleri, så ville Onkel Sam utan tvil ha vore storfavoritt. Her er meir frå same stykke:

«Azov deltok i fiendtlege angrep på Donbas og vart tatt opp i Ukrainas Nasjonalgarde i november 2014, sjølv om medlemmane heldt fram med å bruke nynazistiske og SS-liknande symbol og regalia og ope uttrykte nynazistiske synspunkt. Logoen deira er eit ekko av Wolfsangel, eit av dei opprinnelege symbola brukt av 2. SS Panzer Division Das Reich. Men representatntar for Azov-bataljonen har hevda at symbolet deira er ei kortform av slagordet «Nasjonal idé» på ukrainsk.

Ukrainske styresmakter brydde seg ikkje med å skjule det faktum at Azov i 2014 bestod av nazi-sympatiserande frivillige frå land som Sverige, Italia, Frankrike, Kviterussland Canada og Slovenia.

Trass i at dei skreiv under på Minsk-avtalen i 2015, som skulle ende borgarkrigen ved å reintegrere Donbas inn i Ukraina i byte mot ein grunnlovsfesta garanti for sjølvstyre, så nekta Kiev å implementere fredsavtalen. Azov-medlemmar tok aktivt del i fiendskapen i Donbas.

I 2016 skulda FNs høgkommissær for menneskerettar Azov-bataljonen, offisielt oppgradert til eit regiment i januar 2015, for å ha utført krigsbrotsverk som masseplyndring, fengsling utan lov og dom og tortur. No er Azovs «Spesialoperasjon-detasjement» engasjert i den ukrainske hærens kontra-rekognosering og spesialvåpenoperasjonar.

Den russiske granskingskomiteen har opna straffesak mot fleire av Azov-krigarane for brotsverk som kidnapping, tortur, bruk av forbodne middel og metodar for krigføring. (Ukrainian bad guys and a fair Russian response”, Batko Milacic for the Saker)

Flagget

Igjen, dette er ikkje nokon ordinær høgrevingsmilits. Dette er fullutvikla, kampherda nazi-stormtroppar som har vore involverte i allslags illegale og sadistiske aktivitetar, inkludert «massedrap på fangar, skjuling av lik i massegraver og systematisk bruk av teknikkar for fysisk og psykologisk tortur». Og medan dei får raus støtte frå USA, opponerer dei mot alt USA seier dei står for. Dei er heilt imot liberalt demokrati, parlamentarisme og rasemessig likeverd. I staden forsvarer dei sosial disiplinering, autokratisk styre og glorifisering av staten. Rase er ei kjernesak i nazi-doktrinen (noko som kan forklare desse fascistgruppene sitt nag til dei etniske russarane i aust). Nokre sitat frå Hitler sitt manifest Mein Kampf illustrerer dette poenget:

«Ein sterkare rase vil drive ut dei svakare, for det vitale behovet i si ultimate form, vil bryte ned dei absurde barrierane til den såkalla humaniteten til individ, for å bane veg for humaniteten til naturen som øydelegg dei svake for å gi deira plass til dei sterke

«Blodsynd og raseskjending er originalsynda til denne verda og slutten på ei menneskeslekt som gir etter for det.» (“Adolf Hitler, Quotes on Race”, quotetab)

Sitata over tilbyr eit vindauge inn til den ideologien som vart brukt til å rettferdiggjere ein verdskrig mot «mindreverdige folk» som vart sett på som folk som kunne ofrast, i auga til deira ariske overherrar. Korfor – kan du spørje – støttar USA tilhengarane av dette fiendtlege dogmet i Ukraina i dag?

Det kan vi ikkje svare på, men her er litt meir bakgrunnsstoff frå ein artikkel av Monseigneur Carlo Maria Vigano:

«Nynazistiske rørsler som driv med militære og paramilitære aksjonar opererer fritt i Ukraina, ofte med offisiell støtte frå offentlege institusjonar. Desse inkluderer dei følgande: Stepan Bandera sin Organisasjon for ukrainske nasjonalistar (OUN), ei rørsle med eit nazistisk, anti-semittisk og rasistisk underlag som allereie er aktiv i Tsjetsjenia og som er ein del av Høgre-sektor, ei samling av rørsler på ytre høgrefløy som blei danna omlag samtidig med Euro-Maidan-kuppet i 2013/14; Ukrainsk opprørsarmé (UPA); UNA/UNSO, paramilitær fløy av ytre høgre-partiet Ukraina Nasjonal Samling; Kortsjinsky-brorskapen, som tilbaud IS-medlemmar eksil i Kiev; Misantropisk Visjon (MD), eit nynazistisk nettverk med utbreiing over 19 land, som ope oppfordrar til terrorisme, ekstremisme og hat mot kristne, muslimar, jødar, kommunistar, homoseksuelle, amerikanarar og farga personar.

