Veien videre etter kapitalismen

0
Frigjøring.

Bertil Carlman, i «Hva slags samfunn snakker vi om?» (9.11.), stiller gode spørsmål til min seinaste artikkel: «Bank og finanstjenester i et progressivt samfunn» (8.11.), og han etterlyser tydelegare omgrep. Samtidig resonnerer han vidare kring tanken om eit meir rettvist samfunn, ei betre verd.

Edvard Mogstad.

Artikkelen min var for kort til å gjera greie for alle omgrepa som blei lansert, som «progressivt samfunn», «pseudokultur» og «dei nye Forente Nasjonar». Formålet med artikkelen var å drøfte pengepolitikk, men Carlman ønsker å vita konteksten, kva slags samfunn eg meiner denne politikken skal verke i.

Det progressive samfunnet eg har i tankane, er beskrive i den siste boka mi, PROUT. Veien videre etter kapitalismen (Lanser forlag 2025), som de kan bestille frå meg (utselt på Tronsmo), men viktige sider ved økonomien er skildra på steigan.no i «P.R. Sarkar: økonomiens Montesquieu», 16.4.2025. Hovudideen er ei tredeling av økonomien i offentleg nøkkelverksemd og -tenester, kooperativ industri, og mindre private verksemder. Dette kallar somme blandingsøkonomi og andre sosialisme. Men hovudsaka er at folk skal kjenne at dei har kontroll over sin eigen kvardag, for ifølgje Sarkar er politisk demokrati meiningslaust utan økonomisk demokrati.

Carlman gir interessante sitat frå Vijay Prashad om det kinesiske samfunnet:

«.. i Kina finns det kapitalister, men det finns ingen kapitalistklass. De får inte skapa sina medier. De får inte kontrollera politiska partier. De får inte köpa sig fria från valsystemet. De fungerar inte som en klass. De existerar [bara] som kapitalister. Och detta på grund av den politiska roll som Kinas kommunistiska parti spelar. Så på grund av detta är Kina definitivt ett socialistiskt land i en process för att bygga socialism». 

Dette er eit viktig poeng. Forretningsfolk skal få lov til å halde fram med business, men dei skal ikkje lenger vera den leiande klassen, slik som hos oss, og forretningane skal, sjølvsagt, ikkje skade samfunn eller natur.

Carlman spør «vad menas med pseudokulturelt press?» I kapitlet «Kultur» i Veien videre.. prøver eg å gje ei forklaring:

Kvardagen vår er manipulert av sensa­sjonsjournalistikk, spekulativ reklame, rus­middel, pornografi og andre media i ein døgnflugekultur som vi med eitt ord kan kalle pseudokultur.

«Dei nye Forente Nasjonar» er eit omorganisert, rettvist FN, med forholdsvis representasjon i eit kammer, og like mange frå kvart land i eit anna kammer, med forbod mot krig, med Keynes’ verdsvaluta Bancor, osb. Men dette får vi kanskje ikkje oppleva i vår levetid, men eg tar bryderiet med å skildre det lell, av omsyn til ungane våre, i kapitlet «Politisk lederskap» i Veien videre..

Carlman har ein sukk til slutt: «Det kommer att ta tid, innan vi i Sverige har en kritisk massa (…) som kommer att vilja skapa ett progressivt samfunn, bort från rådande kaos, bort från barbariet.»

Denne sukken delast av svært mange i Norge òg, og i Norden, i Europa, i heile Vesten. Men utviklinga går raskare enn før, og det er greitt at vi no i tide får fram gode haldbare alternativ.


Forrige artikkelKrigsdagbok del 268 – 4. til 6. november 2025
Neste artikkelHva har Faktisk skrevet om Trumps tale?