Joe Biden, forkjempar for menneskerettar

0
Illustrasjon: Nuova Atlantide

Av Manlio Dinucci.

President Joe Biden er ein elskeleg person. Han er god og oppmerksam på alle menneskes rettigheiter, uansett kor dei er. Eller i det minste er det det dei vil ha oss til å tru. Om enn dei likar det aldri så dårleg, desse grinebitarane som ikkje gløymer Biden sitt ansvar for drap på millionar av menneske.

Toppmøtet mellom USA og Russland, i Geneve den 16. juni, vart av president Biden omtala som «godt, positivt» og av president Putin som «ganske konstruktivt». Bør vi difor kjenne oss litt roa i ein situasjon der Europa står framfor det NATO kallar «det lågaste punktet i forholdet vårt til Russland sidan slutten på Den kalde krigen»? Fakta fortel oss noko anna. Samtidig som toppmøtet mellom USA og Russland fann stad i Sveits, var i Baltikum Baltops 50 i gang, ei av dei 20 store militærøvingane til USA og NATO i Europa i 2021.

Baltops 50 var organisert og styrt av sjefen for US-Africa Marine Forces med hovudkvarter i Napoli-Capodichino, admiral Robert Burke, som samtidig er sjef for NATO-kommandoen i Lago Patria (JFC-Napoli). Frå 6. til 18. juni øvde fleire enn 4000 soldatar med 40 skip og 60 luftfartøy – tilhøyrande 18 NATO-medlemmar og partnarland, inkludert Italia – på luft- og sjømilitær krigføring i dei baltiske og kringliggande regionane, nært russisk territorium. Krigsskip og bombefly med kjernefysisk kapasitet var også med på manøvren, og for første gong vart NATO sitt nye romsenter integrert i øvinga.

Under denne store krigsøvinga, som heilt tydeleg var retta mot Russland, erklærte president Putin på ein pressekonferanse etter toppmøtet: «Vi held våre militærøvingar innanfor vårt eige territorium, vi tar ikkje med oss utstyret og personellet vårt til USA sine grenser, slik USA og deira partnarar no gjer nær våre grenser».

Den geografiske plasseringa av dei militære styrkane, særleg dei kjernefysiske, er av avgjerande viktigheit: eit taktisk missil som blir fyrt av 10 000 km unna, kan ikkje treffe målet. Men dersom det blir skote ut 1000 km unna, har det same destruktive effekt som eit interkontinentalt ballistisk missil (ICBM).

Moscow, Beijing reaffirm close ties before Putin-Biden summit in Geneva -  Global Times

Erklæringa til dei to presidentane om «strategisk stabilitet», inkludert forlenginga av avtalen New START for kontroll med atomvåpen, vil bli oppheva dersom USA, slik dei har planar om, installerer nye «taktiske» atomvåpen i Europa. Dette og andre sentrale spørsmål har blitt ignorert av media, som etter Washingtons dreiebok har brukt toppmøtet som ei slags rettssak med Putin på tiltalebenken.

Presidenten av USA er riksadvokaten som, etter å ha nekta å halde den tradisjonelle felles pressekonferansen, ikkje berre svarte på spørsmåla, slik Putin gjorde, men presenterte sin eigen rapport om toppmøtet.

I følge Biden, fortalde han Putin korleis han reagerer når han ser brot på menneskerettar i Russland og andre stadar: «Korleis kunne eg ha vore presidenten av USA og ikkje tale ut mot brot på menneskerettane? Å forsvare fundamentale fridommar er ein del av landet vårt sitt DNA».

Dette blir høgtideleg erklært av den sittande presidenten av USA, Demokraten Joe Biden som i 2001 støtta krigen til Republikanaren president Bush i Afghanistan, og i 2002 promoterte ein toparti-resolusjon som gav president Bush autorisasjon til å invadere Irak basert på skuldingar (seinare bevist falske) om at landet sat på masseøydeleggingsvåpen.

Dette vart høgtideleg erklært av Joseph Biden som, som visepresident i Obama-administrasjonen, var ein av arkitektane bak USA/NATO-krigane mot Libya og Syria. Han støtta islamske fundamentalistiske grupper for å underminere desse landa innanifrå. Han favoriserte bruken av ny-nazistar i Ukraina i statskuppet som opna den nye konfrontasjonen med Russland. Han var ein av arkitektane bak «drapslista», som inneheld namn på folk over heile verda som i løyndom har blitt drepne fordi dei vart rekna som skadelege for USA [1]. Desse krigane og hemmelege operasjonane har, direkte og indirekte, forårsaka millionar av dødsfall og dei verste brot på menneskerettane.

Men gode kjensler manglar ikkje: i ein lang nekrolog på Twitter (i full versjon hos (Italias største pressebyrå) Ansa), annonserte president Biden: «Hjarta våre er tunge i dag når vi let dykk få vite at vår kjære schäfer Champ døydde fredfullt i heimen».JPEG - 41.2 kb

[1] “Secret ‘Kill List’ Proves a Test of Obama’s Principles and Will”, Jo Becker & Scott Shane, The New York Times, May 29, 2012. “The Drone Papers”, The Intercept (8 parts), October 15, 2015.

Omsatt av Monica Sortland for Derimot.no. Først publisert i Il Manifesto.

Manlio Dinucci er en italiensk geograf og forfatter. Han har skrevet blant annet: Laboratorio di geografia, Zanichelli 2014 ; Diario di viaggio, Zanichelli 2017 ; L’arte della guerra / Annali della strategia Usa/Nato 1990-2016, Zambon 2016; Guerra nucleare. Il giorno prima. Da Hiroshima a oggi: chi e come ci porta alla catastrofe, Zambon 2017; Diario di guerra. Escalation verso la catastrofe (2016 – 2018), Asterios Editores 2018. Dinucci er fast kommentator i avisa Il Manifesto.

Forrige artikkelVaksinetilhengere advarer mot vaksinene
Neste artikkelIsrael setter inn halvautomatiske krigerroboter mot palestinerne
Manlio Dinucci
Manlio Dinucci er en italiensk geograf og forfatter. Han har skrevet blant annet: Laboratorio di geografia, Zanichelli 2014 ; Diario di viaggio, Zanichelli 2017 ; L’arte della guerra / Annali della strategia Usa/Nato 1990-2016, Zambon 2016; Guerra nucleare. Il giorno prima. Da Hiroshima a oggi: chi e come ci porta alla catastrofe, Zambon 2017; Diario di guerra. Escalation verso la catastrofe (2016 – 2018), Asterios Editores 2018. Dinucci er fast kommentator i avisa Il Manifesto.