Flipp-flopp-imperiet

0
Imperier faller, og USA viser alle tegn på å være et imperium i terminalfasen.

Om du ser nærmare på den moderne historia til USA, finn du eit markant skifte under Franklin Roosevelts presidentperiode. Tradisjonelt var det ikkje spesielt avgjerande kven som var president i USA. Kongressen vedtok budsjett og lover, senatet hadde ein sterk posisjon i all utanrikspolitikk avdi dei sat med makta til å ratifisera traktatar – og der måtte presidenten ha 2/3 fleirtal.

Av Hans Olav Brendberg.

Så presidenten hadde ikkje alt for mykje å gjera. Under dei tidlege presidentane var arbeidsmengda så lita at Kongressen meinte at presidenten ikkje trong noko sekretærhjelp: Han kunne opna og sortera posten sjølv, og gå ut på trappa for å ønska velkomen når det kom gjester. Etter kvart fekk presidenten sekretær og kokk, men sjølv så seint som under første verdskrig kunne «Nation»-eigaren Oswald Garrison Villard stikka innom hjå Wilson for å høyra om det hadde skjedd noko nytt, utan å be om plass i avtaleboka. Den føderale staten i USA var så liten at stillinga som «Postmaster General», postminister, hadde ei forvokst rolle fram til mellomkrigstida som mange i dag går glipp av. Postvesenet var føderalt, og stillinga som postminister var difor nøkkelen til å gje trufaste partifolk rundt om i landet tilgang til godt betalte, og ikkje alt for krevjande jobbar.

Første verdskrig endra ikkje vesentleg på dette. USA var full av nyinnvandra innbyggjarar frå Tyskland, Italia, Russland og andre europeiske land, og nøytralitetspolitikken var difor svært populær – og ei opplagt og svært amerikansk løysing på sentrifugalkreftene som krigen utløyste. Så greidde ein piska opp krigshysteriet i 1917 og 1918, men få år etter slo pendelen kraftig tilbake. Reglane for formuesskatt sytte for at rustningsindustrien som hadde vorte bygt opp under krigen vart demontert og fjerna – det fanst ikkje spor av noko «militærindustrielt kompleks» i 1930. Og på 1920-talet slanka Calvin Coolidge det føderale statsapparatet vesentleg.

Dette vart vesentleg endra som følgje av depresjonen, Roosevelt og New Deal. Roosevelt sitt forsøk på å dra økonomien i den kriseramma nasjonen i gang med statstiltak førde til omfattande vekst i det føderale statsapparatet, som vart dobla i tiåret frå Roosevelt tok over fram tli Pearl Harbour.

Franklin Delano Roosevelt National Memorial, Washington D.C. , USA

Ekspansjonen av den føderale staten var forankra i valresultat som gav demokratane store fleirtal i Kongressen. Men samstundes såg ein nye politikarroller veksa fram. Det amerikanske finanstilsynet, den nye lovgjevinga for elektrisitetsnett og annan infrastruktur: Alt dette vart utforma av ei gruppe med politisk svært aktive byråkratar som losa lovgjevinga gjennom i Kongressen, med støtte frå lojale partibyggjarar som Sam Rayburn frå Texas og John William McCormack frå Boston. Og ikkje minst: I denne perioden greidde unge, «progressive» juristar og karrierepolitikarar frå periferien i USA å dra saman. Dei aktivistiske juristane hadde svært ofte irsk eller jødisk bakgrunn, og danna felles front med folk som Rayburn og McCormack mot det gamle, protestantiske establishmentet på austkysten.

Før andre verdskrig fekk USA med andre ord ein regulert kapitalisme med eit grunnleggjande, sosialt tryggleiksnett. I neste omgang vart den regulerande statsmakta brukt til den omfattande økonomiske mobiliseringa som trongst for å vinna andre verdskrig. Då krigen slutta i 1945, stod USA åleine for halvparten av verdas industriproduksjon.

Samstundes med at dette skjedde, byrja framveksten av det som etter kvart vart til imperiepresidentskapen. Roosevelts sekretær, Missy LeHand, vart den første de facto stabssjefen for det Kvite Huset – og tok kontroll over tilgangen til Roosevelts tid, samstundes som ho held kontroll over ein veksande stab av tilsette.

I tillegg til den veksande staben, byrja presidentskapen å gje seg sjølv større formell makt i den føderale staten. I 1937 foreslo Roosevelt lovgjeving for å gje presidenten meir makt til å reorganisera eller leggja ned føderale reguleringsstyresmakter. Lovgjevinga vart avvist av Kongressen, men eit revidert og utvatna forslag gjekk igjennom. Den nye lova gav Roosevelt høve til å utnemna seks administrative underordna som kunne opptre på hans vegne, og likeeins makt til å kunne omorganisera dei føderale styresmaktene i den neste toårsperioden – med vetorett til Kongressen om dei var usamde i presidentens avgjerder. Denne lova førte til at Roosevelt kunngjorde Executive Order nr. 8248, som etablerte presidenten som sjef for eit «Executive Office» med fem underavdelingar, direkte under presidenten.

