Nei til EU må finna tilbake til eiga plattform

0

Av Hans Olav Brendberg (aktivist i EU-kampen i 1994 og inntil nylig medlem av Nei til EU) og
Trond Andresen (aktivist i EEC-kampen i 1972 og medlem av Folkebevegelsen mot EEC den gangen, aktivist i andre runde med folkeavstemning i 1994 og fortsatt medlem av Nei til EU)

10. mai gjekk «Nei til EU» ut med ei pressemelding der dei tok avstand frå nettavisa steigan.no, og bad tillitsvalde om å avvikla sine eigarinteresser i eigarselskapet Mot Dag AS, og ikkje skrive for steigan.no.

Pressemeldinga er skrive av leier i Nei til EU Roy Pedersen og generalsekretær Kjell Arnestad, som ein reaksjon på et oppslag i Ja-til-EU-avisa Dagbladet.  Ho er ikke drøfta i Nei til EUs styre, og har preg av panikk.

Pressemeldinga er ein skivebom, og det er fleire grunnar til dette.

Nei til EU er ein organisasjon som forsvarar folkestyre og suverenitet, og organisasjonen har røter i ein breid allianse som vart bygd allereide då forslaget om norsk medlemsskap i EEC var oppe tidleg på sekstitallet.

Nei til EU må som organisasjon vera tydeleg på prinsipp – men organisasjonen er ikkje tent med å bli ei resolusjonskvern som tek stilling til alle slags konfliktar utanom EU-spørsmålet. Organisasjonen er for folkestyre og suverenitet – men kva vil dette tyda i praksis i spørsmål som til dømes NATO-medlemsskap eller konflikten i Midt-Austen? Nei til EU femner rørsler og parti som alltid har vore usamde om slike spørsmål – og Nei til EU har løyst dette ved å ikkje ta seg noko mandat som går ut over Noregs tilhøve til EU, og EU sitt tilhøve til Europa og verda.

Slik har Nei til EU greidd å byggja ein breid front mot norsk EU-medlemsskap – ein front som ikkje har vorte kløyvd av Ja-sidas forsøk på å så splid og mistanke mellom ulike tyngdepunkt i Nei-rørsla.

Pressemeldinga mot Steigan bryt mot denne tradisjonen, og går NtEU vidare på denne vegen risikerer ein eit kløyvd og svekka grunnlag for EU-motstanden i Noreg. Ein gjer det motsette av det samlingsarbeidet Arne Haugestad og Kristen Nygaard gjorde i 1972 og 1994: I staden for å samla breidde i norsk EU-motstand let fronten seg bruka i internt kiv.

Men pressemeldinga frå Nei til EU er meir alvorleg enn dette. Pressemeldinga slår fast: «Nei til EU tar avstand fra steigan.no fordi nettstedet sprer konspirasjonsteorier, vaksinedesinformasjon, antisemittisme og unnskyldninger for Russlands invasjon av Ukraina.»

Kva faktavurdering ligg til grunn for denne påstanden? Steigan har tatt avstand frå Russlands invasjon av Ukraina, men nettstaden har ei kritisk dekning av krigen. Sjølvsagt kan ein del av dette vera kontroversielt – men er ikkje dette ein del av medias oppgåve? Er Nei til EU verkeleg negativ til at det finst aktørar som går motstraums innanfor det norske mediemangfaldet?

Påstandane om at steigan.no driv med «antisemittisme» er av same ugrunna slag som dei som er brukt i ein svær svertekampanje mot Jeremy Corbyn, for å hindra at han skulle bli statsminister i Storbritannia.

Og den ålmenne skuldinga om å «spre konspirasjonsteorier» er så vag at ho er verdilaus.

Vidare: Er det eitt terreng Nei til EU bør halda seg unna, så er det blandinga av politikk, jus og medisin som vi har sett under koronaepidemien. Ein treng sjølvsagt ikkje vera samd med Steigan – men her trengst det utan tvil offentleg debatt og opprydding.

