
Bokmelding av «Samer og samepolitikk – Bok nr. 3» av Jarl Hellesvik
I denne artikkelen omtaler Svein Lund boka «Samer og samepolitikk – Bok nr. 3» av Jarl Hellesvik. Omtalen er svært kritisk og Jarl Hellesvik er blitt tilbudt et tilsvar.

Koloniseringa som blei vekk
I mange hundre år har håløygske høvdingar, birkarlar i Sverige/Finland og danske, norske, svenske, finske og russiske styresmakter kappast om å sikre seg rikdommar i nord, anten det var skinn, fisk, jordbruksland eller mineral, etter kvart også kraftkjelder. Utfordringa var at her var det folk frå før, ei samiske befolkning som levde av dei same naturressursane. Andre stadar i verda blei urfolka utrydda, her valde ein heller å ta skatt av dei, gjøre dei til kristne og statsborgarar og etter kvart få dei å skifte språk, kultur og identitet og forsvinne inn i majoritetsbefolkningane i dei respektive landa. Desse tiltaka frå vekslande styresmakter blei gjennomført med vekslande hardheit, frå blodig undertrykking til metodar som kan karakteriserast som «frivillig tvang».
Assimileringspolitikken til styresmaktene har i stor grad oppnådd måla sine. Kristendomen blei så internalisert at han står heller sterkare blant samar enn i majoritetsbefolkningane. Av etterkomarane av samane som levde for 300 år sidan er det i dag langt fleire som ikkje snakkar samisk enn som gjør det. Av beitemarkene, fiskevatna og fiskefjordane til samane er store delar anten øydelagde eller okkuperte av andre interesser. Sápmi har gradvis blitt kolonisert og koloniseringsprosessen held fram den dag i dag, med Nussir og Melkøya som to av mange eksempel.
Eg startar med denne innleiinga fordi det nettopp har kome ut ei bok der denne historia IKKJE finst, trass i at ho har den ambisiøse tittelen «Samer og samepolitikk». Dette er tredje gongen forfattaren Jarl Hellesvik gir ut bok med den samme tittelen, dels synest det å vere nytt revidert opplag, dels tredje boka i en serie. Hovudbodskapen i bøkene er at den historia som eg i kortform skildra over finst ikkje. Samar har aldri vore diskriminerte eller undertrykte i Noreg. Motsetningane mellom samar og det norske storsamfunnet er eit einsidig resultat av ei samisk samansverging gjennom mange år, og samane er no iferd med å etablere seg som ein overklasse og norsk-etniske er utsette for rasediskriminering.
Motstanden mot motstanden
Motstand mot kolonisering og fornorsking kan vi spore langt tilbake, i forskjellige former som i religiøs form under Guovdageaidnu-opprøret i 1851, seinare frå først på 1900-talet gjennom organisasjonar og aviser. Etter at fornorskingspolitikken var kjørt med full kraft i nesten eit hundreår, kom etter krigen dei første signala om at krefter innafor statsapparatet ønska å slakke taumane og la restane av samisk språk og kultur få leve. Men da var tankane bak fornorskinga og nedvurderinga av alt samisk blitt så internalisert i både den norske og store delar av den samiske befolkninga at dei reiste bust mot ei kvar nyvurdeing. Mange meinte samane no var på så god veg inn i storsamfunnet at ein ikkje måtte stanse utviklinga. Alle skulle bli likestilt – på norske premiss.
Vi fikk på eine sida ei samisk rørsle med krav om bruk av samisk språk i skole og samfunn, anerkjenning for samiske kulturuttrykk og stans i naturinngrepa som avgrensa samiske næringar. På andre sida ei rørsle som ville halde fram fornorskinga og naturinngrepa, og som sette seg i mot eit kvart tiltak for offentlig støtte til eller vern om samisk kultur. Denne rørsla blei særlig kjent gjennom «påskeopprøret» i Karasjok i 1960, seinare uttrykt gjennom mengder av avisinnlegg og særlig framelska av Finnmark Arbeiderparti. Kvar gong det kom krav og forslag om styrking av samisk språk, kultur eller næring, kom det ein motreaksjon.
Under Alta-kampen som borgarvern, deretter motstand mot oppretting av Sametinget, mot samiske læreplanar, mot Finnmarkslova og i 2007 organisert som EDL – Etnisk og demokratisk likeverd. I alle desse rørslene har det vore både samisk- og norskætta blant tilhengarar og aktivistar.
