Saudi-Arabia vedgår nederlag i Jemen – ber om fred

0
Saudi-Arabia innrømmer nederlag i Jemen, men først har de rasert den helt unike verdensarvbyen Sana'a, og det totalt uten protester fra Vesten. Foto: Mintpress.

For to veker sidan skreiv vi at krigen mot Jemen snart ville ende. Saudiarabarane mista sin allierte, dei tapte krigen og måtte søke fred. No gjer dei det. Men kampane i Jemen vil halde fram til landet finn ein ny balanse.


Denne artikkelen ble først publisert på Moon of Alabama. Oversatt av Monica Sortland for Derimot.no.


I dag bomba luftvåpenet til UAE (United Arab Emirates, Dei sameinte arabiske emirata) dei jemenittiske proxy-styrkane som tilhøyrer ‘alliansepartnaren’ Saudi-Arabia:

«Jemen si internasjonalt anerkjente regjering har anklaga det emiratiske luftvåpenet for å ha angripe troppane deira på torsdag, då dei var på veg til den viktige sørlege hamnebyen Aden for å kjempe mot separatistar støtta av UAE. Luftangrepa drap minst 30 regjeringssoldatar,» sa ein jemenittisk kommandant.

Oberst Mohamed al-Oban, ein kommandant i regjeringa sine spesialstyrkar i Abiyan-provinsen, sa troppane var på veg frå Abiyan mot Aden på torsdag, då angrepa skjedde, med minst 30 drepne.

Minst seks raid vart gjort av emiratiske stridsfly rundt den midlertidige hovudstaden, i følge regjeringsmilitære kjelder som har bede om anonymitet.

Trump deltar i sverd-dansen på statsbesøket i Saudi-Arabia

Sørlege separatiststyrkar under Southern Transitional Council [Det sørlege overgangsrådet], og støtta av UAE, held Aden. Mellom 1967 og 1990 var sør-Jemen, då kalla Folkets demokratiske republikk Jemen, skild frå det fjellrike nord. Etter at dei gjekk saman med nord-Jemen vart sør-Jemen neglisjert, sjølv om dei austlege ørkenane der inneheld mesteparten av landets hydrokarbonressursar.

Sidan 2015 har koalisjonen Saudi-Arabia/UAE, med støtte frå USA og Storbritannia, drive krigføring mot hutiane i nord-Jemen. Koalisjonen er no i ferd med å kollapse. Begge landa hevda dei kjempa mot hutiane i nord-Jemen, som kontrollerer hovudstaden Sanaa, for å støtte den internasjonalt anerkjente ‘legitime’ regjeringa under ‘president’ Hadi. Men begge landa hadde frå første stund meir egoistiske mål for kriginga si.

Dei wahhabbistiske saudiane ønsker seg ei jemenittisk regjering som ikkje er kontrollert av dei zaydi-sjiittiske hutiane, som dei har kjempa mot i eit dusintals krigar om to provinsar som Saudi-Arabia ein gong annekterte. Dei vil også ha kontrollen over Jemens olje og ei røyrleidning frå den saudiske oljeregionen til ei hamn i Jemen. Det ville hjelpe den saudiske oljeeksporten med å unngå det iranskkontrollerte Hormuz-sundet.

Å ja, denne krigen dreier seg om olje!

UAE er stort inne i hamneforretningane. Dei ønsker å kontrollere den strategiske hamna i Aden og andre jemenittiske hamner på sør-kysten. Ettersom dei ikkje har noka direkte grense med Jemen, bryr dei seg lite med kven som kontrollerer resten av landet.

Leiaren av UAE, Mohammad bin Zayed (MbZ), er ikkje heilt konge. Han er sonen til emiren av Abu Dhabi, ein av dei sju emirata som dannar UAE. Den aggressive utanrikspolitikken hans, med militære engasjement i Jemen, Sudan, Somalia og Libya, har fått kritikk frå herskarane i dei andre emirata. Krig er dyrt og dårleg for regulære forretningar. MbZ sin allianse med Saudi-Arabias kronprins Mohammad bin Salman (MbS) vart sett på som farleg. Medan saudiane skulle like det om USA gjekk til krig mot Iran, ville UAE – og spesielt Dubai – blitt skadelidande i ein slik krig.

I juni bestemte emirane seg for å endre kurs. UAE drog seg attende frå aktiv krigføring i Jemen og byrja innynde seg med Iran. Dei hadde von om at dei sørlege separatistane dei hadde trent opp skulle halde Aden under kontroll og halde fram med å lyde UAE. Saudiane og den ‘legitime regjeringa’ til Hadi som dei kontrollerer, vil ikkje la det gå upåtalt hen.

Saudiane er ekstremt forarga over at UAE har endra kurs:

Men denne månaden tok saudi-kongen Salman, i sitt Mekka-palass, det uvanlege steget å uttrykke «ekstrem irritasjon» over UAE, hans næraste arabiske partnar, i følge kjelder som kjenner saka. Kommentaren ser ut til å tyde på ei revne i alliansen, som i praksis blir leidd av kongens son, kronprins Mohammed bin Salman (MbS) og den eigentlege herskaren av UAE, sjeik Mohammed bin-Zayed al-Nahyan (MbZ).

