Vinden har snudd

0

Av Terje Valen.

Det skjer no store og raske endringar i verda. Eit teikn på dette er at Russland har sett foten ned for vidare utviding av det som amerikanske strategar har kalla USA sitt strategiske, europeiske bruhovud for å kunne erobre heile det eurasiske kontinent, nemleg områda under NATO-EU.

Det er ikkje tilfeldig at dette kjem no. I dei siste åra har vi sett ei enorm styrkeendring vekk frå anglo-amerikansk verdsdominans. Vi har sett ei kraftig styrking av den alliansefrie rørsla att, med nytt høgdepunkt under konferansen for å feire 60-årsdagen for opprettinga i Beograd, der rørsla blei starta i si tid. I ei utsegn etter møtet av dei 105 statane som deltok blir det vist til at den alliansefrie rørsla no er sterkare enn nokon sinne, og det er særleg Kina si rolle i rørsla som har ført til dette. På møtet blei det understreka at dei kjempa for at dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens mellom statar og for at innhaldet i FNpakta må følgjast av alle. Og kritikken mot dei som tar seg til rette i andre statar var klar.

Dette har no blitt ført vidare i utsegna etter møtet mellom Putin og Xi Jinping i høve OL ved Beijing. Denne utsegna blir no studert av leiarane i alle statar og politiske og sosiale rørsler i heile verda. Alle bør lese ho. Kva går fram av denne utsegna? Ho varslar ei ny tid når det gjeld berekraftig utvikling i verda. Dei to statsleiarane gjer det klart at USA sin «Grand Strategy» for dominans på heile det eurasiske kontinent er eit lukka kapittel og at USA sin verdsdominans også er slutt. Det tyder at USA no må ta konsekvensane av det ved å gi opp dette som målet for utanrikspolitikken sin, og slutte med krigar, undergraving og villeiande og svartmalande propaganda for å skape opinion for undergraving og regimeendring. Og dei slår fast et det er eit lite mindretal av statar, med den angloamerikanske verda i sentrum, som står for denne politikken.

Med det understrekar dei den nye realiteten i verda. Dei slår fast at alliansen mellom England og deira avleggarar i USA, Canada, Australia og New Zealand, som vasallstatane i NATO og EU har følgt til no, er svært isolert i verda. Noko vi, som er marinert av amerikansk propaganda gjennom tiår, har litt vanskeleg for å forstå.

Putin og Xi Jinping veit at USA-NATO må stanse framrykkinga si i Europa, at Ukraina aldri kjem til å komme inn under USA sin dominans, sjølv om dei var med på å organisere eit kupp der i 2014, då dei innsette ein vasallpresident med valdeleg hjelp frå nazi-rørsla der. Og sjølv om dei raslar med sablane no og prøver å overtyde oss om at Russland vil gå til angrep. Noko som sjølvsagt ikkje står til truande. Og det veit eigentleg alle i dette spelet. Når forsvaret si etterretningsteneste og «Nasjonal sikkrehetsmyndighet» i Klassekampen i dag snakkar om «trusler i øst» så er det sjølvsagt truslar mot USA sitt verdsherrevelde dei snakkar om. Dei har enno ikkje forstått at tida no er inne også for vasallstatane under USA til å gjere opprør mot keisaren dersom vi skal kunne skape fred i Europa og verda.

Alle veit også at vasallstatane i Europa lid under USA sin dominans og eigentleg lengtar etter å sleppe ut or han. Dei har store økonomiske interesser av å auke sambandet med Russland og Kina. Dei veit også at Russland og Kina ikkje er fiendar og at det etter kvart går opp for alle at dette fiendebiletet blir skapt av USA for å halde vasallane i age og under sin kontroll.

Samstundes skjer det eit ras vekk frå USA sin dominans frå statar over store delar av verda. Alle har  sett at USA-dominans med hjelp frå organ som dei har tatt kontroll over, FN, Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken, NGOane har ført til stort elende for dei landa som har blitt utsett for det. Dessutan ser alle at det såkalla demokratiet som USA seier dei kjempar for, i landet sjølv er eit reint oligarki der politikarane er kjøpt og betalt av storfinansen. Dessutan ser dei at USA fell saman med aukande fattigdom, fiendtlege indre motseiingar og storming av sjølve Kongressen. USA er ikkje lenger noko å trakte etter.

Mot dette set Putin og Xi Jinping opp dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens  og det reelle innhaldet i FNpakta som alliansane rundt USA og England har brote i eitt sett og i ekstrem grad etter at NATO «fredsbomba» Jugoslavia i 1999. Denne bombinga føregjekk mot eit land som ikkje hadde angripe noko NATO-land. Det var derfor utanfor sjølve målet med NATO som ein forsvarsallianse og innleie epoken det NATO blei ein aggressiv makt mot statar utanfor alliansen sjølv. I 72 timar bomba USA-NATO bruer, marknadsplassar, fabrikkar, tv-anlegg, sjukehus og mykje anna med det tydelege målet å demoralisere folket der. Det var ei krenking av mest alle gjeldande avtalar og konvensjonar og til og med grunnloven i fleire NATO-land.

Det var den første store aggresjonen for å ta kontroll med heile Eurasia ifølgje USA sin «Grand Strategy» som vart utforma og nedskriven i Zbigniev Brzezinski si bok The Grand Cessboard – American Primacy and its Strategic Imperatives (Amerikansk dominans og dei naudsynte geostrategiske krav ut frå det)frå 1997 og nedfelt i amerikanske lovar frå 1999 og 2006. Ein politikk som Obama dessverre prøvde å følgje opp – med fryktelege resultat for dei som vart angripen. Då Trump ville nærme seg Russland vart han angripen med alle krefter av leiarane i det demokratiske partiet, og måtte gje opp det. Han var samstundes så dum at han gjekk til økonomisk åtak på Kina. Biden prøver å følgje opp begge spora utan å ha ein sjans til å klare det.

No er vidareføring av «Grand Strategy» blokkert på avgjerande vis, og kampen for å få den USA-leia anglo-amerikanske imperialismen til å halde seg til FNpakta med dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens mellom statar, har tatt til for alvor. Derfor snur vinden no. Viss vi kan følgje opp det Putin og Xi Jinping varslar i utsegna si, så opnar det seg faktisk eit stort rom for fredeleg utvikling  verda. USA, verdas folks fiende nummer ein for tida, USA, må vende tilbake til seg sjølv og satse på å skape gode tilhøve for sitt eige folk i staden for å bruke sine enorme ressursar på å vinne hegemoni over andre statar. Også for det norske folket og den norske regjeringa er det viktig å skunde på denne utviklinga. Og først bod no er å hindre at USA klarer å provosere fram ein krig i høve Ukraina.

Terje Valen, laurdag 12. februar 2022.

Fra bloggen til Terje Valen.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.