Boka «Samer og samepolitikk» er eit ektefødd barn av den antisamiske rørsla. Forfattaren har i mange år vore «rådgivar» i EDL og i ein del år styreleiar. Han er den mest produktive av alle antisamiske skribentar i Noreg dei siste vel 20 åra, med fleire tusen innlegg i aviser og nettfora.
På tide å komme til boka
«Samer og samepolikk – Bok nr, 3» er på 221 sider, dei einaste illustrasjonane er nokre kart og søylediagram. Boka er gitt ut av sjølvpubliseringsforlaget Kolofon, og boka bærer da også preg av å ikkje ha hatt korrekturlesing verken på form eller innhald. Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at det som er utgitt av antisamisk litteratur i Noreg er utgitt på dette forlaget1 eller direkte av EDL2.
Boka har heile 30 kapittel, som bærer preg av å vere skrive uavhengig av kvarandre og ofte med gjentaking av tekst. Dei spenner frå «Samenes forhistorie» til aktuelle problemstillingar utan at eg har klart å finne nokon logisk samanheng. Det vil ta for mye tid å kommentere alle dei 30 kapitla, så eg må velje eit utdrag.
Rasisme og rasediskriminering
Ein stadig gjentatt påstand frå EDL er at alle lover og reglar som favoriserer samisk kultur er rasediskriminerande. Denne er så framtredande i boka at han kjem allereie i innleiinga, der forfatteren siterer rasediskrimineringskonvensjonen av 1965: I denne konvensjonen betyr rasediskriminering enhver forskjellsbehandling, utelukkelse, innskrenking eller begunstigelse på grunn av rase, hudfarge, avstamning eller nasjonal eller etnisk opprinnelse.
På grunnlag av denne teksten framstiller Hellesvik det som rasediskriminerande, når reindrift etter reindriftsloven er reservert personar av samisk ætt, når det blir løyva tilskudd til samisk kultur og språk og når det i minerallova og naturmangfoldlova står at det i forvaltninga skal takast omsyn til samisk kultur. Dette gjør han utan å sjå på kva som var situasjonen da FN vedtok konvensjonen, utan å sjå det historiske opphavet til rasismen og rasediskrimineringa, som ein integrert del av den europeiske kolonialismen, at rasediskriminering alltid har vore eit middel frå den herskande, kvite rasen overfor koloniserte folkeslag. Dette gjennomsyrar heile boka. Dagens situasjon mellom samar og nordmenn blir sett lausrive frå den historiske bakgrunnen som er årsak til at fleire lover i dag har paragrafar som skal sikre at forvaltninga ikkje skadar samisk kultur og språk.
Sametinget – ein anakronisme?
I 2. kapittel hevdar Hellesvik at Sametinget har blitt ein anakronisme fordi mange med stemmerett ikkje lenger skiljer seg «språklig, kulturelt og i levesett» ut frå majoritetsbefolkninga, og fordi mange samar i vår tid har høg utdanning. Sidan han seier tinget har blitt ein anakronisme, må det altså ha vore ei tid at Sametinget ikkje var det. Når skjedde denne endringa? Det seier han ingenting om. Han nøler ikkje med et generalangrep på dei som står i manntallet: En stadig større del av de som er innmeldt i Sametingets valgmanntall har en kunnskapsfattig, nostalgisk, drømmende, romantisk og virkelighetsfjern holdning til den tidligere og nåværende naturale, samiske kulturen. Denne setninga er utrulig grov. Her kjem ein som sjølv har vald bort den samiske bakgrunnen sin, med ein kollektiv dom over dei tusener av etterkommere etter samar som på grunn av fornorskingspolitikken har blitt pressa til å fortrenge og legge bort kultur, språk og identitet. Når dei igjen forsøker å finne fram til det foreldra og besteforeldra blei fråtatt, kjem Jarl Hellesvik og tråkkar dei ned i søla.
Sametinget er mye meir enn dei enkelte medlemmane av manntalet. Det er eit kollektivt organ for det samiske folket overfor styresmaktene, eit uttrykk for at samane sjølv må ivareta kultur og språk. Sjølv om dette i følgje grunnlova «tilligger de norske myndighetene» kan ikkje myndighetene gjøre det utan at samene sjølve er aktive og har eit representativt organ. Hellesvik derimot vil avskaffe heile sametingssystemet. Kor stor makt Sametinget skal ha, kan diskuterast, men dette dreier seg ikkje om det, men at samane ikkje engong skal kunne ha eit representativt og rådgivande organ.