No meiner sjølvsagt folk ulike ting om steigan.no. Men er dette ei oppgåve for Nei til EU? Journalistveteranen Erling Borgen karakteriserte – med rette – Dagbladoppslaget om at eigarar av Steigan også var med i Nei til EU som «Mccarthyisme» og «brønnpissing». Ved å bita på agnet skaffar Nei til EU seg heilt unødvendig eit problem, som over tid kan rotgnaga grunnlaget for organisasjonen. Korleis er det med dei nettavisene og bloggane som Nei til EU ikkje tek avstand frå – går dei god for dei? Korleis kan ein tolka togn og manglande vilje til å uttala seg? Ved å ta i ei sak Nei til EU aldri burde tatt i, står ein i neste omgang svært utsett til for hogg. Det er blod i vatnet, og kva gjer ein om haiflokken dukkar opp på nytt? Kastar fleire enn Steigan på havet? Dette er ikkje eit problem ein tverrpolitisk front bør skaffa seg.

Nederst i pressemeldinga viser Nei til EU til sine vedtekter og bærebjelker, som slær fast at «Medlemskap er uforenlig med enhver rasistisk aktivitet eller argumentasjon». Dette er ein grisete – og grunnlaus – insinuasjon om at Steigan er i konflikt med denne delen av Nei til EUs verdigrunnlag. Det er alvorleg når Nei til EU på denne måten låner autoritet til grunnlause skuldingar, og det underbyggjer inntrykket av elendig organisasjonshandverk.

Mange medlemmer har reagert mot pressemeldinga, på Nei til EUs Facebook-side.  Fleire har skrive at dei no melder seg ut på grunn av dette. Og nokre har bede om at forfattarne av pressemeldinga svarar på den kraftige kritikken. Dei blir møtt med total togn. Men Nei til EU er ikkje Vatikanet eller EU-kommisjonen. Dette skal vera ein demokratisk grasrotorganisasjon. Når medlemmer spør, bør leiarane svara.

Denne saka må ikke få døy i togn.


Fra redaksjonen:

Brev til Nei til EU ved Roy Pedersen

Til Roy Pedersen

Nei til EU har sendt ut ei pressemelding som er et alvorlig, usant og grovt angrep på steigan.no og på pressefriheten i Norge.

https://neitileu.no/aktuelt/nei-til-eu-tar-avstand-fra-steigan.no

I pressemeldinga skriver dere at 

«Nei til EU tar avstand fra steigan.no fordi nettstedet sprer konspirasjonsteorier, vaksinedesinformasjon, antisemittisme og unnskyldninger for Russlands invasjon av Ukraina.»

Dette er påstander uten belegg, men vi tilbyr dere spalteplass til usensurert å legge fram hva dere måtte ha av argumenter for disse påstandene.

Siden påstandene er uten enhver forankring i virkeligheten, hadde det beste vært at dere ba oss, våre støttespillere og lesere om unnskyldning.

Det er ikke dekning for pressemeldinga i Nei til EUs egne vedtekter.

Der står det at 

«Alle som støtter organisasjonens formål og arbeidsformer kan bli medlemmer av Nei til EU. 

Medlemskap er uforenlig med enhver rasistisk aktivitet eller argumentasjon.»

Ingen av beskyldningene deres er sanne, men det er spesielt absurd å beskylde oss for «antisemittisme» siden vi i åtte år har avslørt den grove antisemittismen som både spres av nazi-organisasjoner som Azov i Ukraina, men også av parlamentet og regjeringsapparatet gjennom deres hyllest til folkemordere og antisemitter som Stepan Bandera. I disse årene har vi gjentatte ganger bedt norske politikere om å ta avstand fra den grove rasismen og antisemittismen som spres av disse kreftene. Men vi har talt for døve ører.

Utspill av den typen dere har kommet med skader kampen mot EU, og i kritiske tider som dette burde ledelsen i Nei til EU ikke angripe EU-motstandere som oss, men heller gjøre alt som står i deres makt for å styrke kampen mot EU og EØS.

Vennlig hilsen

Pål Steigan

sjefredaktør i steigan.no

Forrige artikkelGratulerer med Nasjonaldagen, Norge!
Neste artikkelKrigstrusselen stiger etter hvert som økonomien avtar