Bank og pengevesen i et progressivt samfunn

0
Artikkelforfatteren prøver å skissere et alternativ til dagens finanskapitalistiske system.

I dag er størstedelen av pengane i omløp, bortsett frå setlar og mynt, som berre utgjer omtrent 3 prosent av pengemengda, skapt av bankane i det dei utsteder lån. Dette er ‘bankpengar’. Lønn og andre utbetalingar frå Staten går innom kontoar i bankane, der dei i sin tur blir nytta til å generere nye utlån. Pengar som blir skapt av sentralbanken, kallast reservar, og dei blir berre brukt av andre bankar og regjeringa, dei er ikkje tilgjengelege for publikum eller føretak.

Edvard Mogstad.

[Det følgjande er siste del av kapitlet «Økonomi for folket» frå «PROUT. Veien videre etter kapitalismen» av Edvard Mogstad (2025). Til denne delen er det lagt til eit nytt avsnitt om ‘Øko-pengar’.]

Profittmotiv

Bankane haustar profitt på dette monopolet på pengeskaping, i tillegg gir det dei også makta til å dirigere investeringane dit dei ønsker, basert på deira eigne ønske om maksimum profitt. Dette banksystemet er ei viktig årsak til dei kraftige svingingane i opp- og nedgangstider som pregar vår tids kapitalisme; dei blir forsterka av bankane sine utlån og pengeskaping under oppgangane, og skjerpar nedturane når kreditt blir inndratt.

Nasjonal valuta

Det er ingen grunn til at private bankar skulle hauste profitt ut av samfunnets behov for pengar, og dessutan ha monopol i tillegg. I eit progressivt samfunn bør makta til å skape nasjonale pengar bli lagt til Staten, ikkje til private individ. Lokale pengeeiningar kan visse stader fungere som eit godt supplement, og vi kan opp­muntre dette, sjølv om dei ikkje kan erstatte den nasjonale valutaen.

Utlån med full reserve

Det er muleg for regjeringa å kontrollere pengeskapinga gjennom ‘utlån med full reserve’, slik som Chicago-planen føreslår, der bankane er tvungne til å halde 100% reservar for alle utlån dei utsteder.[1]

Men det finst ei mykje betre løysing; ganske enkelt å avskaffe bankpengane fullstendig, og lata alle og ein kvar, regjeringa, bankane, privatpersonar og selskap, bruke pengar direkte som er skapt av sentralbanken. Denne løysinga har internasjonale namn som ‘Sovereign Money’ og ‘Positive Money’.[2]

Sikre innskott

Gjennom denne løysinga vil alle pengar bli skapt av Staten. Følgeleg vil ikkje pengemengda vera avhengig av tilstanden til banken, og pengane vil ikkje forsvinne sjølv om banken skulle gå konkurs. Innskotta er sikre.

Men det må setjast grenser for pengemengda, som ikkje skal vera større enn det finst dekning for i realøkonomien.

Ein ny garanti: «Øko-pengar»

Den tradisjonelle sikkerheita for pengane i moderne tid har vore gull. Etter krigen var dollar bunden til gull, og alle andre valutaer til dollar, etter Bretton Woods-systemet i 1944. Denne gullstandarden følte imidlertid USA seg tvungen til å forlate i 1971, og i dag har vi ei pengemengd i dollar som er heilt hinsides dekning i verkelege verdiar, og eit krakk verkar uunngåeleg.

Gullstandarden blei opplevd som ei tvangstrøye av eit næringsliv som ønskte å ekspandere, sia pengemengda var avgrensa til gullbehaldninga.

Men det går an å finne ein utveg mellom gull og «fri flyt» (dei såkalla fiat-pengar). Det er å binde pengemengda ikkje berre til gull aleine, men til alle metallar og alle andre naturressursar; – til heile økosystemet. Dette gir større olbogerom enn gullstandarden, men det skal hindre ekspansjon utover nasjonale økosystems tålegrense. Det skal vera muleg å taksere alle naturens ressursar på vitskapleg vis og halde pengemengda innafor desse grensene. Dette systemet kallast EcoMoney av grunnleggjarane av ideen, dei proutistiske økonomane Sten Rodenborg og James Quilligan.[3]

(Proutisme etter Progressive utilization theory forkortet PROUT. Den progressive utnyttelsesteorien (PROUT) er en sosioøkonomisk og politisk filosofi skapt av den indiske filosofen og åndelige lederen Prabhat Ranjan Sarkar. Red.)