Angrepa på Sametinget og manntallet held fram i kapitlet «Det absurde sametingsmanntallet». Det er ikkje vanskelig å finne eksempel på at dagens manntallsreglar kan virke urimelige begge vegar. Det har da også blitt tatt opp i samiskspråklige medier og blant forskarar. Dette er likevel ekstreme eksempler og gjeld ikkje nokon stor del av samemanntallet. Det er utfordringar som må løysast, men Hellesvik er ikkje ute etter å finne løysingar, men etter å rive ned.
Urfolk – kva er det?
I 4. og 5. kapittel går forfattaren til åtak på samane sin urfolksstatus i Noreg. Han har rett i at urfolksomgrepet er brukt på fleire måtar. Ei vanlig enkel og folkelig førestilling er folkeslag som kom først til eit land eller område. For Amerika og Australia er det enkelt. Det er ingen tvil om kven som kom først og seinare blei offer for europeisk kolonisering. I andre verdsdelar er urfolksomgrepet vanskeligare. Historia går lengre bakover og folkeforflyttingar og blandingar har vore kompliserte. Dei språklige forfedrene er ikkje alltid identisk med dei genetiske. Dette utnyttar Jarl Hellesvik for alt det er verdt og meir til. Han har rett i at mye av det som er skrive om urfolk i Noreg bygger på den forenkla førestillinga om at samane er urfolk fordi dei kom først. Vi veit ikkje kva språk som blei snakka i Noreg etter istida, dei var verken indoeuropeiske eller finskugriske å det gir inga meining å snakke om folka i den tida verken som norske eller samiske.
Urfolksomgrepet er eit politisk omgrep, brukt for å skildre den situasjonen at eit landområde blir kolonisert utafrå og den befolkninga som var der før koloniseringa blir underlagt kolonistane sitt styre, språk og kultur. Det er den forståinga av ordet som ligg til grunn for ILO-konvensjon 169 om urfolk, og som norske styresmakter har slått fast at dekker situasjonen til samane i Noreg. Her har Hellesvik og EDL heilgardert seg for å avvise samane sin urfolksstatus. På eine sida påviser dei korrekt at tolkinga «dei som kom først» ikkje held, på andre sida forsøker dei også å rive ned den tolkinga som held, gjennom å tilbakeskrive norsk busetting og framskrive samisk «innvandring», til å framstille det som nordmenn kom mange hundreår til tusenår før samane.
Det står ingenting i ILO sin definisjon om at urfolka skal være marginaliserte, fattige eller dårlig utdanna. Poenget er at landet deira er kolonisert, men dei har likevel klart å beholde delar av språk, kultur og eiga organisering.
I kapittel 7 brukar Hellesvik mye plass på å bevise ut frå språkforsking og genforsking at samane ikkje kan vere dei første som budde i Sápmi, men derimot har innvandra frå noverande Russland og Sør-Finland, der ursamisk språk oppsto omlag 500 år før vår tidsrekning. Dette er kanskje den mest interessante delen av boka, fordi han her legg fram reell forsking, og det gjør at ein kan få lyst å sjå nærare på denne forskinga i originalkjelder. Spørsmålet er bare kva denne forskinga viser. Ho viser kanskje at den vanlige førestillinga om samar som ei folkegruppe med samanhengande busetnad i dagens Sápmi gjennom 10000 år ikkje held. Det er historisk og vitskapelig interessant, men det kan ikkje brukast til å motbevise samane sine rettar som urfolk etter urfolkskonvensjonen.
Alltid mot reindrift
At Jarl Hellesvik går til åtak på reindrifta er ikkje noko nytt, det har han gjort offentlig i alle fall sidan 1988. Og aldri har det vore eit positivt ord. Så heller ikkje her. Reindriftslova er i følge Hellesvik rasediskriminerande. Dette fordi ho sidan 1933 har avgrensa reindriftsretten til personar av «samisk ætt». Dette set han så opp mot forskjellige internasjonale konvensjonar som forbyr diskriminering. Juristar og rettshistorikarar snakkar om «lovens ånd» og «lovens bokstav». Typisk for Jarl Hellesvik er at han bare ser «lovens bokstav» og ingen lover i sin historiske og politiske samanheng.
Det har vore og er mange konfliktar mellom reindrift og andre interesser, frå landbruk til visse former for friluftsliv og kraftutbygging og gruvedrift. Hellesvik sitt bidrag til disse konfliktene er konsekvent å skjerpe dei i staden for å arbeide for å løyse dei.
