NATO hoppar breitt

0
Jens Stoltenberg presenterer "NATO 2030". Foto: NATO

Av Hans Olav Brendberg.

Vinterens Ukraina-krise viser at den tryggleikspolitiske ordninga i Europa som oppstod etter den kalde krigen ikkje lenger er stabil. NATO har for alvor vorte Balkan-makt, og sprikar i alle retningar. Medan Jens Stoltenberg og Joe Biden åtavarar mot snarleg, russisk invasjon av Ukraina held ein annan statssjef i alliansen, Victor Orban, felles pressekonferanse i Kreml med Vladimir Putin. Og ein annan statssjef i ein fersk NATO-stat, Kroatias president Zoran Milanovic, åtavarar mot at Storbritannia av indrepolitiske grunnar leider Ukraina i retning katastrofe.

Kjem so russarane? Det er det sjølvsagt ingen som veit. Men medan Joe Biden og Boris Johnson freistar blåsa opp trugsmåla mot Ukraina, freistar president Zelensky i Kiev å tona ned det heile. Og lite tyder på at Berlin og Paris er opptekne av å forsterka spenninga – Ukraina-krisa splittar dei vestlege landa, og NATO femnar om land med svært ulike interesser i desse sakene.

Ingen veit om russarane kjem, sjølv om detaljerte satellittbilete viser at russarane har mykje utstyr – og dei har utan tvil ogso mannskap til å køyra rundt på utstyret, om det skulle bli naudsynt. Det er heller ingen som er i tvil om utfallet, om Russland skulle finna på å erobra Ukraina. Men kvifor skulle dei gjera det? Ukraina er Europas fattigaste land, med brutto nasjonalprodukt pr. innbyggjar lågare enn Namibia. Dette er  berre so vidt over halvparten av Kviterussland. Ingen ansvarleg leiar i Kreml vil ha ein russisk okkupasjon av Ukraina som førsteønske – det vil temmeleg sikkert bli ein klamp rundt foten for Russland.

Det meste tyder på at Russland følgjer ganske gjennomtenkte planar, og har undersøkt dei ulike scenaria som vil bli resultat av ulike val. Ei stormakt som har avgrensa med kort på handa, må gjera dette om ho ønskjer å henga med. Traktatforslaga Russland sendte til USA og NATO i desember, og det komande OL i Beijing er ganske sterke indikasjonar på at Russland meiner det dei seier om at dei ikkje planlegg å invadera nabolandet. For Russland er det lite å vinna, og mykje å tapa på ein slik invasjon.

Men den utryggleiken som den militære styrkeoppbygginga fører til,  kan vera i russisk interesse. NATO har ingen effektive motmiddel mot russisk militærmakt, og dei som har selt bjørneskinn før bjørnen var skote blir fort sitjande i klemme. Russland trugar ikkje, men riset heng veldig synleg bak spegelen – slik effektive trugsmål gjer. Og det einaste dei som fryktar russisk invasjon kan gjera, er å synga med Lisa Ekdal: «Vem vet, inte jag, vem vet inte du. Vi vet inget i dag, vi vet ingenting nu.»

Og so kan ein jo tiltrekke seg investorar til Ukraina på slike vilkår. Mykje tyder på at den strålande historia om demokratisk revolusjon i Ukraina er «en saga alt för god til at vara sann».

Det er denne utryggleiken for kva som ligg bakom neste sving som har prega russisk politikk i heile den perioden NATO har ekspandert austover og inn i Russlands komfortsone, og det er denne utryggleiken som ogso har prega det politiske spelet i urolege delar av den tidlegare sovjet-verda. No kjem denne utryggleiken i retur – og Tyskland, Frankrike og andre får dela på godsakene. Alminneleg fornuft tilseier at dette kjem til å bli langvarig og seigt, og at ingen kjem til å skjera gjennom den gordiske knuten. Ingenting vil skje før det finst røynleg vilje til å byggja ei ny, europeisk tryggleiksordning til erstatning for den som no har gått ut på dato.

Den viljen vil vi neppe sjå mykje til med det første. I Washington er dei nykonservative tilbake, og det er folk som Victoria Nuland, Robert Kagan, Max Boot og andre av same slag som set akkordane for amerikanske initiativ. Etter Irak-krigen, Libya-krigen og dei andre eventyra bør ingen bli overraska over at resultatet blir det same som det alltid blir med nykonservativ politikk: Gjensidig mistanke, spenning, utryggleik og kompliserte motsetningar. No har til og med NATO vorte «neoconned», og har innført Boklövstilen. Her blir det breide hopp og mykje sprik framover.

Det tyder ikkje at makta flyttar på seg – alliansen mellom nykonservative i Washington, Boris Johnsons Storbritannia og russiskfiendlege politikarar i Polen og Baltikum er meir enn solid nok til å halda dette gåande, og det er ingenting som tyder på at Russland, Frankrike og Tyskland greier å gjennoppliva Minsk-avtalane og Normandieprosessen. NATO er tilbake der det heile byrja, det handlar om å «halda russarane ute, tyskarane nede og USA inne», som lord Ismay i si tid uttrykte det.

Men i alle spekulasjonane om kva som foregår i «Putins» hovud finst det likevel eit mønster, som mellom anna Scott Ritter påpeikar. Vi kan sjølvsagt ikkje vita noko om kva Putin tenkjer, men vi kan diskutera geopolitikk – og dei ulike motiva og interessene denne konflikten handlar om for Russland og andre. Det er berre det at ein slik diskusjon ikkje er veldig ønska i vestleg presse – då blir ein fort skulda for «Putinverstehekultur», som det heiter på tysk. Vestleg diskusjon skal personifisera, skal gjera det heilt til irrasjonelt og personfokusert drama. Slik er det i ein politisk kultur forma av Victoria Nuland og Max Boot – ein politisk kultur som ikkje lenger har den kunnskapen om russisk kultur og russiske tilhøve som USA faktisk hadde under den kalde krigen.

Dette er faktisk annleis på russisk side, og difor greider Russland til ein viss grad å halda på initiativ, og vera i forkant. Russland er framleis ei stormakt, og Russland spelar godt, med ganske veike kort. Dei har gode analysar av kva dei kan venta frå vest. Og ikkje minst avdi dei større råmene for spelet no er avklart. Russland og Kina samarbeider no tett, og USA og andre vestlege land er ikkje lenger i stand til å kløyva dette samarbeidet. Tidleg på syttitalet endra Richard Nixon og Henry Kissinger globale makttilhøve ved å knytta band til Kina. Kissinger vart gamal nok til at han fekk sjå sin viktigaste siger forvitra.


Forrige artikkelOm å forstå det jordskjelvet felleserklæringa mellom Kina og Russland representerer
Neste artikkelJames Corbett: Covid-19 er forberedelse til fengselsstaten