
Åtaket på russiske flybasar var utan tvil audmjukande for Russland. Ein god del strategiske bombefly vart øydelagt, sjølv om tala på øydelagde fly framleis er omstridde.

Men åtaket er samstundes eit ope åtak på «New Start» – den omfattande atomavtalen som for femten år sidan erstatta Start-avtalane. Denne avtalen er uansett snart historie – og det å forhandla seg fram til ein ny avtale er ein svært krevjande prosess. Etter gårsdagens åtak er det ingen grunn til å vera optimist – det ser ut til at alle nøkkelavtalane som låg bak avspenninga og atomnedrustinga frå midten av åttitalet no effektivt er øydelagt. ABM-avtalen og INF-avtalen er allereide øydelagt.
Kvifor stilte dei dumme russarane den strategiske bombeflyflåten sin opp på rekke og rad på flystripa, slik at dei ukrainske dronene lett kunne navigera seg fram til målet? Dei gjorde det avdi dette er ein av tinga dei pliktar å gjera etter «New Start»-avtalen. Det er ein av mekanismane som skal sikra at det mogleg å følgja med på om motparten held sin del av avtalen. Til gjengjeld skal sjølvsagt USA syta for at desse flya ikkje blir utsett for åtak.
Det vart dei – og no finst det to alternativ. Kva som er verst, er vanskeleg å seia.
1. Trump visste om dette åtaket – og braut difor «New Start» med opne augo.
2. Trump visste ikkje om dette åtaket – og har ikkje so mykje kontroll på ein alliert stat at han greier hindra brot på avtalar som er heilt avgjerande også for amerikansk tryggleik.
Med gårsdagens åtak er den siste av Henry Kissingers store vinstar som utanriksminister øydelagt. Normaliseringa med Kina, som endra makttilhøva i dei tretti åra som følgde, er erstatta av ein tett allianse mellom Russland og Kina – det som Kissinger greidde blokkere tidleg på syttitalet.
Men også nedrusting- og avspenningsregimet er eit produkt av Kissingers periode som utanriksminister – trass i at nedrustingstraktatane hadde ein trongare fødsel. Det var Kissinger – i tett allianse med CIA – som fekk banka på plass prinsippet om «trust, but verify» i tingingane med Sovjetunionen. Gjennom «trust, but verify» fekk ein på plass eit regime der dei to store atommaktene hadde eit gjensidig, balansert regime av avskrekking mellom seg. Og der våpentypar som skapte unødig risiko for at ting kom ut av kontroll, som mellomdistanserakettar, vart avskaffa. Kissinger var Moses i dette prosjektet – han som starta det, og som såg inn i det lova landet. Men dette var svært krevjande forhandlingar, som ikkje minst kløyvde Washington i ulike parti. Nedrustingstingingane på syttitalet vart dei nykonservatives veg til ei hand på rattet: Dei var i opposisjon til Kissinger, og allierte seg med gamle kaldkirgarar som Paul Nitze. Under Reagan var det ein breid koallisjon bak Reagans politikk. Men Reagan hadde eit sterkt, personleg engasjement mot atomvåpen – og alliert med den faglege tyngda til folk som Nitze kunne «trust, but verify» gjerast til eit omfattande avtaleverk som sikra oss mot trugsmålet om atomkrig.
På flyplassen i Sibir ligg no vrakrestane av «trust, but verify». Tilliten desse avtalane bygde på er øydelagt i dette opne åtaket på «New Start». Men også verifiseringsmekanismen – at dei strategiske atomstyrkane skal vera synlege for motparten – er no øydelagt. Systemet for atomavtalar mellom dei to store atommaktene – eit system som vart påbyrja av Kennedy etter Cuba-krisa med prøvestansavtalen (som Averell Harriman, krigstidas ambassadør i Moskva, forhandla fram) er no øydelagt, og det er veldig, veldig lite å byggja på om nokon igjen ønskjer ei verd som er nokolunde avspent og trygg.