Fornorsking utan fornorskingspolitikk?
Hellesvik si framstilling av fornorskingsprosessen er ekstremt forenkla:
Min forståelse av ordet fornorskning er at det betyr at en som ikke er norsk, blir norsk. En som er blitt fornorsket er følgelig norsk.
Med andre ord, ein som er blitt fornorska kan ikkje lenger vere same. Slik kan ein gjennom ordmagi fjerne størsteparten av det samiske folket. Den som ikkje snakkar samisk er ikkje lenger same. Men fornorskinga er ikkje eit binært system der enkeltpersonar er fornorska eller ikkje fornorska. Fornorskinga var ein prosess som virka overalt i samfunnet, i skolen, i kyrkja, i statsforvaltninga, i næringsforvaltninga, i media, over alt der det var mogleg for styresmaktene å påverke med å bruke norsk språk, norsk kultur, norsk tankegang i forhold til tilsvarande samisk.
Hellesvik framstiller det som at fornorskingspolitikken var ein proklamasjon utan eigentlig verknad. Det reelle språkskiftet kom i følge han ikkje av denne politikken, men var frivillig frå samane si side, fordi dei hadde omgang med norsktalande og dei innsåg at det var norsk som var framtida. Slik blir styresmaktene frikjende, fornorskinga blir ikkje noko overgrep og heile grunnlaget for sannings- og forsoningskommisjonen blir borte.
Ein konsekvent politikk
Det er mange ein kan seie om at dei fører ein inkonsekvent politikk som ikkje heng saman. Det kan ein ikkje seie om Jarl Hellesvik. I ei kvar sak som involverer konfliktar som berører samiske interesser, står han konsekvent på den motsette sida. I boka går han til åtak på høgsterett i Fosen-dommen, krev at «De Scheinerske samlinger» ved UIO skal få drive si raseforsking på samiske skjelett som er rana frå gravplassar og går til åtak på Norges institutt for menneskerettigheter. Absolutt alle formuleringar i norske lovar om at det skal takast omsyn til samisk kultur, framstiller han som «særrettigheter og politiske privilegier». Han går til åtak på alt som er gjort for å styrke samane si rettsstilling i dei siste 50 åra.
Ei tragisk bok
Skal eg forsøke å oppsummere denne boka i eit ord, må det bli «tragisk». Eg har kjent Jarl Hellesvik i over 50 år, og eg har opplevd han som ein flink politikar og debattant på mange område, anten det gjaldt demokrati og sosialisme, fiskeripolitikk, kommunepolitikk eller EU. Men dei siste 20 åra har så godt som all hans energi gått til å bekjempe det samiske, til å skjerpe motsetningane og til å motarbeide den forsoninga som er naudsynt etter ein lang fornorskingsperiode. Når sanningskommisjonen snakkar om fornorsking og urett mot samar og kvenar, snur han alt på hovudet og gjør nordmenn til offer og samar til priviligerte. Slåande er det at som tidligare fiskar og fiskeripolitisk debattant, er det i «Samer og samepolitikk» ingen kapittel om fiskeria. Sjøsamane og samiske fiskeriinteresser har han definert bort med formularet at den som er fornorska er ikkje lenger same. Sjøsamane finst derfor ikkje lenger i verda hans, og heller ingen sjøsamiske interesser å forsvare mot rovfiske, oppdrett og gruveslam.
Boka er ei uforsonlig, i likheit med alle innlegga som Jarl Hellesvik har skrive i aviser og nettmedier.
Ei bokmelding bør vere balansert og trekke fram både gode og dårlige sider. Eg må innrømme at eg har vanskelig for å oppfylle dette. Nokre stadar i boka er det interessante fakta som kan vere verdt å undersøke og diskutere, men som hovudsak ser eg dette som ei svært negativ og skadelig bok. I denne tida da vi treng sanning og forsoning er boka «Samer og samepolitikk» eit stort bidrag til det stikk motsette.
Svein Lund
1 Karl-Wilhelm Sirkka: Fra idé til faktura : fra samepolitikk til Sametingspolitikk. Kolofon forlag i 2017.
2 Knut Skog: «Folkerett, norsk rett, samisk rett : en kritisk kommentar til bruken av internasjonale rettskilder / konvensjoner til støtte for krav om spesielle nasjonale samiske rettigheter». EDL 2008
oss 150 kroner!


