Mimir Kristjanson har lova å dra Ap til venstre. Han kan jo ta med seg månen, når han først held på.
Då er dei viktigaste korta i kabalen lagt. Uansett kva ein meiner om SV: Eit parti som legg til sides sine viktigaste kort i sonderingane har veldig lite å spela med i forhandlingane. So SV kunne neppe gjera noko anna enn å bryta ut.
Det tyder at det ikkje blir noko fleirtalsregjering, og at regjeringa kjem til å køyra slalom i Stortinget. Det kjem til å gå bra – og Ap kjem til å velsigna Støres forhandlingsresultat. Men dei burde undersøkja betre enn Isak gjorde, den gongen han velsigna Jakob. For om armane er Støre, er røysta Vedum. Slalomkøyringa kjem til å gå til venstre for dei blå flagga, og til høgre for dei raude flagga: Vedum har ikkje berre vunne stortingsvalet, men ogso regjeringstingingane.
Mimir Kristjanson har lova å dra Ap til venstre. Han kan jo ta med seg månen, når han først held på. Venstresida – SV + Raudt – har ei historisk stor gruppe på Stortinget. Og dei har svært lite høve til å bruka denne gruppa til å få fleirtal.
Derimot har dei ei synleg gruppe som kan brukast til to ting:
1) Byggja nettverk, kunnskap og press bak utvalde saker gjennom LO og anna grasrotorganisering som kan gje venstresida sterkare feste utanom Grünerløkka, og evne til å setja dagsorden.
2) Driva folkeopplysning og få fram debatt kring store spørsmål som er avgjerande på sikt: Tryggleikspolitikk, bustadboble, arbeidskraftimport og liknande.
Senterpartiet er avhengig av å levera på kort sikt i flest mogleg saker – anten det handlar om Nesna, Andøya eller anna. Her må dei gjera det dei er gode på – forhandla pris på hesten, og få hesten heim og i stall. Men samstundes må partiet vera svært medvitne på ein ting: I Europa elles kjem regionale skilnader fram i dagen no. I Noreg handlar det veldig mykje om sentrum mot periferi. Senterpartiet må ha ein strategi for kva politiske krefter i byane dei vil rekka ut ei hand til. Den som les kommentarfelta, vil ikkje ha problem med å finna mektige nettverk i Noreg der forakten for SP ligg tjukt i rommet. Desse miljøa er Senterpartiet sine fiendar i langt større grad enn venstresida.