Ein bør hugse at regjeringa har gitt eksplisitt støtte til desse ekstremistiske organisasjonane, både ved å sende Presidentgarden til gravferder for representantane deira og ved å støtte Azov-bataljonen, ein paramilitær organisasjon som offisielt er ein del av den ukrainske arméen under det nye namnet Azov Spesialoperasjonsregiment og organisert under Nasjonalgarden… 

I mars 2015 kunngjorde Ukrainas innanriksminister Arsen Avakov at Azov-bataljonen skulle bli ein av dei første avdelingane som skulle trenast av troppar frå US Army, som ein del av militærøvinga Operation Fearless Guard … ’Vi har trent desse fyrane i åtte år no. Dei er verkeleg gode krigarar. Det er der Byråets program kan få seriøs innverknad.’» (’Declaration of Msgr. Carlo Maria Viganò on the Russia-Ukraine Crisismarcotosatti.com)

Amerikanske og canadiske militære i møte med nazimilitsen Azov. Fra Azovs nettside. (2018)

Vigano har rett. USA har har gitt ukrainske nazistar og andre grupper langt ute på høgresida kamptrening i hemmelege leirar sidan 2015. Desse ultranasjonalistiske militsane vil no levere vidare desse evnene til titusentals andre likesinna militante, og auke den globale utbreiinga av fascisme eksponensielt. Her er meir frå ein artikkel i Jacobin Magazine:

«Ikkje berre ukrainsk ytre høgre, men nyfascistiske styrkar frå heile verda, inkludert USA og Europa, vil no motta kamperfaring med dei mest avanserte våpen i verda. Dei vil også kunne fortsette å utvikle sine internasjonale nettverk, som ukrainsk ekstremhøgre og særleg Azov-bataljonen lenge har vore sentrale for…

… sidan 2015 har CIA i løynd trent styrkar i Ukraina som skulle tene som «opprørsleiarar», seier ein tidlegare etterretningsoffiser, i tilfelle Russland skulle ende opp med å invadere landet. Noverande etterretningsfolk hevdar treninga utelukkande er for etterretningsinnsamling, men tidlegare etterretningsfolk som Yahoo! Har snakka med, har sagt at programmet involverte øving med skytevåpen, “cover and move” og kamuflasje med meir.

Med tanke på CIAs historie, er det svært sannsynleg at dei trener reelle nazistar som ein del av dette prosjektet. Det året programmet starta, 2015, var også same år som Kongressen [i Washington] vedtok å løyve økonomisk og militær støtte verdt fleire hundre millionar dollar til Ukraina.» (The CIA May Be Breeding Nazi Terror in Ukraine, Branko Marcetic, Jacobin Magazine)

Men korfor har USA gjort seg så mykje bry med å væpne og trene desse krigarane når det ser ut til at den russiske arméen heilt sikkert vil vinne denne krigen?

Political Cartoon U.S. biden afghanistan withdrawal quagmire
Dette dreier seg også om å få Russland ut i en politisk hengemyr slik Afghanistan har vært for USA

Planen om å slå Russland var aldri meint å lykkast i startfasen av konflikten, men berre å legge grunnlaget for eit blodig og langstrekt opprør utkjempa av desse same CIA-trente paramilitære som no jobbar som Onkel Sams nazi-krigarar. Her er historia frå Yahoo News:

«CIA kontrollerer eit hemmeleg , intensivt treningsprogram i USA for ukrainske elite-spesialoperasjonsstyrkar og anna etterretningspersonell, i følge fem tidlegare etterretning- og nasjonal tryggleikstenestemenn som kjenner godt til initiativet. Programmet, som starta i 2015, har sin base på ein skjult fasilitet i sør-USA, i følge nokre av dei...

