Ein avkorta marxisme

0
Kinesisk industriarbeider. Er vestlig marxisme i stand til å forstå praktisk byggin av sosialismen?

Etter å ha budd om lag tjue år i eit sosialistisk land, undra eg meg over mine sosialistvenner i Noreg, som var uinteresserte, nedlatande, og tidvis fordømmande overfor sosialismen slik han kom til uttrykk i sosialistiske land.

Av Erik Klepsvik, Stavanger.

Det undra meg at mine vestlege kameratar ikkje makta å sjå sosialismen som ein dynamisk, kjempande, og ofte motsetnadsfull praksis, men heller som eit statisk ideal heimehøyrande på seminar og i (eigne) partiprogram. Konsekvensen av dette har vore eit svært snevert og selektivt internasjonalt engasjement til relativt små og ofte makteslause fridomskampar, ofte med vekt på individuelle menneskerettar, ikkje nasjonal frigjering. 

Den australske filosofen og marxisten Roland Boer har skrive ein teoretisk artikkel der han på sers systematisk vis gjer greie for dette fenomenet. Artikkelen heiter A Truncated Marxism: On the Ideological Structure of Western Marxism. Artikkelen analyserer vestleg marxisme, og forfattarens hovudtese er at vestleg marxisme er blitt avkorta og innsnevra. 

Roland Boer oppsummerer sin kritikk som fylgjer: Den vestlege marxismen reduserte marxistiske verk til Marx åleine, og såg spesielt bort frå Engels sitt betydelege bidrag. Denne vestlege marxismen blei i hovudsak fremja av «frilans intellektuelle» med mest ingen samband til arbeidarparti eller kommunistparti, og blei prega av ein ideologisk posisjon før ein proletarisk revolusjon («før oktober»). Han blei forma av vestleg liberalisme og imperialisme, og har stadig vekk blitt lokka inn i religiøst inspirerte utopiske versjonar av sosialismen. Den vestlege marxismen er djupt skeptisk overfor staten og nasjonal frigjering, overfor vitskap og teknologi, og overfor produktivkreftene. Denne vestlege marxismen sette si von til ein idealistisk revolusjon (eller endå betre, ein fredeleg overgang) som raskt ville utvikla eit utopisk sosialistisk samfunn organisert av folket, og utan staten. 

Boer skildrar fem tilpassingar og tre former for mistru: 

Fem tilpassingar

Den fyrste tilpassinga er «før oktober» (dvs. oktober-revolusjonen), altså tida før ein proletær revolusjon. Forfattaren fortel om ein konferanse om Lenin som han tok del i, der kinesiske utsendingar var mest interessert i Lenin etter oktoberrevolusjonen (politiske åtgjerder mot svolt, utanlands invasjon, borgarkrig, sjukdom osv.), medan nesten alle dei vestlege presentasjonane utelukkande handla om Lenin før oktoberrevolusjonen, og den lange striden som førte fram til oktober 1917. Med andre ord: Det er «før-oktober»-perspektivet som pregar det ideologiske rammeverket til vestleg marxisme, og innanfor dette rammeverket er det både teoretisk og praktisk uråd å skjøna kva byggjing av sosialisme er, trass i at me har meir enn hundre år med rike døme. 

Den andre tilpassinga er til «den frie intellektuelle»; altså eit fundamentalt brot og skilsmål frå arbeidarrørsla, og spesielt frå kommunistparti. Forsking flytta frå ei marxistisk tilnærming til «sosialfilosofi», med idealistiske versjonar av marxisme kombinert med freudiansk psykologi, tysk idealisme, samt element av europeisk romantikk og empirisk forsking. Marxisme blei etterkvart ein abstrakt teori, og ikkje ein praksis. Teoretikaren hadde valet mellom å bli medlem i ein partiorganisasjon, med den disiplin det måtte medføra, eller vera utan ein kvar partiorganisasjon som ein intellektuell frilansar, utan forankring i den klassa som som gav meining til marxistisk teori. 

Den tredje tilpassinga er til vestleg liberalisme. Boer går tilbake til Karl Kautsky og tysk sosialdemokrati, som tilpassa seg det kapitalistiske demokratiet («røysteurne-demokrati»), og seinare «euro-kommunisme», der fleirtalet av vestlege marxistar har omfamna ein idealistisk sosialisme, som ein variant av vestleg borgarleg demokrati. I dei tre landa der liberalismen fyrst rotfeste seg  – Nederland, England og USA – var slavehandel viktig for utvikling av kapitalismen, og det er nett sambandet til slaveri, og dermed ufridom, og kontrasten til denne fundamentale ufridomen, som klårgjer og definerer «fridom», vel og merka fridom for ein liten elite. Denne eliten er skiftande frå tid til anna, og i dag er den «frie» eliten tilhøyrande dei 14 prosent av verdas folk som bur i vestlege land. Mange vestlege marxistar ser også verda gjennom denne forvridde linsa til «sambandet av dei frie», som er avgrensa til vestverda. 