Rentefrie pengar

Pengane setjast i omløp ved ei rekke mekanismar; som direkte bruk av regjeringa til hennar samfunnsoppdrag, infrastruktur, lønner og trygder, offentlege arbeid og lån til bankar. Desse pengane, utanom låna, blir frie for renter. I dag er alle pengane som blir utstedt av både sentralbankane og låna frå dei kommersielle bankane, belagt med renter. Tilbakebetaling kan berre skje ved å ta opp nye lån. Dette gir ein grunnleggande ubalanse i sys­temet, idet heile pengevesenet er basert på gjeld, ei gjeld som nødvendigvis må vokse. Dette gir opphav til sykliske nedturar og samanbrot som eit nytt fripengesystem vil fri oss for.

Bankar og andre finansielle institusjonar bør eigast av kom­munar, fylke og kooperative kredittsamband, sia ulempene ved å ha desse vitale ressursane i private hender langt overstig fordelane. Kreditt vil systematisk bli kanalisert til samfunnsnyttige investeringar, som opp­bygging av nye føretak, infrastruktur, undervisning osv. Når desse bankane er private, går utlån og investeringar for det meste til allereie eksisterande verdiar, som bustader og finansielle verdipapir, noko som fører til kunstig oppskrudde prisar («asset price inflation»). Lån til slike typar eksisterande verdiar må regulerast.

Tapsdeling

Bankinnskott vil bli av to slag. Dei heilt sikre kan setjast inn i sentralbanken, formidla av lokale bankar, men utan å hauste renter. Men innskytarane kan også få renter, viss de er villege til å ta risiko. Desse innskotta låner bankane ut til prosjekt av ymse slag, som løper ein viss risiko for å feile. Tapet delast av banken og inn­skytarane, etter ein lovregulert sats.

På den internasjonale arenaen

Det må bli slutt på ordninga med at eitt eller to land har monopolet på å utstede verdas handelsvaluta, slik USA har i dag. Denne ordninga gir ein urettferdig fordel og har opna for grovt misbruk.

Nøytral verdsvaluta – Bancor

Ei av oppgåvene til dei nye Forente Nasjonar blir å forvalte den Internasjonale Fellesbanken. Når US-dollaren bryt saman som verdsvaluta, vil det oppstå eit visst kaos, og handelen vil halde fram med forskjellege nasjonale valutaer, ved sia av byttehandel.

Men vi tar opp att Keynes’ gamle ide frå 1944 om ein nøytral verdsvaluta, den han kalla Bancor. Den nye internasjonale valuta vil fungere som ein referanse for dei nasjonale valutaer, som sett ein fast vekslingskurs mellom sin eigen og Bancor, for å hindre spekulativ valuta­handel og gjera internasjonale forretningar enklare.

Fellesbanken yter lån og støtte

Kvar nasjon får ein konto i Fellesbanken som klarerer handel nasjonane imellom. Viss ein nasjon har vedvar­ande underskott på handelen med utlandet, så søkk klareringskontoen, og landet må devaluere, om nødven­dig med tvang. Fellesbanken yter lån og støtte til under­utvikla regionar.

Viss en nasjon køyrer vedvarande overskott, så må landet revaluere sin valuta, om nødvendig med tvang, og hjelper ikkje dette, så blir det lagt ei prosentavgift på betal­ings­­overskottet på kontoen i Fellesbanken.

Sluttord

Folk over heile verda er under eit kraftig pseudokulturelt press frå media, dytta på oss av det kapitalistiske systemet som eit ledd i å finne arenaer for profitt. For å få råd til alt samfunnet sett som standard, både av reelle og kunstige behov for normal levestandard, må ofte alle arbeidsføre familie­med­lemmer arbeide minst sju-åtte timar kvar dag, på kostnad av familiens eigne behov. Folk i lægre inntektsgrupper må arbeide i fleire jobbar for å få endane til å møtast.

Auka fritid

Kombinasjonen av manglande nærvær av om­sorgs­personar og tung pseudokulturell innflytelse har ein avsporande verknad på folk, ikkje minst på barn og ung­dom, frå det som gjer livet meir verdifullt. Auka fritid kan gje oss betre tid til familien og å dyrke våre interesser, hobbyar, sport, kunst, edle gjeremål og eigen realisering.


[1] Benes, J., & Kumhof, M: The Chicago Plan Revisited. International Monetary Fund 2012.

[2] Jackson, A., & Dyson: Modernizing Money: Why Our Monetary System is Broken and How It Can Be Fixed. London: Positive Money 2014. Ole Bjerg (2013). Gode penge. Et kontant svar på gældskrisen. Informations Forlag, København 2013.

[3] ‘Proutistisk’, av PROUT, Progressive Utilization Theory, lansert av PR Sarkar i 1959. Quilligan var i si tid sekretær for Brandt-kommisjonen 1980-87.


Dette er en debattartikkel og forfatteren håper på å få kommentarer.

Forrige artikkelTysk advokat avslører transatlantisk krigsøkonomi
Neste artikkelFirst House styrker sin skyggeregjering