
Men slik går det ikkje an å seie! Det er opplest og vedtatt av samtlige norske parti frå FrP til Raudt og samtlige aviser frå Aftenposten til Klassekampen at alt som kjem frå Vladimir Putin er løgn og bedrageri og at all russisk propaganda er usann. Med unnatak av FrP si vaklande støtte til Donald Trump er det same i ferd med å skje der. Dermed blir også all kritikk av desse statsleiarane sann.

Det er ikkje tvil om at det kjem løgner og feilinformasjonar frå begge desse diktatorane i både Aust og Vest. Det treng ein ikkje bruke plass på å dokumentere. Men kva om dei faktisk er inne på noko sant innimellom? Kva om dei faktisk har forstått meir av situasjonen enn mainsteam europeisk propaganda?
Kva om Putin & Co faktisk har rett i at:
– NATO lova i 1990 å ikkje utvide austover, men braut løftet totalt og har tatt opp alle land i Aust-blokka utafor tidligare Sovjetunionen og 3 tidligare sovjetrepublikkar.
– At USA sto bak kuppa i Ukraina i 2004 og 2014.
– At NATO har sabotert fleire forsøk på fredsforhandlingar.
– At den ukrainske regjeringa etter dette kuppet undertrykte den russiske befolkninga i Aust-Ukraina og andre nasjonale minoritetar.
– At det er sterke nazistiske krefter i Ukraina, med armar langt inn i statsapparatet.
– At sterke krefter i USA ønsker å dele opp Russland i mindre statar og la vestlig kapital overta næringslivet der slik den i stor grad har gjort i andre land i Aust-Europa.
– At USA/NATO sto/står bak kupp eller kuppforsøk i bl.a. Georgia, Romania og Belarus?
Kva om Trump & Co faktisk har rett i at:
– Biden ikkje ønska fred i Ukraina, men fortsatt krig for å svekke Russland.
– Zelinski stilte krav til USA som betydde fortsatt krig og ikkje fred i Ukraina.
– «Klimatiltaka» i USA under Biden og forgjengarar ikkje betyr noe for klimaet.
– Det er heilt nødvendig at stormaktene snakkar saman for å hindre ein ny verdskrig.
– USAID har gjort meir skade enn gagn.
– At det faktisk bare finst to kjønn.
Kva om nokre av tiltaka hans utilsikta har gode verknadar?
– Stopp i klimatiltaka kan hindre vidare nedbygging av natur til vind- og solkraft.
– Tollbarrierar avgrensar verdshandelen, noko som reduserer forbruket og klimabelastninga.
Kva med å forsøke å forstå kvifor begge desse statsleiarane faktisk blei valde? Det var ikkje bare manipulering og falske løfte, det var også ein utbreidd misnøye med forgjengarane. Kva om vi forsøker å forstå at Putin faktisk har ganske stor støtte i folket i Russland, fordi han klarte å gjenreise den russiske økonomien etter samanbrotet under Vesten sin yndling Jeltsin.
Kva om vi forsøker å forstå kvarandre i staden for bare å skape einsidige fiendebilde? Kva om vi prøvar å komme tilbake til det som ein gong blei kalla «fredelig sameksistens»? Kva om vi prøvar å forstå at sikkerhetspolitikk betyr at begge partar må ha sikkerhet? Kva om vi tillet oss å sjå at alle saker har to sider? Kva om vi igjen tør stoppe sensuren og synge «Din tanke er fri»?
Svein Lund
fritenkar
oss 150 kroner!


