Vil den tragiske lagnaden til verdsstjerner som Céline Dion og Justin Bieber opne auga til fansen deira? Effekten av Covid-19-vaksine
Céline Dion og Justin Bieber, same tragiske lagnad etter Covid-vaksinar
Av dr. Nicole Delépine. Omsett, bearbeidd og noko forkorta av saksyndig.
Utifrå talet følgjarar til den kanadiske songarinna Céline Dion på Twitter (924 200 følgjarar), på Facebook meir enn ein million og andre nettverk, kan vi håpe at uføret til denne fabelaktige songarinna vil berøre fleire menneske enn dei offisielle nettstadene til EudraVigilance eller Vaers (USA), som er vanskelegare å konsultere og bruke som åtvaring til folket. Om so berre for å så tvil når det gjeld faren til Covid-19-vaksinen…
Kva skjedde med ho?
For tida fôrar familien hennar og/eller agentane hennar påminnarar om innspelingane hennar og konsertar osb. Men kvifor denne stillheita, desse ævelege avlysningane av konsertar, som for tida er utsett til september 2023? Kven trur framleis på dette?
@jjdenoual, 2.november 2021:
«Etter hennar andre injeksjon med vaksinen mot koronavirus, ville Céline DION [sic] ha blitt lamma og avlyst alle konsertane sine! Men radiostillheit i media, fordi det ville skape panikk blant alle dei vaksinerte!»
@Rideaubleu, 31.oktober 2021:
«So lat oss oppsummere: Ein brannmann vaksinerer ei 12 år gammal jente, for å feire den millionte dosen. Dei tilbyr barnet billettar til Céline Dion-konserten, ein konsert som vart avlyst fordi songarinna som kravde vaksinering er lamma. Nei, dette er ikkje ein spøk.»
Våre kollegaer i tidsskriftet Public har nyleg publisert at den 53 år gamle songarinna hadde blitt råka av ein sjukdom kalla «småfibernevropati», ein tilstand som Céline Dion pådrog seg for eit år sidan, «kort tid etter å ha blitt vaksinert mot Covid utan at samanhengen vart offentleggjort».
Derimot er ho ikkje kjent for å presentere faktorane skildra for denne sjukdommen (mutasjonar i SCN9A- og SCN10A-gena, metabolsk syndrom, HIV, cøliaki, Sjøgrens syndrom, amyloidose, kronisk tarmbetennelse, smittsame sjukdommar, hepatitt C, borreliose, hypotyroidisme, immunsystemsjukdommar).
Eit anna samantreff?
Om denne vaksineleietråden skulle bli bekrefta, vil Céline, som millionar av andre, vere offeret for ein verdsomspennande «konspirasjon», slik Robert F. Kennedy Jr. fastheld i boka si om temaet.
21.mai sa Céline:
«Eg oppfordrar alle til å bli vaksinerte fordi at eg trur at nett no er det den einaste måten vi kan byggje immunitet rundt om i verda.»
Korleis visste ho det?
Korleis kunne ho kome med ein slik påstand?
Ville ho ha late meg erstatte ho som songarinne på scena? Kvar og ein av oss har vår eigen jobb, våre eigne ferdigheiter.
Denne manipulasjonen til lobbyar og media må stoppe.
19.mai 2022 bekrefta Céline det som alle frykta om helsa hennar:
«Eg er so lei meg for å måtte endre dagane for Europa-turnéen igjen; fyrste gongen var det på grunn av pandemien, no er det på grunn av helsa mi,» sa dei no 54 år gamle songarinna.
«For å vere ærleg, ser eg fram til det, men eg er ikkje heilt klar enno… Det er noko alvorleg. Desse famøse spasmane byrjar å bli ekstremt urovekkjande.»
«Vi lurer på om ho ikkje les ei melding, vi føler oss ekstremt triste, som om vi er robotar,» kommenterte den kanadiske spaltisten Sophie Durocher etter å ha sett det korte klippet.
«Dersom ein artist av Céline Dions kaliber seier i frå [om eigen sjukdom; oms.an.], er det ikkje fordi ho har lite grann hovudverk, det er noko alvorleg,» sa ho til ein lokalradio. «Millionar av dollar står på spel! Vi må stille oss sjølve spørsmålet: Kjem Céline Dion til å kome tilbake til scena?» undra ho seg.
Ifølgje den britiske tabloidavisa The Daily Express, leid Céline Dion av dystoni. Ein tilstand som er karakterisert av muskelsamantrekningar, som opptrer ufriviljug og over tid.
Kort fortalt bekreftar alle desse kommentarane sannsynet for ein etter-vaksinasjonsnevrologisk sjukdom, som får oss til å tenkje på Creutzfeldt-Jakob [menneskeleg kugalskap; oms.an.] eller ein liknande sjukdom.
