Sjølv om vi ofte har vist at EU berre er ein NATO-kontrollpost, blir dette for første gong illustrert av ei avgjerd frå Luxembourg-domstolen. Ifølge den kan ikkje EU returnere innvandrarar som venter på svar på asylsøknad til tredjeland med juridiske grenser som ikkje samsvarer med dei reelle grensene. Derfor kan ikkje Italia overføre egyptiske og bengalske immigrantar til interneringssenter i Albania. Alt dette skjer i påvente av ei masseutvandring av moldavarar for å rettferdiggjere ein krig i Transnistria.
av Thierry Meyssan, Voltairenet.org.
Den 18. oktober erklærte ein italiensk domstol for ugyldig at tolv bengalske og egyptiske immigrantar som hadde blitt redda til sjøs og søkte om asyl skulle ha moglegheita å reise gjennom eit tredje land. Politisk ser det ut til at denne avgjerda valtar den strukturen som Boris Johnson laga for omplassering av immigrantar. Britane ville sende dei av garde tusentals kilometer, til Rwanda, medan italienarane «nøydde seg med» å transportere dei berre nokre titals kilometer unna, til Albania.
Retten baserte avgjerda si på ein dom av 4. oktober, 2024 – ikkje frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), kjend som «Strasbourg Court», som er ein del av Europarådet – men frå EUs Court of Justice, ECJ, EU-domstolen, kjend som «Luxembourg Court», som Storbritannia ikkje lenger anerkjenner. Skilnaden kan sjå ubetydeleg ut for mange, men den avslører at innvandringssaka, som fram til no var dominert av dei «progressive» vurderingane til EMD-dommarane, finansierte av George Soros, no er gjenstand for ein annan logikk.
EMD har slått fast at innvandrarar er beskytta av Konvensjonen for vern av menneskerettar og fundamentale fridommar (CSDHLF) medan domstolane på kontinentet granskar saka deira. Derfor forbaud dei å tillate at folk som var redda på havet skulle landast i næraste hamn, slik internasjonal havrett føreskriv, og forplikta redningsmannskapa til å midlertidig transportere dei til EU. Ifølge EMD er det altså ulovleg å sende dei via Rwanda, men dei kan ikkje motsette seg at dei blir sende til Albania, som har signert denne konvensjonen.
EU-domstolen dømmer ikkje i menneskeretssaker. Den har berre til oppgåve å overprøve legaliteten til rettsakter frå unionen og sikre einsarta tolkning og bruk av EU-direktiva [1]. Det er ein forvaltningsdomstol. Men no har Direktiv 2013/32, som fastset gjeldande prosedyrar, oppheva Direktiv 2005/8. Den gamle teksten inkluderte ei avklaring som no Europakommisjonen no har fjerna. Retten konkluderte med at det ikkje er mogleg å omtale statar som “trygge”, og såleis som destinasjonar for migrantar som har fått ordre om å forlate territoriet, så lenge desse mållanda har område som ikkje er “trygge”. På den tida [2013] handla det nemleg om å hindre at syriske flyktningar skulle returnere til heimlandet sitt, sjølv om deler av landet ikkje lenger var under jihadistangrep. EU hadde tilpassa politikken sin til den som vart ført av USA og Israel. Dei ønska å fråta Syria folket sitt for å svekke landet militært.
Dette er bruk av ein militær teori frå NATO: “migrasjon som krigsvåpen”. Dette konseptet vart først implementert under Jugoslavia-krigane. CIA hadde greidd å overtale kosovarane til å forlate landet for å flykte frå Beograd sine kampar mot KLA-terroristar. Ei lang kolonne sivile la då ut mot Makedonia langs ei toglinje. Makedoniarane, litt forvirra, ønska dei velkomen. Bilda av denne utvandringa vart brukt av NATO sine kommunikasjonstenester til å påstå at president Slobodan Milošević undertrykte den kosovariske minoriteten, og på den måten rettferdiggjorde dei NATOs illegale invasjon av Jugoslavia.