Den fjerde tilpassinga er til vestleg imperialisme.  Vestlege marxistar hevdar ofte at sosialisme bare let seg gjennomføra i «avanserte» kapitalistiske samfunn, og serleg dei som har blitt «opplyst» av liberale tradisjonar; dermed ser ein bort frå dei mange freistnadar på gjennomføring av sosialisme frå 1917 og fram til no, røynda til majoriteten av menneska som bur i utviklingsland. 

Den femte tilpassinga er til religiøs utopi. Med den grunnleggjande strukturerande rolla til monoteistiske religionar – jødedom, men spesielt kristendom – i vestleg kultur, er det ikkje uventa at vestlege marxistar let seg påverka. Denne påverknaden er i retning av eit transcendent syn på sosialismen som eit ukjent og uoppnåeleg mål, og søkjinga etter eit «autentisk» religiøst opphav for vestleg kultur, og den konstante tendensen til utopisk sosialisme. 

(Transcendental er et filosofisk begrep ofte brukt synonymt med transcendent om fenomen som er en forutsetning for, bakenfor, utenfor, eller hinsides all menneskelig erfaring. SNL.)

Det transcendente synet på sosialismen gjev seg uttrykk i det synet at sosialismen er klasselaus og statslaus, utelukkande fokusert på eigarskap til produksjonsmidla og fordeling av ressursar og rikdom. Ein hevdar også at dette idealet enno ikkje har funne stad i historia, til nauds i korte og idealiserte tidsrom, som til dømes under Pariskommunen. Ei slik ukjent, ikkje-opplevt og enno ikkje oppnådd verd er ei transcendent verd; denne verda er utan proletariatets diktatur, og utan den lange og vanskelege vegen for å byggja sosialismen i ei verkeleg verd, der kapitalismen vil vera til stades i lang tid. Mange vestlege marxistar freista også «oppdaga på nytt» det «revolusjonære» opphavet til vestleg kultur.

Plakat fra kulturrevolusjonen i Kina

Tre former for mistru

For eit fattig land som har fridd seg frå kolonial undertrykkjing etter lang strid for nasjonal frigjering, er rolla til staten nøkkel til utvikling; vitskap og teknologi er livsviktig for økonomisk utvikling; og det har alltid vore viktig å utvikla dei produktive kreftene for å lyfta så mange som råd ut av fattigdom.

Mistru mot staten og nasjonal frigjering

Vestlege marxistar definerer staten i ljos av den historiske utviklinga av den europeiske nasjonalstaten, med uendelege drøftingar av statens «klassekarakter». Ein er oftast djupt mistenksam overfor ei kvar form for nasjonalisme; ein finn også det synet at staten er ei forgifta gåve gjeven gjennom nasjonal frigjering, eller at kampen må førast i fyrste omgang mot internasjonale selskap. Til kontrast, i arbeida til Marx og Engels er det tydeleg at dei såg på anti-kolonialistisk kamp for nasjonal frigjering som del av kampen mot kapitalisme, og dermed som ein type klassekamp. Som Mao Zedong sa: «Nasjonal kamp er til sist eit spørsmål om klassekamp».

Mistrua mot vitskap og teknologi

Med utgangspunkt i Franfurterskulens Adorno og Horkheimer, hevdar Boer at vestlege marxistar har ei mistru og ein skepsis overfor vitskap og teknologi, med tilsvarande skepsis mot utvikling av sosialisme i utviklingsland. Adorno og Horkheimer stod for ein syn der Europa representerer ein overlegen sivilisasjon.

Mistru mot produktivkreftene

For mange vestlege marxistar tyder sosialisme fyrst og fremst at arbeidarklassa er eigar av produksjonsmidla, medan ein sosialist i eit fattig utviklingsland truleg vil meina at sosialisme fyrst og fremst er «frigjering av dei produktive kreftene», slik det har vore tilfellet i til dømes Vietnam, Laos, Cuba og Kina. Vestlege marxistar har som underliggjande premiss at det i hovudsak er fordeling, og ikkje utvikling, av produktivkreftene, som er viktig, sidan produksjonen alt er på eit høgt nok nivå. Sosialistar i fattige utviklingsland er derimot opptekne av å byggja storskala industri som kan gje alle greiner av nasjonaløkonomien nødvendig teknisk utstyr, og bare på ein slik basis gjennomføra ei fornuftig arbeidsdeling i samfunnet, ein fornuftig bruk av landets arbeidskraft og ressursar, og dermed oppnå høg produktivitet.

Ein kan konkludera med at vestleg marxisme på mange vis er eit produkt av den kalde krigen mellom ein kapitalistisk og ein sosialistisk leir. Vestleg marxisme blei ei form for venstristisk antikommunisme i ein kaldkrigskontekst, med ei skarp avvising av sosialistiske røynsler frå Sovjetunionen til Kina.

Med norske sosialistars rett nok nølande støtte til NATO, men massive støtte til vestverdas proxy-krig i Ukraina – i utakt med dei fleste sosialistar og marxistar i det globale sør –  kan ein spørja: Vil vestleg marxisme overleva?

___________________________________________________________________________________
Erik Klepsvik

Stavanger

Forrige artikkelZuckerberg: «Vi ble tvunget av Biden-administrasjonen til å fjerne covid-innlegg»
Neste artikkel«Hvordan havnet vi her?» Til 1800-tallets elitestyre?