Militær opptrapping i ei usikker tid – Nei, til norsk deltaking i Gulfen!

0
Den norske marinen har ingenting i Persiabukta å gjøre. Foto: Forsvaret

Av Ivar Jørdre.

Spenninga i Gulfen har auka i sommar med fare for storkrig. Etter at Trump og USA skrota atomavtalen med Iran i 2018 har tilhøva mellom dei to auka til det verre. Hendingar med arresterte skip i Hormusstredet av Iran og auka militær nærver av krigsskip frå Storbritania og USA gjer ikkje situasjonen betre. Trump vil ha alliert flåtestyrke i Gulfen og Storbritania vil ha ei europeisk flåtestyrke der. Noreg har vorte spurt av USA om å delta, men har førebels ikkje svara. Det kjem nok eit svar snart, då kan me i Antikrigsinitiativet frykte eit ja, men sjølvsagt håpe eit nei. I retorikken ser det ut til at deler av media og deler av regjeringa i Noreg kan tenkje seg å delta i dette. Då vil Noreg i tilfelle, etter vår oppfatning, vere med å auke spenninga i staden for å dempe ho. Dei som kjenner den nære historie nokolunde vil truleg vite at: «- USA har starta krigar ut fra «falske påskot» hendingar mange gonger før». Dei ventar berre på «rette» hendinga/misoppfatninga, så er dagens krigarar, t.d. utanriksminister Mike Pompeo og nasjonal tryggleiksrådgjevar John Bolton, klar til aksjon. Dei vil ha regimeskifte med rå makt!

Nokre viktige punkter å hugse på som bakgrunn:- Imperialismen til USA har heldt på i godt over 100 år, med utallege invasjonar- Tenk Irak og Libya som to vanvittige døme på det- Noreg vart med som beste bombar i Libyakrigen- Afghanistanmarerittet har helde på i snart 18 år, 18 år med Nato og USA!- Israel og Saudi-Arabia ventar berre på å få gje Iran ei lekse ei gong for alle- Og, Storbritania og USA stod bak kuppet mot den demokratisk valde statsminister, Mohammad Mosaddegh i 1953, veldig populær. Iranarar gløymer dette aldri! Årsak til kuppet: Olje, sjølvsagt!

Dette bakteppet lurer i bakgrunnen frå historia der først og fremst USA, der politikarar, rådgjevarar og storkapital (ikkje alltid dei militære) pressar på for militære invasjonar og regimeskifte.

Dei store linene globalt med spenning og militarisering av Verda er i lag med klimaproblema dei to store truslar menneskeslekta står overfor.

Difor er det viktig å vise at desse utfordringar av krig, militærøvingar og naturøydeleggingar ikkje kan aksepterast som noko me ikkje kan rå over. Mobilisering av verdas folk må prøvast på alle frontar. Me må synleggjera for makthavarar, store økonomiske interesser og militær krigshissing at det absolutt ikkje er greitt å ha slike store militære provokasjonar i ei tid som pregast meir av opprusting og kald krig enn det motsatte, t.d. no i Gulfen.

Me må nedruste, ikkje det motsatte!

Militariseringa av Skandinavia og Norden er også i full gong og dermed spenningsdrivande! Og Noreg og Norden er med denne politikken medverkande til å potensielt eskalera faren for storopprustning i Europa.

Hadde berre Vesten og Nato rusta ned og invitert motparten til det same, då hadde me kanskje kunne sett fram mot fredelegare tider og ein tinande isfront. Det er dårleg nytt for nedrustningsklimaet at INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty) om forbod og utplassering av mellom- og kortdistanserakettar, mellom USA og Sovjet frå 1987, gjekk ut denne sommaren utan vilje til fornying. Snarare tvert om, 1. februar 2019 trekte Trump USA ut av avtalen, det same gjorde Russland dagen etter (Wikipedia). Allereie hausten 2018 grunngav Trump at dei trekte seg avdi Russland ikkje heldt seg til avtalen. Men, hovudgrunnen til at USA trekte seg er truleg at dei vil utplassera rakettar i Asia, for å demme opp for Kina som ikkje har nokon rakettavtale. Nyleg har Russland sin president Putin bede om nye nedrustningsforhandlingar med USA. Ingen svar derifrå enno.

Internasjonal konvensjon mot bruk av atomvåpen

Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikhald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar. Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukraina-konflikta er også med i dette biletet. Dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til Austerrikes utspel om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen. Noko som i dagen sitt politiske tilhøve diverre ikkje er mogleg. Den internasjonale kampanjen for forbud mot atomvåpen – International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN) – arbeidar også for at alle verdas nasjonar sluttar seg til den internasjonale konvensjonen mot atomvåpen. NATO-land og andre som har atomvåpen har førebels avvist konvensjonen. ICAN fekk Nobels fredpris i 2017 og kampanjen deira held fram for fullt. Omlag 70 nasjonar har skreve under på avtalen førebels.

Sjølv om det er atomstormaktene USA og Russland som må gå i spissen for ein atomnedrustning, vil det ha stor viktigheit at flest moglege land startar med å erklæra at dei aldri vil stasjonera atomvåpen på si jord og ikkje vera medansvarlege for bruk av atomvåpen. Det må Noreg i høgste grad gjera også. Men vil den norske makteliten det?

Ivar Jørdre, styremedlem Antikrigsinitiativet (AKI). Innlegget ble først publisert på bloggen til Ivar Jørdre.

Forrige artikkelMot Dags mediekurs 2020
Neste artikkelGrønland: – Vi er ikke til salgs