Dette konseptet vart studert av Kelly M. Greenhill [2]. Det vart brukt av CIA til å prøve å styrte president Nicolás Maduro ved å forårsake at over 5 millionar venezuelanarar flykta [3]. Ein kan difor sjå to ulike militære bruksområde for migrasjon: enten for å anklage ei regjering for undertrykking, eller for å utarme folketalet deira. Ein må forstå at desse folkevandringane, i motsetning til kva ein gjerne først trur, ikkje er meint for å unnsleppe krig, men at dei er krigen. Ofte skjer dei rett før militære operasjonar.
Dette konseptet bør ikkje forvekslast med kapitalismens konsept, som Peter Sutherland presenterte den 21. juni, 2012, under ei høyring i det britiske House of Lords [4]. Han erklærte at kvart individ må ha sjansen til å studere og arbeide i det landet dei sjølv vil, noko som er uforeinleg med all politikk som legg restriksjonar på innvandring; og at migrasjon skapar ein dynamikk som er avgjerande viktig for den økonomiske utviklinga, uavhengig av kva innbyggarane i vertsnasjonane meiner om saka. Derfor må EU underminere homogeniteten mellom nasjonane sine, konkluderte han med.
Dette er den økonomiske visjonen som Ulrich Grillo, presidenten for Tysk industris føderasjon, hadde utvikla den 22. desember 2014, for å oppmode kanslar Angela Merkel til å ta 800 000 immigrantar inn i landet sitt [5].
FNs generalsekretær på den tida, António Guterres, forsvarte denne økonomiske visjonen. Til den oppgåva fekk han råd frå Peter Sutherland. I sin presentasjon av utkastet Global Compact for Safe, Orderly and Regular Migration, erklærte spesialrepresentanten hans, Louise Arbour, at: “Demografiske data antyder at viss dei [dei rike landa] vil behalde sine noverande økonomiske nivå eller til og med få økonomisk vekst, så vil dei måtte ta imot godt opplærte utlandske arbeidarar for å møte krava til arbeidsmarknaden.” [6]
I fleire år har denne migrasjonsvisjonen blitt støtta av George Soros via hans innverknad på EMD [7]. For han handla det om å destabilisere statar i namnet til “open societies”.
EU-domstolen si avgjerd har ingenting å gjere med den tidlegare politiske syklusen, men utelukkande med NATO sine erfaringar i Jugoslavia, Dei store innsjøane [i Afrika], Libya, Syria, Venezuela og veldig snart i Moldova.
Domstolen baserte avgjerda si nettopp på tolkninga av situasjonen i Moldova. Moldova vart sjølvstendig då SSSR gjekk i oppløysing den 27. august 1991, åtte dagar etter at Transnistria erklærte seg uavhengige (den 19. august). Denne vesle republikken var opprinneleg sett på som ukrainsk. Etter Molotov-Ribbentrop-pakta vart den av Stalin innlemma i den delen av Romania som heiter Moldavia. I trettitre år har dei to vore heilt åtskilde, men FN registrerte Transnistria som ein region i Moldova i 1991. EU-domstolen ansåg at Moldova ikkje er «trygt», på det grunnlaget at Transnistria ville vere ein «opprørar»-region, sjølv om dei var heilt uavhengige sjølv før Moldova vart det.
Det har seg slik at Transnistria, no Den moldaviske republikken Dnestr, laut stå opp mot NATO under ein krig som Vesten falskt presenterte som «den moldovske borgarkrigen», sjølv om den moldovske arméen aldri deltok i den. Den 17. september, 2006, gjennomførte denne vesle republikken ei folkerøysting der 97,2% uttrykte ønske om å slutte seg til Den russiske føderasjonen. Det same skjedde i 2014, då naboen Krim vart sleppt inn i Den russiske føderasjonen [8].
Då Rand Corporation, tankesmia til den US-amerikanske militær-industrielle lobby, presenterte sin plan for å strekke Russland over bristepunktet og destabilisere dei (Overextending and Unbalancing Russia) for Representanthuset den 5. september 2019, insisterte representantane på å starte ein krig i Ukraina, eller – om det ikkje skulle gå – i Transnistria [9]. Etter at dei fundamentale nasjonalistane feila i Ukraina, tenkte Washington raskt på å gire opp og starte ein krig i Transnistria/Moldova [10].