Det som var endå meir sjokkerande, og som ein nekta for i ein periode, var at Céline Dion hadde vore ein ivrig tilhengjar av den eksperimentelle injeksjonen til det punkt at ho påtvinga sprøyta på publikummet sitt. Ho trudde verkeleg på det og var eit offer for si tru!
Vaksinasjon vart ein religion. Øydeleggjande. For ei skam, for ein feil, for eit avvik!
Korleis kan artistar, som oppheld seg langt frå ekte medisin og truleg for nær journalistiske vrangførestillingar påtvinga dei av laboratorium som er ivrige etter å selje, gå inn i denne manipulasjonen til det punktet der dei omsider misser livet, i alle tilfelle allereie livet sitt som artist?
Korrupsjon er ikkje avgrensa til finansiell korrupsjon, men rører ved alle aspekta av menneskesjela, ønsket om å behage, å rådgje, å leike frelsaren osb…
Ei tragisk historie som gjentek seg igjen og igjen ettersom dagane går, og dei giftige effektane av desse eksperimentelle produkta manifesterer seg i kroppen.
Etter Céline, Justin Bieber
Eit andre eksempel vart avslørt om kvelden 10.juni 2022.
Agence France-Presse:
«Justin Bieber hadde gjesta ein konsert i favør av Covid-pseudovaksinar 27.juni 2020, organisert av Global Citizen Ursula med støtte frå Ursula von der Leyen, president i Europa-kommisjonen, Melinda Gates, president i GAVI (Global Alliance for Vaccines and Immunizations), Ngozi Okonjo-Iweala, eller Derrick Johnson (president i NAACP).»
Unge Bieber hadde, som Céline, kravd trippel vaksinering av sitt konsertpublikum.
Hugs at dette er ei 28 år gammal popstjerne – som har 539,2 millionar følgjarar på sosiale nettverk! Vi kan førestille oss påverknadsevna til desse stjernene, som sjølv blir manipulert av Big Pharma og/eller deira samarbeidspartnerar.
Han hadde allereie opplevd ei åtvaring om injeksjonar, etter komplikasjonane som kona Hailey hadde gått gjennom; trass hennar unge alder hadde ho blitt råka av slag, kanskje etter vaksinasjonen.
Vi håper hans unge fans vil stille seg sjølv nokre spørsmål i dette høvet og nøle med å ta ein til injeksjon.
Gjennom kva slags snirklete tankemekanismar hadde han blitt om til ein handelsreisande for injeksjonar, som han visste ingenting om, spesielt sidan alle bestanddelane var skjulte?
Det einaste som sikkert kan verifiserast er at desse substansane var eksperimentelle, som clinicaltrials.gov si side umiddelbart demonstrerte.
Dei er framleis eksperimentelle og vi vil no måtte vente til 2023 for å få tilgang på dei offisielle dataa frå forsøka.
Men på noverande tidspunkt, takka vere det amerikanske rettssystemet, har vi nokre av dei skjulte Pfizer-dokumenta som avslører jukset som burde forby framtidige injeksjonar.
Og Storbritannia sine data gjevne av England sitt ONS demonstrerer òg den dødelege faren til injeksjonane for folket.
10.juni 2022 lærte vi via Twitter:
«Etter kjærasten hans, har Justin Bieber no blitt alvorleg sjuk og tvinga til å avbryte turnéen sin. Trippelvaksinert, hadde han bede sine fans for komplette vaksinebevis for å kome inn på konsertane.»
Bieber skreiv på Instagram:
«Eg kan ikkje tru at eg seier dette. Eg har gjort alt for å bli betre, men sjukdommen min blir verre.»
Den 28-årige stjerna gav ingen detaljar rundt sin mystiske sjukdom.
Kort fortalt er vår berømte og vakre songar vansira av ansiktslamming som er vel-skildra i komplikasjonane til anti-covid-vaksinering som Bells parese. Å presentere det under namnet Ramsays syndrom kan vere skolert, men det endrar ikkje faktum.
For ei ulykke at desse vakre unge menneska med framtida framfor seg har blitt sjuke, og som til og med trudde at det var nyttig å oppfordre andre til å gjere som dei – ei absolutt vrangførestelling.
Ifølgje ein ekspert på infeksjonar, verkar Justin Bieber sin helvetesild å dukke opp blant dei to nervane til ansiktet, den faciale og den auditoriale, som er grunnen til at songaren har talevanskar og hørselsproblem.
«Justin Bieber: ansiktslamming… Den 28-årige kanadiske stjerna må avlyse to konsertar av sin Toronto-turné (eller fleire) på grunn av komplikasjonar som forårsakar lamming i delar av ansiktet.
I videoen som er lagt ut på Instagram ser vi Justin Bieber, som ser på kamera, og er ute i stand til blinke med høgre auge, og med munnen halvvegs blokkert.
‘Eg kan ikkje lenger smile på denne sida, eg er lamma i delar av ansiktet.’»
For å konkludere, lat oss ønskje desse artistane og andre offer for injeksjonane ei vellykka gjenvinning av helsa.