Raudt blir blått – det endelige sviket

0
Fra Dagsnytt 18 6. desember 2024.

Fredag kom den endelige meldinga om at partiet Raudt har begått sjølvmord. Med vedtaket om å ville gå inn i regjering har partiet fråsagt seg sin eksistensberettigelse og gått over til den blå sida. For nokre regjeringstaburettar svik ein det partiet har stått for. 

Svein Lund.

Den regjeringa det er snakk om vil vere ei regjering dominert av Ap, med Sp, SV, Raudt og MDG på slep. Det vil.bli ei regjering for Vesten mot Resten. bygd på NATO-medlemskap, Noreg som ein aktiv deltakar i USA-imperialismen sin kamp for verdsmakt, for krig mot Russland og Kina. Bygd på EØS-avtalen og kapitalen sine 4 fridomar. Bygd på oljefondet som middel i den internasjonale storkapitalen si utbytting av fattigare delar av verda. Det vil vere ei regjering for fortsatt auke i det uforsvarlige forbruket i den rike del av verda, for utarming av ressursane og rasering av naturen på globalt plan. 

Det vil vere ei regjering for auka naturrasering for kraftutbygging og gruvedrift, for ei oppdrettsnæring som øydelegg fiskeressursane i fjordane og lakseelvene. Det vil vere ei regjering som øydelegg naturgrunnlaget for samisk kultur. Det vil vere ei regjering for ein gjennomført borgarlig politikk med mangemilionærar i leiinga. 

Denne regjeringa er Raudt villig til å gå inn i. Det er det endelige farvel til den rolla som partiet med forgjengarar har hatt, som eit solidarisk og sosialistisk alternativ, for å støtte og bidra til organisering av kamp nedafrå. frå arbeidarklassen, miljørørsla og alle undertrykte. Som tidligare SV-leiar Kristin Halvorsen ein gong sa: «Ein sit ikkje litt i regjering.» Sit ein i regjering gjør ein det med heile hovudet, med beina i fotlenker og med armane i handjern. 
Med Raudt i regjering vil vi ha eit storting utan ein reell opposisjon. Den opposisjonen som er mot den borgarlige, krigerske og miljøfiendtlige politikken vil ikkje ha talsfolk i verken Stortinget, fylkesting eller kommunestyrer. Det vil ikkje lenger vere noko parti som ser det som si oppgåve å bidra til å styrke denne opposisjonen.

Endringa frå eit raudt til eit blått parti har ikkje skjedd over natta. Det er fleire år sidan Raudt svikta ansvaret overfor miljøet og dei globale utfordringane med å erklære «Forskjells-Norge» som si einaste hovudoppgåve. Det neste store trinnet kom i fjor med støtte til USA sin krig mot Russland med Ukraina som offer og med støtta til NATO sin opprustningspolitikk. Ønsket om regjeringsdeltaking var det tredje trinnet, som viser at partiet sin overgang er endelig. No slår lakmustesten ut på blått. 

For oss som enno ønsker eit sosialistisk samfunn og ei rettverdig verd, ein veg ut av miljøkrisa, klimakrisa, ressurskrisa og krigspolitikken er ikkje lenger Raudt ein mogleg reiskap. 

Det er 56 år sidan eg meldte meg inn i ein av forgjengarane til Raudt, som da heitte Sosialistisk Ungdomsforbund. Sidan da har eg, trass alle feil og manglar, hatt tru på etterkomarane som det beste alternativet. For meg forsvann i dag den aller siste vona om betring. I dag har Raudt begått sjølvmord, og det finst det som kjent ingen kur mot. Liket må begravast og vi må starte bygginga av noko nytt.

Svein Lund
tidligare Raudt-veljar

Forrige artikkelAage Borchgrevink – valgobservatør eller valgprovokatør?
Neste artikkelBarn og Vogntog i nestenulykke