Treninga, som har inkludert «taktisk stoff», «kjem til å byrje sjå temmeleg offensiv ut dersom russarane invaderer Ukraina,» sa den tidlegare tenestemannen. Ein person som kjenner programmet godt, sa det meir rett fram: «USA trener eit opprør,» sa ein tidlegare CIA-tenestemann, og la til at programmet har lært ukrainarane korleis dei skal «drepe russarar».

Sjølv om byråets paramilitære ressursar elles har blitt tynnslitne i Afghanistan og andre kontraterrorisme-oppdrag, har det USA-baserte treningsprogrammet vore «høgprioritet» for CIA sidan Obama-æra-opprøra, sa den tidlegare senioretterretningstenestemannen. … Biden-administrasjonen skal ha samla i hop ein oppdragsstyrke til å bestemme korleis CIA og andre US-amerikanske byrå kan støtte ei ukrainsk opprørskheit dersom Russland skulle starte eit storskala-angrep.

«Viss russarane invaderer, vil dei [CIA-program-opplærte] bli dykkar milits, dykkar opprørsleiarar,» sa den tidlegare senioretterretningstenestemannen. «Vi har trent desse typane i åtte år no. Dei er verkeleg gode krigarar. Det er derfor byråets program kan få ein seriøs innverknad.»

Tenestemenn frå både USA og Ukraina trur at ukrainske styrkar ikkje vil klare å stå imot eit russisk storangrep, i følge tidlegare US-amerikanske tenestemenn. Men representantar frå begge landa trur og at Russland ikkje vil klare å halde fast ved nytt territorium for alltid, på grunn av hard motstand frå ukrainke opprørarar, i følge tidlegare tenestemenn.

Om russarane startar ein ny invasjon, vil der «vere folk som gjer livet deira miserabelt,» sa den tidlegare senioretterretningstenestemannen. Dei CIA-trente paramilitære «vil organisere motstanden» ved å bruke den spesialiserte treninga dei har fått.

«Alle dei greiene som skjedde med oss i Afghanistan…,» sa den tidlegare senioretterretningstenestemannen, «dei kan rekne med alt det og mykje meir med desse typane.» (CIA-trained Ukrainian paramilitaries may take central role if Russia invades, Yahoo News)

Lat oss oppsummere:

1) USA har drive med væpning og opptrening av ukrainske fascistiske krigarar på hemmelege lokasjonar. USA har bevæpnet og trent ukrainske fascistiske krigere på hemmelige steder.

2) Treningsprogrammet til CIA byrja i 2015. Det tyder på at der må ha vore ein plan for å provosere fram ein russisk invasjon. Ingenting overlatt til tilfeldigheitene; strategiske planleggarar må ha pønska ut kva slags provokasjonar dei skulle bruke. (som trusselen om NATO-medlemskap)

3) Offisielt trudde ikkje Washington at den ukrainske arméen kunne stå seg imot ein konflikt med den russiske arméen, noko som tyder på at mediehistoriene om «den modige ukrainske resistansen» er uvøren propaganda, designa for å hauste større folkeleg støtte.

4) Landet Ukraina og det ukrainske folket er fullstendig uinteressante for USA. Ukraina har verdi for USA eine og aleine som potensiell åstad (og manpowerfor Washingtons krig mot Russland.

5) Den klare strategien med CIA-programmet er å skape ei hengemyr av «afghansk type» for Russland som vil utarme ressursane deira, påføre massive skadar på omdømet deira og ta livet av så mange russiske soldatar som mogleg.

6) Det endelege målet med det CIA-genererte opprøret er å øydelegge den russiske økonomien, isolere det russiske leiarskapsskiktet og sende heim så mange russiske gutar i likposar som mogleg, for å skape eit regimeskifte som vil erstatte erkerivalen Putin men ei føyeleg nikkedokke av same type som marionetten Zelensky.

7Alt tyder på at det som skjer – inkludert lokkinga av russiske troppar inn i Ukraina – er ein del av ein gamal strategisk plan om å hindre at Russland og Europa blir økonomisk integrerte, for så å kunne kontrollere Kinas utvikling og halde på USA sitt overherredøme inn i neste hundreår. Så USA sin utanrikspolitikk no kan summerast opp med 10 ord:

«Først tar vi Russland, så blir det Kina sin tur».

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Originalens tittel: Uncle Sam’s Nazi Warriors.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.