
Fakta – det er farlig det. Gjennom mange år og i mange land har vi sett at fakta som er ubehagelige for makta har blitt sensurert. Det er ikkje noko nytt. Det nye er at den såkalte venstresida, og særlig partiet Raudt har blitt makta sin vakthund som skal passe på at ubehagelige sanningar ikkje kjem ut.

Heilt frå Sosialistisk Folkeparti blei danna i 1960 såg partia SV/SV og seinare SUF/AKP/RV/Raudt det som si oppgåve å avsløre USA-imperialismen og den urettferdige verdsordninga som USA/NATO/EU heldt oppe med politisk/økonomisk/militær/kulturell makt. Og begge partia og avisene Orientering/ Ny Tid og Klassekampen gjorde ein stor innsats her. Dei sto for ei rekke avsløringar og maktapparatet hadde ofte god grunn til å frykte dei.
Så byrja noko å skje. Partia blei lei av å bare bli nedstemt og ville ha makt. Sjansen opna seg da Ap ikkje lenger kunne regjere aleine, og SV gikk inn i regjeringa i 2005. Da kunne ein ikkje lenger komme med avsløringar av hemmelige basar og maktmisbruk. Motstanden mot NATO og EU blei lagt til side så han ikkje skulle stå i vegen for taburettane.
Din støtte holder oss gående!
steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.
Støtt oss herI 2023/24 var det Raudt sin tur. Først sa partileiinga og fleirtalet ja til norske våpen til Ukraina, deretter røysta partiet for forsvarsforliket, og etter at den utanrikspolitiske opposisjonen var lagt ned, sa ein seg som krona på verket klar til å gå inn i regjering. Med dette var ein i hovudsakene i utanrikspolitikken heilt på linje med resten av Stortingspartia. Dette var ei total heilomvending i forhold til alt det partiet med forgjengarar hadde stått for sidan starten. Det var den ultimate kontrarevolusjon og dermed blei alt som var sagt før farlig. Sidan tidligare uttalte sanningar var vanskelige å argumentere mot for eit parti som skulle stå fram som sosialistisk, blei løysinga å ikkje seie noko, samt å stemple dei som sa dei ubehagelige sanningane som putinistar og konspirasjonsteoretikarar.
Dermed blei bl.a. desse utvilsame sanningane tabu:
– At USA/EU/IMF tvang gjennom ein «sjokkterapi» ved samanbrotet i Sovjetunionen, som førte til enormt fall i levestandarden i Russland, og at Putin har fått oppslutning med å gjenreise økonomien.
– At USA braut løftet om å ikkje utvide NATO austover og utløyste krigen med også å krevje Ukraina inn i NATO.
– At USA frå 2. verdskrigen har samarbeida med ukrainske fascistar om å rive Ukraina laus frå Sovjetunionen og etter at Ukraina blei eigen stat stått bak to kupp i landet.
– At Ukraina hyllar si fascistiske fortid og at nazigrupper har blitt styrka gjennom krigen, opprusta av USA/NATO.
– At Ukraina er eit totalt gjennomkorrupt land og at all venstreopposisjon er forbode.
– At styret som USA sette inn på Majdan har undertrykt nasjonale minoritetar og at eit fleirtal av dei russisktalande ikkje vil vere under dette styret.
– At USA er ein stat basert på utrydding av urfolket og dermed ein illegal stat, basert på erobring, slaveri, rasisme og pengemakt. At denne staten ikkje er eit demokrati, men ein fiende av alle verdas folk.
– At Israel er ein utpost for den europeiske/amerikanske imperialismen og at «våre allierte» er fullt ut medskuldige i folkemordet i Gaza.
– At store delar av partileiinga i Arbeiderpartiet har fungert som betalte eller ubetalte agentar for USA sidan under 2. verdskrigen.
– At USA og «våre allierte» har ført krigar for eiga vinning i hundrevis av år, og fortsatt gjør og vil gjøre det, og no er i ferd med å føre oss inn i den tredje verdskrigen.
Alt dette veit leiinga i Raudt. Alt dette veit leiinga i SV. Men dei veit også at å fortelje desse sanningane vil støyte dei ut av det gode selskapet. Det vil ikkje lenger bli godt å sitte på Stortinget. Det vil ikkje vere sjans til å komme med i regjering eller få posisjonar i kommunar og fylke. Den romslige pengestøtta til Klassekampen frå staten og den AP-dominerte fagrørsla vil vere i fare.
Det er eit val dei har tatt. Tilgi dei ikkje – dei veit kva dei gjør!
Svein Lund
tidligare medlem av SF, AKP og Raudt.
oss 150 kroner!