Med denne reformen vart presidenten i USA til eit regulært og lovfesta byråkrati. I dag er det kring 400 tilsette i «Executive Office» i det Kvite Huset, men samla er det 1400 tilsette i det som no er det åtte avdelingane i Executive Office.

Samstundes med at dette skjedde, bremsa reformane under New Deal kraftig opp. I to periodar – frå 1933 («Første New Deal») og frå 1935 («Andre New Deal») gjennomførte Roosevelt viktige og gjennomgripande reformar av finansvesen, infrastruktur og liknande. Men frå 1937-1938 møtte presidenten stadig sterkare motstand i Kongressen frå ein allianse av konservative sørstatsdemokratar og konservative republikanarar. Reformpolitikken stoppa opp, og det demokratiske partiet organiserte det som vart «Boston-Texas»-alliansen for å sikra dei viktige reformane som allereide var vedtekne og under gjennomføring. Denne alliansen spela ei viktig rolle fram til om lag 1990.

Samstundes byrja dei mørke skyene å samla seg på horisonten i aust, og USA byrja førebu seg på andre verdskrig. Etter Frankrikes fall våren 1940 sette Roosevelt bort oppdraget med å planleggja eit globalt imperium til «Council on Foreign Relations». Samstundes måtte han sikra at Storbritannia heldt ut fram til USA kom med i krigen – kombinert med at han forsikra amerikanarane om at han ikkje kom til å senda sønene deira i krig. Det måtte han seia, for å vinna valet i 1940. Sidan det ikkje var fleirtal i Kongressen for hjelp til Storbritannia (slik hjelp ville vera i strid med nøytralitetslovene), vart hjelpa gjeve i form av jagarar til Storbritannia i byte mot baserettar – det heile juridisk pakka inn i ein «executive agreement», som ikkje trong godjenning I Kongressen.

Det vi ser her er eit fenomen som berre vaks og vaks i etterkrigstida: Eit presidentskap som gjennom bruk av dekret kunne styra over, og uavhengig av Kongressen. Dette vart forsterka av den formelle etableringa av den nasjonale tryggleiksstaten i 1947, der viktige organ som CIA og det Nasjonale Tryggleiksrådet vart etablert direkte under presidentens maktområde – uavhengig av den regjeringsforma som du finn i den amerikanske grunnlova.

Den veksande presidentmakta vart i den første fasen halde i sjakk av Kongressen. Etter krigen måtte USA gjennomføra omfattande, men delikate reformer – ikkje minst når det galdt raseskiljet i sørstatane. Her sytte sterke leiarar i det demokratiske partiet som før nemnte Rayburn og McCormack for stram regi på tempo i reformprosessen, slik at ein kunne halda partiet saman. Og USA var framleis sopass mykje jordbruksland at jordbrukskomiteen i Representanthuset fungerte som arena for tautrekking og kompromiss – og dermed som utklekkingsanstalt for parlamentariske leiarar som skulle sy saman breide kompromiss i nasjonalforsamlinga. Og Kongressen var framleis i høg grad ei lovgjevande forsamling – ikkje minst under Lyndon Johnson, då borgarrettsreformane og «Great Society» vart banka igjennom av den svært handlekraftige Johnson – som kjende både Representanthuset og Senatet frå innsida.

Men over tid vart meir og meir makt flytta ut av Kongressen og inn i dei føderale byråkratia. Meir og meir lovgjeving tok form av presidentdekret, og Kongressens tradisjonelle revir krympa. I nokre tilfelle var jo dette noko alle ønska: Gjennomføringa av borgarrettsreformane handla jo nettopp om å overkjøra den makta sørstatsdemokratane hadde, og alltid hadde brukt, i dei demokratiske statsorgana.

Resultatet vart ein glideflukt der Kongressen og dei breide forlika vart svekka, til fordel for presidentmakt og polarisering. Benjamin Ginsberg karakteriserer det moderne USA som ein stat prega av «dekret og kupp». Kongressen er redusert til eit inkvisitorisk organ som freistar bruka offentlege høyringar, etterforskingar og skandalar til å råka den sitjande presidenten. Amerikansk politikk har vorte til ein serie «-gate», der berre den første – Watergate – kom heilt i mål når det galdt å få avsett ein sitjande president.

Den sterke sentraliseringa av makt kring presidentembetet og svekkinga av Kongressen som lovgjevar blir forsterka av USAs tilhøve til resten av verda. Fleire av dei vikigaste realpolitiske instrumenta for amerikansk makt, som CIA og det nasjonale tryggleiksrådet, er formelt ein del av presidentembetet. Dette blir sjølvsagt forsterka av at mykje av det realpolitiske tilhøvet til det ytre imperiet er hemmelegstempla, og difor utanfor Kongressens kontroll.