Det står ikkje eit ord i avisa om dette.
Men det er mykje som det ikkje står noko om i avisa. Den siste månaden – mai – har Ukraina mista nær 500 kvadratkilometer i krigen i Donbass. Trenden er aukande – etter at den russiske offensiven sette ned farta i vinter. Toppunktet var november i fjor, då Russland erobra 700 kvadratkilometer. Ukrainarane har ikkje erobra ein einaste kvadratkilometer tilbake sidan september 2023.
Retrett styrkar ikkje forhandlingsposisjonen din. Særleg ikkje om du kombinerer retrett med stadig aukande mobiliseringsproblem. Helgas åtak kjem på kort sikt til å gje auka oppslutning om Zelensky og politikken for å vidareføre krigen i Ukraina. På lengre sikt vil den føra til nøyaktig det same som den ukrainske offensiven i Kursk i fjor: Forlenging av krigen, meir tilbaketrekning, større tap. Det tilbodet Ukraina hadde på bordet fram til 2022: Kontroll over eige territorium (unntatt Krim) i byte mot kulturelt sjølvstyre i Donbass etter modell av Sør-Tirol, er no heilt uoppnåeleg.
Men krigen held fram – og viljen til å ta risiko er aukande. No har denne risikoen kome dit at ein er viljug til å spela russisk rulett med russisk atomdoktrine. I følgje den russiske atomdoktrina, som vart revidert i fjor, kan Russland ta i bruk atomvåpen i tilfelle «attack by [an] adversary against critical governmental or military sites of the Russian Federation, disruption of which would undermine nuclear forces response actions.”
Denne terskelen er no kryssa. Det tyder ikkje at atomkrigen byrjar no. Men det tyder at dei mekanismane som skal sikra oss mot at atomkrigen skal byrja no blir raskt bygd ned.
Gjørmebryting
Når avisene ikkje skriv om dette – som jo er ganske vesentleg informasjon – kva skriv dei om då?
Dei freistar – så godt dei kan – å hindra vettug debatt om desse, og andre sider av den krigen som no går inn i sitt fjerde år. Og dei er viljuge til å gå langt for å oppnå dette.
Då partiet Fred og Rettferdighet nyleg lanserte sin valkamp med ein annonsekampanje på T-banen i Oslo, sette dei store mediene i Noreg gjødselspreiaren på maksimal effekt. Sentrale politikarar og synsarar gjekk ut med påstander om at:
– Kampanjen var truleg finansiert av Russland.
– Dette var ein kampanje som truleg var utforma av russiske tenester: «Hybrid krigføring».
– Ein byrja ein svært personretta kampanje der ein omsatt og omatt gjentok løgna om at «Glenn Diesen brukar uheiderlege metodar i si forsking», for å etablera dette som «sanning».
Slik freista ein forgifta ordskiftet frå byrjinga av – ikkje utan resultat. Nettdebattane flauma over med aggressive tiradar bygt på premisset om at «FOR» er «russiske agentar» og «landssvikarar». Og – akkurat som venta – gav dette også næring til trugsmål og hets mot FORs mest kjende andlet. VG og andre gav også positiv dekning av at aktivistar frå MdG dreiv hærverk mot andres ytringsfridom.
Problemet? Ingenting av dette var sant. Eg veit ikkje om Ine Eriksen Søreide visste at ho laug då ho påstod at det truleg var russisk finansiering bak T-bane-annonsane. Men ho visste at ho ikkje hadde fnugg av prov, og at det einaste ho hadde å byggja på var eigen fantasi. Kor trygge er vi i framtida om vi har utanriksministrar som har så veik vurderingsevne?
Men Eriksen var ikkje åleine – ein heil flokk med folk på same argumentasjonsnivå vart invitert inn til dei redaktørstyrte latrinene for å fylla dei med piss og dritt. Det var faktisk dei alternative – Document.no, I Nyheter og liknande – som var synleg edru då Maran Ata-stemninga tok av.