Irritasjonen til kongen kom fram i ein samtale den 11. august med president Abd-Rabbu Mansour Hadi, sjef for Jemens saudi-støtta regjering, i følge to jemenittiske kjelder og ein anna som har fått resyme av møtet.

Hadi sine styrkar i Aden hadde nett blitt kasta på flukt av troppar støtta av UAE, då nominelle allierte sør i landet vende seg imot kvarandre i ein maktkamp.

Saudiane må stoppe krigen mot hutiane som vart starta på klovneprinsen [sic..?] si befaling. Krigen har kosta saudiane ein haug med pengar, sjølv om dei likevel tapar den. Berre i går vart 25 frå styrkane deira drepne i eit huti-bakhald. Med Iran si hjelp skaffa hutiane seg langdistansemissilar og droner, og desse brukar dei no i salver som rekk djupt inn på saudiane sine landområde:

Den 24. august sa hutiane at styrkane deira hadde utført to drone-angrep mot flybasen King Khaled i Khamis Mushayt og flyplassen Abha i sørlege Saudi-Arabia. Dagen etter vart det rapportert om ein ny runde med droneangrep mot begge måla. Same dag skal ti ballistiske missilar av typen Badr-1 ha blitt skotne inn i byen Jizan i Saudi-Arabia. Men saudiske tenestemenn rapporterte at landet sine luftforsvarssystem skaut ned seks ballistiske missilar. Tenestemennene stadfesta ikkje om fleire missilar var involverte i sperreelden.

Den 26. august vart det rapportert om at eit anna ballistisk missil, det nyleg annonserte Nakal-missilet, hadde blitt avfyrt mot saudiske troppar nær Najran. Seinare same dagen kom det rapportar om at ein ny runde droner hadde blitt avskorne nær flybasen King Khaled.

Samtidig som droner slo til mot King Khaled-basen skal eit anna angrep ha skjedd nær Riyadh, med dei nye sjølmordsdronene Samad-3. Dersom det blir stadfesta, så markerer det at hutidroner for andre gong har slått til mot den saudiske hovudstaden. Den første var eit slag mot ein Aramco-fasilitet nær hovudstaden i førre månad.

Den 27. august synte hutiane fram eit anna ny-annonsert ballistisk missil, Qasem-1, då dei visstnok råka saudiske troppar posisjonerte nær grensa til Jemen i Najran. Ei anna drone vart i tillegg avskoren og øydelagt av saudiske styrkar over Khamis Mushayt.

Og i går vart eit nytt missil, Quds-1, avfyrt mot flyplassen Abha. Men saudiske tenestemenn sa missilet vart avskore og øydelagt.

 Den saudiske kongen må ha skjønt at han ikkje lenger hadde nokon sjanse til å nokon gong vinne krigen. Det ser ut som han har bede Trump-administrasjonen om å utarbeide ein avtale med hutiane:

Trump-administrasjonen førebur seg på å starte forhandlingar med Iran-støtta huti-rebellar i eit forsøk på å bringe den fire år lange borgarkrigen i Jemen til sin ende, rapporterte avisa Wall Street Journal på onsdag. Målsetninga skal vere å overtyde Saudi-Arabia til å ta del i hemmelege forhandlingar med rebellane i Oman for å hjelpe til med å skaffe til veges ei våpenkvile i konflikten som har blitt ei frontlinje i den regionale proxy-krigen mellom Riyadh og Teheran.

Broren til klovneprinsen kom til Washington for å førebu seg til samtalane:

Prins Khalid møtte utanriksminister Michael Pompeo på onsdag og diskuterte «US-amerikansk støtte til ei framforhandla løysing mellom regjeringa til Republikken Jemen» og ei utbrytargruppe kjend som Southern Transitional Council, i følge ein talsmann for utanriksdepartementet, Morgan Ortagus.

Den saudiske kronprinsen Salman, av noe kalt klovneprinsen.

Hadi-regjeringa er irrelevant. Southern Transitional Council vil kreve uavhengigheit frå nord. Hutiane vil kreve kontrollen med nord-områda og skadeerstatning for krigen som saudiane har ført mot dei. Nord-Jemen sin infrastruktur er i stor grad øydelagt. Det vil koste mange dusin milliardar å gjenoppbygge det som dei fem åra med saudiske luftangrep har øydelagt. Sidan hutiane kan halde fram med å trøytte ut saudiane som dei vil, sjølv i hovudstaden deira, finst det ingen annan utveg for saudiane enn å betale det hutiane krev.

Det var klovneprinsen Mohammad bin Salman som starta krigen i Jemen kort tid etter at han kom til makta. Den var meint å nedkjempe hutiane på nokre få veker. Fem år seinare, og etter å ha brukt minst $100 milliardar på den, tapte saudiane krigen.

Vil kongen halde sonen sin ansvarleg for det kolossale tapet av pengar og ansikt som han har forårsaka?

Omsett av Monica Sortland

Kjelde: https://www.checkpointasia.net/moon-of-alabama-saudi-arabia-acknowledges-defeat-in-yemen-starts-to-sue-for-peace/

Originalen finst på Moon of Alabama

Forrige artikkelSaudi-Arabia massakrerte 80 fanger fra sine allierte i Jemen
Neste artikkelOvervåkingskameraer som leser på leppene