Fem spørsmål som alle amerikanarar burde stille om krigen i Ukraina akkurat no

0

Av Michael Snyder, End of the American Dream.

Har du lagt merke til at antikrigsrørsla i USA nesten har smuldra opp til ingenting? I gamle dagar var hordar av radikale venstrevridde lidenskapeleg i mot krigane våre i Afghanistan og Irak, men i desse dagar ser mange på venstresida ut til å ønskje krig mot Russland meir enn noko anna. Men før vi finn oss sjølve dregne tinn i ein krig som kan ha katastrofale implikasjonar for heile planeten, burde vi kanskje ta eitt steg tilbake frå kanten på stupet og reflektere over kva vi er i ferd med å gjere. Russarane har brukt enormt mykje tid, pengar og energi på å utvikle ein ny generasjon av ekstremt avanserte kjernevåpen, og Vladimir Putin har allereie åtvara oss at han er viljug til å bruke dei. Og so fort den eine eller andre sida bruker kjernevåpen, er det ingen veg tilbake.

Dette er slikt eit kritisk moment i historia vår. Dersom vi tek feil avgjerd no, kan landet vårt ikkje lenger ha ei framtid. So i staden for å respondere emosjonelt til kva som skjer, treng vi desperat å analysere situasjonen med sindige hovud. Dei følgjande er fem svært rare spørsmål som kvar amerikanar burde stille om krigen i Ukraina akkurat no:

#1. Er vi klare for at fleire hundre millionar menneske omkjem i ein konflikt med Russland? 

Harry Kazianis har delteke i mange krigsspel gjennom åra, og i 2019 hadde han høvet til å delta i eit som simulerte kva som ville skje dersom ein krig mellom NATO og Russland braut ut i Ukraina. Ifølgje Kazianis, resulterte simuleringa i meir enn ein milliard dødsfall:

«I eit tidsrom av berre tre dagar, som eg har gjort tallause gonger dei siste åra, samla det seg ei gruppe av tidlegare og noverande amerikanske høgtståande regjeringstilsette frå begge sider av midtgangen for å kjempe ein NATO-Russland-krig i ei simulering seint i 2019. I løpet av det som vi kalla NATO-Russland-krigen 2019, estimerte vi at ein milliard menneske døydde. Og dersom vi ikkje er forsiktige, kan det som skjedde i ei simulering skje dersom ein NATO-Russland-krig bryt ut om Ukraina.

Faktisk i simuleringa eg nemnde ovanfor frå 2019, der Russland invaderer Ukraina på same måte som dei har gjort siste veka no, ikkje berre blir NATO dregen inn utilsikta, men Russland skyt til slutt opp kjernevåpen i sin desperasjon. Resultatet er ei eskalering av større og farlegare kjernevåpen der meir enn ein milliard liv går tapt.»

#2. Dersom vi gjev Ukraina jagarfly, vil det tyde at vi blir dregne inn i ein skyttarkrig med Russland? 

Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken har tidlegare sagt at USA vil vere viljug til å erstatte alle MiG-29-jagarfly som Polen sender til Ukraina med nye, amerikansk-konstruerte jagarfly, og no har Polen sett ein unik vri på det tilbodet. Openbert ønskjer den polske regjeringa å gje MiG-29-jagarflya til oss, og då vil vi vere dei som leverer dei til ukrainarane. Men dersom vi faktisk gjorde dette, vil dette gjere oss til ein aktiv deltakar i konflikten?

«Polen sa tysdag at dei var klare til å sende – umiddelbart og vederlagsfritt – alle sine MiG-29-jagarfly til US Air Force sin Ramstein Air Base i Tyskland og gjere dei disponible for Washington til å sende til Ukraina, ifølgje ei melding frå det polske utanriksministeriet.»

#3. Kvifor får Al-Qaida lov til å kjempe for Ukraina? 

I gamle dagar vart vi fortalt at Al-Qaida var den mest vondskapsfulle terrororganisasjonen på heile planeten, men no er dei tydelegvis på vår side. Det blir rapportert at 450 Al-Qaida-kjemparar allereie har reist til Ukraina, og ingen i vestlege media ser ut til å ha eit problem med dette:

«Nesten 450 ekstremistiske arabarar og utlendingar har kome til Ukraina frå Idlib for å kjempe mot russiske styrkar, mindre enn berre tre dagar etter at dei forlot Syria og reiste gjennom Tyrkia.

Slektningar av ekstremistar som har kome til Ukraina fortalde Sputnik at høgtståande kjemparar frå terroristgruppa Hayat Tahrir al-Sham (den omdøypte versjonen av Jabhat Al-Nusra, altso Al-Qaida) har halde ei rekkje møte med høgståande leiarar i Turkistans islamistiske partigruppe og Ansar Al-Tawhid og Hurras al-Din-grupper, og blitt einige om å late eit tal av alle sine kjemparar gå inn i Ukraina gjennom tyrkisk territorium.»

#4. Har USA verkeleg 26 biologiske forskingslaboratorium i Ukraina? 

Den kinesiske regjeringa kjem med denne skuldinga, og dersom det er sant, har nokon der ute mykje å forklare. Fordi det er absolutt ingen grunn til at USA skulle utføre farleg biologisk forsking i Ukraina i det heile, langt mindre i 26 ulike fasilitetar. Men ifølgje Kina sitt utanriksministerium, er dette nøyaktig kva som har gått føre seg:

«USA har 336 laboratorium i 30 land under sin kontroll, inkludert 26 i Ukraina åleine. Det burde gje ei full beretning om deira biologiske militære aktivitetar heime og i utlandet og stille seg sjølv til fleirsidig verifisering.»

#5. Kvifor sender kinesiske media reporterar med russiske militæreiningar som deltek i invasjonen av Ukraina? 

Normalt blir reporterar berre sende med styrkar som er sett på som vennlege. Til dømes ville det vere utenkjeleg for reporterar frå USA å bli sendt ut med russarane. Men truleg har kinesarane eit heilt anna syn på denne konflikten.

Det er viktig å merke seg at kinesarane har nekta å fordømme det Russland har gjort.

Faktisk kallar dei det ikkje ein «invasjon» i det heile.

Uheldigvis trur eg at vi alle veit kvifor dette skjer.

Kinesarane planlegg å invadere Taiwan på eitt eller anna tidspunkt, og difor følgjer dei særs nøye med på korleis denne noverande konflikten utviklar seg.

Russarane og kinesarane har arbeidd for å utvikle nærare relasjonar i lang tid, og når Kina endeleg set i gang invasjonen av Taiwan, kan USA finne seg sjølv i ein konflikttilstand med begge to samstundes.

Mange i Washington ville bli absolutt sjokkert av slik ei utvikling, men dette er noko eg har snakka om svært lenge.

I seinare år har USA blitt ekstremt sjølvtilfredse, og i mellomtida har både russarane og kinesarane raskt modernisert og oppgradert sine militære styrkar.

No har Tredje verdskrigen plutseleg brote ut, og Russland og Kina ser begge eit høve til å endre spelet takka vere inkompetansen til Biden-administrasjonen.

Oversatt av saksyndig for Derimot.no.

Forrige artikkelUSA-imperiet ødelegger seg sjøl
Neste artikkelKrigsmotstanden ikke troverdig – gjelder ikke våre egne og våre utvalgte venners kriger
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.