Ingenting av dette plagar meg spesielt. Eg trur ikkje betre om redaktørane i norsk presse. Eg trur ikkje betre om dei fleste norske politikarar – som jo i mange tilfelle er av min generasjon, og som eg i nokre tilfelle kjenner. Dette er heilt som forventa.
Det som plagar meg, er at denne typen åtak mot eit heilt folks sunne vurderingsevne ofte er ganske effektive. Eg byrja å interessera meg for Ukraina lenge før 2014 – Ukraina er eit viktig land i jødisk historie i Europa. Eg er vel av dei nordmennene som har lese mest på «Ukrainian Archives» – før den nettsida vart øydelagt av hackarar. Maidan-protestane enda med at president Janukovitsj vart avsett med makt, på tvers av grunnlova. Dette skjedde samstundes på tvers av ein avtale mellom Janukovitsj og opposisjonen som sentrale utanriksministrar i EU som Steinmeier og Sikorski garanterte for. Den russiske utsendingen som hadde vore med å forhandla fram denne avtalen signerte ikkje eingong – avdi han meinte avtalen ikkje var inngått i god tru. Slik det såg ut for meg hadde ein – med jubel – fått lokket av Pandoras eske.
Sidan dette skjedde er nær ein million menneske drepne. Men potensialet er mykje, mykje større.
Då eg såg at lokket var tatt av Pandoras eske, meinte eg at mi borgarplikt var å faktisk skaffa meg større kunnskap om det som skjer og skjedde i landet. Og samstundes slåss for ytringsfridom – slik at vi kan diskutera desse tinga vettugt. Bøker vart bestilt etter kvart som dei kom ut. Eg byrja følgja dei løpende kommentarane til sentrale Russlandskjennarar som Stephen F. Cohen. Og eg las meg opp på historia til det diplomatiske tilhøvet mellom USA og Russland – inkludert sentrale personlegdomar i denne historia som Loy Henderson, George F. Kennan og Paul Nitze.
Samtidig vart dekninga i norske aviser stort sett dummare og dummare. Ikkje utan unntak – Julie Wilhelmsen var av og til i stand til å seia vettuge og solid underbygde ting om Russlands rolle i krigen. Men at Wilhelmsen i norsk samanheng var «modig» og «kontroversiell» sa det meste. Dei som ikkje var «kontroversielle» var dei som prega mainstreamdekninga – og som utan kunnskapar om russisk språk og historie, og utan nevneverdig kunnskap om russisk politikk – kunne skriva kommentar etter kommentar bygt på dei mest fordomsfulle propagandasjablongane som vestleg propaganda har å oppdrive.
Og dette var sjølvsagt stoff for dei redaktørstyrte latrinene – akkurat som dei paranoide og oppdikta nyhenda som vart til «Russiagate» under Trumps første presidentperiode. Dei som skreiv om at Gadaffi delte ut viagra for å få troppane sine til å valdta krigsfangar – og slik legitimera overfall og øydeleggjing av Afrikas best fungerande stat – fornektar seg ikkje.
I haust stiller eg til val for «Fred og Rettferdighet». Avdi det er på tide å koma seg ut av denne flaumen av drittkasting og massemanipulasjon. Avdi eg ikkje ønskjer at ungane mine si framtid skal bli spist opp av ein meiningslaus opprustningspolitikk. Avdi atomvåpen er alt for alvorleg til å bli overlate til folk som oppfører seg og tenkjer som supporterar for ein fotballklubb.
Og avdi eg veit at partiet FOR ikkje blir finansiert av Russland. Men tvert om blir løfta fram av folk som har viljuge til å ta kostnaden – og jobben – med å karra seg opp på sikrere grunn enn vestleg krigspropaganda.
Difor stiller eg til val.
Ikkje avdi eg trur på norsk presse, eller norsk demokrati.
For det er det lenge sidan eg sist gjorde.
oss 150 kroner!