Etter at planen til RAND Corporation var skissert opp, vart det snart oppretta Wikipedia-sider på 43 språk om “Dnestr-krigen” i 1992. Dette illustrerer utmerkt korleis Atlanter-propagandaen arbeider. Presentasjonen av hendingane ignorerer CIA si rolle i kampane. NATO-styrkar blir kalla “moldovske”, når dei eigentleg var rumenske. Samanlikn desse sidene med artikkelen eg skreiv om emnet for sytten år sidan [11]. Sjekk referansane. Dette fantasifulle narrativet blir slukt rått i god tru av alle Vestlege journalistar.
Den 20. oktober 2024 skulle moldovarane velge president og avgjere om dei skulle inkludere søknad om EU-medlemskap i grunnlova si. Overrasking: dei valde å gjenvelge pro-EU Maia Sandu til president, men røysta imot at landet skulle bli medlem i ein overnasjonal organisasjon. Washingtons plan hadde sett føre seg ein slags reprise av Maidan-kuppet i 2014. Denne gongen handla det ikkje om å plassere “fundamentale (integral) nasjonalistar” ved makta, men om å framprovosere ein krig med Transnistria. EU-domstolen hadde bana vegen ved å forby borgarar som nekta å delta å returnere til Moldova.
I starten fordømde president Maia Sandu det ho kalla “eit eineståande angrep på demokratiet”. “Kriminelle grupper som handlar i samspel med utlandske styrkar som er fiendtlege overfor våre nasjonale interesser, angreip landet vårt med titals millionar euro, løgner og propaganda” for å “fange landet vårt i uvisse og ustabilitet”, spesifiserte ho. Deretter, etter at utlandsrøystene var telde opp, kunngjorde Valkommisjonen siger Ja-sida med 50,28% av røystene, eit resultat som breie lag i Moldova fordømde som valfusk, men som vart applaudert i pressa i Vesten.
Oversettelse
Monica Sortland
[1] Affaire C-406/22, Ordonnance du 4 octobre 2024, Cour européenne de Justice.
[2] “Strategic Engineered Migration as a Weapon of War”, Kelly M. Greenhill, Civil War Journal, Volume 10, Issue 1, July 2008. «Understanding the Coercive Power of Mass Migrations,” in Weapons of Mass Migration : Forced Displacement, Coercion and Foreign Policy, Kelly M. Greenhill, Ithaca, 2010. “Migration as a Coercive Weapon : New Evidence from the Middle East”, in Coercion : The Power to Hurt in International Politics, Kelly M. Greenhill, Oxford University Press, 2018.
[3] “The Venezuelan Disinformation Campaign”, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 6 September 2019.
[4] “The puppeteers of the migration crisis”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 2 May 2016.
[5] “The phoney « refugee crisis »”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 7 September 2015.
[6] “EU should ’undermine national homogeneity’ says UN migration chief”, Brian Wheeler, BBC, June 21st, 2012.
[7] Les ONG et les juges de la CEDH (2009-2019) et L’impartialité de la CEDH – Problèmes et Recommandations, Grégor Puppinck, Delphine Loiseau et Nicolas Bauer, Centre européen pour le droit et la justice (2020 et 2023).
[8] “Transnistria seeks to join Russian Federation”, Voltaire Network, 24 March 2014.
[9] Overextending and Unbalancing Russia, James Dobbins, Raphael S. Cohen, Nathan Chandler, Bryan Frederick, Edward Geist, Paul DeLuca, Forrest E. Morgan, Howard J. Shatz, Brent Williams, Rand Corporation, April 2019. Voir aussi les détails du plan dans Extending Russia : Competing from Advantageous Ground, Raphael S. Cohen, Nathan Chandler, Bryan Frederick, Edward Geist, Paul DeLuca, Forrest E. Morgan, Howard J. Shatz & Brent Williams, Rand Corporation, May 25, 2019.
[10] “Rand Corp: how to destroy Russia”, by Manlio Dinucci , Translation Pete Kimberley, Il Manifesto (Italy) , Voltaire Network, 21 May 2019.
[11] « En 1992, les États-Unis tentèrent d’écraser militairement la Transnistrie », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 17 juillet 2007.
Originalens tittel:
L’OTAN, les migrants dans l’UE et la guerre à venir en Moldavie
Signerte innlegg står for forfatterens regning og gjenspeiler ikke nødvendigvis redaksjonens oppfatninger.