Frå slutten av Reaganperioden byrja også den gamle kulturen for breide forlik i Kongressen å forvitra. Den gamle Boston-Texasalliansen var ikkje lenger i stand til å produsera leiarskap til Representanthuset. I staden fekk ein ei ny form for mediefokusert og polariserande utspelspolitikk i regi av speaker Newt Gingrich. «Det andre partiet» var ikkje lenger nokon ein samarbeidde med for å finna løysingar som fungerte for landet, men fiendar som truga med å øydeleggja alt det positive USA stod for. Målet med polariseringa var å mobilisera i val. Sidan Representanthuset si rolle som lovgjevar var svekka, handla meir og meir politisk debatt i USA om media og nasjonale dagsordenar.

Resultatet vart at den amerikanske staten og amerikansk politikk vart meir og meir dominert av presidentvala kvart fjerde år, og difor vart ein «flipp-flopp»-stat der innkomande president freista gjera om på det styret som førre presidenten hadde stått for. Første dag som president signerte Joe Biden 17 «executive orders» som skulle gjera slutt på reformer frå Trump-perioden.

Denne flippinga og floppinga gjorde at USA i mindre og mindre grad var i stand til å binda seg til internasjonale avtalar og ordningar. Etter kvart som den polariserte politikken prega Kongressen vart det vanskelegare og vanskelegare for presidenten å forhandla fram traktatar, som krev 2/3 for ratifisering i Senatet. Meir og meir vart fiksa på same måte som Jagaravtalen frå 1940 – som «executive agreement» utan godkjenning i Kongressen. Men resultatet av dette igjen er at kontroversielle avtalar ikkje er avtalar med USA, men med sitjande president. Obamas avtale med Iran om det iranske atomprogrammet er eit godt døme.

Men her oppstår det eit stort problem i internasjonal politikk. Tilhøvet mellom statane i verda er i stor grad eit anarki. Det som gjev orden i internasjonal politikk, og som er diplomatiets mål, er at viktige konfliktar blir løyst gjennom diplomati og langsiktige avtalar. Desse avtalane kan vera meir og mindre rettferdige og fornuftige – men berre det at dei er der, gjer verda meir forutseieleg og mindre kaotisk.

President John F. Kennedy og Sovietunionens generalsekretær, Nikita Khrushchov I Wien, 1961. / NATIONAL ARCHIVES

Tidlegare var USA i stand til å forhandla fram, og halda, slike avtalar. Under Cuba-krisa forsikra John F. Kennedy om at USA ikkje ville intervenera militært på Cuba om dei sovjetiske atomrakettane vart trekt tilbake. Denne forståinga hadde ikkje form av nokon traktat – men alle presidentar etter Kennedy har halde seg til den avtalen som vart inngått. Serien av avtalar som vart inngått for å gjera slutt på atomkappløpet – ABM, Start-avtalane og INF-traktaten – har også vorte halde av USA.

Dagens USA er ikkje lenger i stand til å inngå, og halda slike avtalar. Atomavtalen med Iran er eit døme. Minsk-avtalane, som vart forsterka av ein samrøystes resolusjon frå Tryggleiksrådet, eit anna. Då John Kerry og Sergei Lavrov for nokre år sidan forhandla fram ein våpenkvileavtale i Syria, gjekk det under ei veke frå avtalen vart signert til ein flystyrke frå NATO (der Danmark deltok) bomba avtalen i stykker i Deir Ezzor. Sjølv gamle posisjonar som har lege til grunn for amerikansk politikk i mange tiår, som «eitt Kina»-politikken som var grunnlaget for Nixon/Kissingers opning mot Kina, ligg i dag og driv utan at nokon veit kva USAs posisjon er.

Resultatet av flippinga og floppinga – og andre vestlege regjeringar si evne til å flippa og floppa i takt med USA, er det som blir kalla den «Regelbaserte orden». Den amerikanske statsvitaren Aaron Good forklarar »Rules based order» slik:

«Difor er det viktig å forstå at når pro-amerikanske kommentatorar bruker termen «regelbasert orden», som referer dei ikkje til noko som er analogt med «rettsstat» eller «styre basert på lov». Tvert imot brukar dei eit orwellsk språk for å beskriva eit system der ingen reglar kan bli etablert og/eller følgt. Avdi den dominerande staten har som pregorativ å bryta eller skriva om alle reglar etter eigen vilje».

Dette har vorte resultatet av imperiepresidentskapen – og det heile blir forsterka av nykonservativ ideologi og læra om at USA er den «uunnværlege nasjonen» i det internasjonale systemet.

Henry Kissinger, som representerte eit tidlegare stadium i denne utviklinga (og som var ein viktig støttespelar for den prosessen som gav oss avspenning og atomvåpenavtalar) kommenterte eingong at imperie ikkje var så flinke til å tilpassa seg internasjonalt – dei aspirerte i staden til å bli den internasjonale ordninga.

Der er det amerikanske imperiet i dag – og den andre sida av «den regelbaserte orden» er at verda utanfor amerikanske vasallstatar skal styrast av «kupp og dekret» – som ein slags spegel av den interne utviklinga i USA. Og dette – sluttproduktet av ei lang utvikling som byrja med New Deal – er det som pregar alle store konfliktar i verda i dag.

Forrige artikkelVestlige diplomater skrekkslagne over en surrete Biden
Neste artikkelImperiene