Nord-Norge – sett frå Arendal og Oslo Børs

0
I bakgrunnen Kjøllefjord
Av Svein Lund.

Ein ven har sendt meg invitasjon til Arendal, der det 17.08.2023 som del av Arendalsuka blir arrangert «Nord-Norge-dagen». No har eg dessverre for lengst kjøpt og betalt billett nettopp denne dagen frå vårt store naboland EU og heim til Nord-Norge, så eg får ikkje oppleve denne fantastiske dagen, som skal vare i heile to timar og tre kvarter. (Dette i motsetning til sommardagane i nord som varar sånn rundt 24 timar.)

Eg har derfor i staden vald å studere programmet for «dagen». Sett på kven som står bak og kva dei vil oppnå. Det er verdt å gjøre, for her kan vi som ønsker å bevare natur og kulturar i Nord-Norge virkelig få sjå kva trugsmål vi står overfor og nokre av dei kreftene som trugar.

Arrangørene bak Nord-Norge-dagen er Samfunnsløftet fra Sparebanken Nord-Norge, Heia Nord-Norge, Torghatten, Energi i Nord, GreenH, St1, Hurtigruten og Corporate Communications.

La oss ta dei ein for ein.

– Sparebanken Nord-Norge er banken der direktøren i 2014 la fram et «visjonært mulighetsstudie» som hevda at 98% av Nord-Norge er «ubenyttet areal», for straks å bli hudfletta av sametingspresidenten. (Det skulle ikkje vere nødvendig å fortelje kvifor.)

– Heia Nord-Norge er ein jobbportal tilknytta NHO, ein pådrivar i all utbygging på kostnad av natur og primærnæringar-

– Torghatten er i denne samanheng ikkje eit fjell på Helgeland, men eit reiarlag.

– Energi i Nord er ei klynge av energiselskap innafor alt av grøn, blå, brun og svart energiproduksjon, med tilhørande konsulentselskap og forskingsinstitusjonar

– GreenH er eit selskap for utvikling av hydrogenproduksjon på kostnad av naturen som skal byggast ned av vindkraft.

– St1 er eit finsk oljeselskap som no har blitt «grønt» gjennom å satse på vindkraft. De står bak Norges største og kanskje verste vindkraftplan, Davvi.

– Hurtigruten er riksmålsutgåva av den velkjente Hurtigruta, no totalt omgjort til turistmaskin.

– Corporate Communications er eit konsulentselskap som held til på Tjuvholmen i Oslo, ei høvelig adresse når ein no skal kaste seg inn i tjuveriet av ressursar i Nord-Norge.

Kva skal dei så gjøre på denne korte dagen? Det er tre tema:

STATUS NORD-NORGE

Utgangspunktet er: «Investeringer i milliardklassen og flere tusen arbeidsplasser står på trappene. Om det er hydrogenproduksjon, batterifabrikker, vindkraft, mineraler, sjømat, bærekraftig turisme, IT, samferdsel, stedsutvikling eller kultur. Nord-Norge har de siste årene vært i vinden. Men prosjektene er truet av mangel på både kraft og arbeidskraft, og det er store stridigheter om landområder.»

Ja, det er faktisk store stridigheter om områder – både til lands og til vanns. Men brukarane og forsvararane av landområda har ingen plass i dette arrangementet. Her er det erobrarane som er heltane og som har fått taletid, representert ved 5 direktørar og 2 for meg ukjente forskarar.

KRAFTKAOS OG KAPITALKRÆSJ

Temaet er presentert slik: «Alle vil ha kraft, men ingen vil ha kraftproduksjon hos seg. Dette er en av de store utfordringene verden møter i den grønne omstillingen.»

Nei, det er ikkje sant at alle vil ha meir kraft. Det finst krefter som seier nei til meir kraftsløseri, men dei er ikkje representerte her. Det er heller ikkje dei som skal ofrast for kraftutbygginga. Talarane er 5 direktørar, ein fagforeningsleiar som er kjent for å støtte fullt opp om regjeringa sin energipolitikk, ein statssekretær og partileiar for partiet som vil ha aller mest vindkraft. Blant talarane er direktør i St1, som tidligare frå sin posisjon i Oslo i argumentasjon for å bygge ned Laksefjordvidda har uttalt at vi alle må ofre noko for det grøne skiftet.

FINNE VEIA – FREMTIDENS NORD-NORGE

Igjen er det direktørane som skal finne vegen. Det er tre av dei, i lag med politikarar frå regjeringspartia og ein universitetsrektor.

På det siste temaet var det funne plass til ein «sjøsamisk pianist og komponist». Dette er plassen samane og kvenane har fått i Nord-Norge-dagen i 2023, året da Sannhets- og forsoningskommisjonen har lagt fram sin rapport og heile samfunnet skal diskutere korleis ein kan gjøre godt igjen etter lang fornorsking. I staden har vi fått eit arrangement for fortsatt og forsterka kolonisering, med nedbygging av natur og rasering av reinbeiteområde, fiskefjordar og friluftsområde. Vi har fått eit arrangement som viser at kolonialismen lever i beste velgåande, anført av spekulantar i inn- og utland, med støtte av begge regjeringspartia.

Det er på tide å arrangere alternative Nord-Norge-dagar, for ein annan visjon om eit Nord-Norge med plass til natur og kultur. Men det bør vel arrangerast ein annan stad enn på Sørlandet. Kanskje faktisk i Nord-Norge ein stad? Kven tar initiativ til Nord-Norge-dagene / Davvi-Norga-beaivvit 2024?

Svein Lund

Guovdageaidnu

Forrige artikkelNicaragua: veien til uavhengighet
Neste artikkelEt skritt nærmere atomkrig?