Debatten om det «totalitære» og elefanten i rommet

0
Boris Jeltsin i 1991, Wikimedia Commons. CC 2.0

Det imperialistiske systemet som har drepe kvar dag sidan Columbus gjekk i land i Amerika og som drep kvar dag i notida, det slepp lett unna i denne diskusjonen.

Terje Valen

Av Terje Valen.

Då Sovjet blei oppløyst og tatt inn den columbiske sfæren

Det går ein debatt i avisa Klassekampen no om «Totalitære regimer, massemord og moralsk medansvar». Her eit innlegg i debatten, som eg tenkjer elles ikkje kjem fram. Eg har tidlegare prøvd å få inn ein kronikk i avisa om kva det columbiske systemet er og kva det har påførd folk i verd, men det var ikkje avisa interessert i.

I 2020 gav dåverande professor i russiske studie og historie ved New York University, Stephen F. Cohen,[i] ut boka Failed Crusade – America and the Tragedy of Post-Communist Russia. Her gjennomgår han Russland si historie etter Sovjet-Unionens oppløysing i 1991. Boka kom i oppdatert utgåve i 2001. I forordet skriv han: …, denne boka startar i dei tidlege 1990-åra med at dei leiande politikarane i USA og deira støttespelarar set i gang eit dårleg gjennomtenkt og i siste instans øydeleggande korstog for å omforme det etterkommunistiske Russland til ‘det slags Russland som vi ønskjer oss’, og ho sluttar no midt i 2001 med at dei same misjonærane forsett den same omsynslause jakta etter ‘det framtidas Russland som Amerika drøymer om’.[ii]

Så siterer han påstandar, alle i tida  1997-2001, frå ei rekkje journalistar; ein økonom og ein vitskapsmann innan politikk, pluss USA sin visepresident Al Gore frå 1998 som gir uttrykk for same haldning som alle dei andre.

 «Optimisme råder blant alle dei som har god kjennskap til det som går føre seg i Russland».

Al Gore og alle dei andre visste sjølvsagt kva som gjekk føre seg i Russland, og deira meining var at det gav grunn til optimisme for USA sine leiarar. Og kvifor det? Etter mi meining fordi dei trudde at det gjekk rette vegen med å få Russland (og dei andre delane av det tidlegare Sovjet) inn att i den USA-leia columbismen, etter at heile dette området klarte å bryte ut av den columbiske sfæren i 1917 og bygge ein moderne, industrialisert stat med vel utbygd utdanning, helsevesen og kultur.

Men folket i Russland hadde ikkje nokon grunn til optimisme ut frå det som skjedde i på 1990-talet, og grunnen finn vi i utsegnene under her.

«Vi vil minne verda på at overgang kan drepe.»

Leiar for Raude Krossen i det tidlegare sovjetiske Georgia, 1996.

«Russland er ein sone med økonomisk katastrofe.»

Dei russiske økonomane N. Petrakov og V Perlamutrov.

«Det er openbart at Russland i dag er i den djupaste krisen i heile si historie.»

Aleksei Podberedskin, russisk nasjonalistleiar, 1999.

«Ein menneskeleg krise av monumentale proporsjonar oppstår i det tidlegare Sovjet-Unionen, 1999.»

FN sitt Utviklingsprogram, 1999.

«Som eit resultat av Jeltsin-perioden har alle dei grunnleggande sektorane av staten vår, økonomien, kulturen og det moralske livet har blitt øydelagd eller røva. … Vi  høyrde at store reformar fann stad i landet vårt. Dei var falske reformar fordi dei førte til at meir en halvparten av innbyggarane i landet vårt blei fattige. … Kva tyder det å fortsette desse reformene? Skal vi fortsette med å røve og øydelegge Russland til ikkje noko er tilbake? … Måtte Gud forby  at desse reformene får fortsette.»[iii]

Aleksander Solsjenitsyn, 2000.

Omslaget på magasinet Time

Cohen skriv så at den politiske strategien (grand policy) til USA «ikkje var noko anna enn misjonerande  – eit verkeleg krosstog for å omdanne det etterkommunistiske Russland (saman med fleire andre tidlegare sovjetrepublikkar) til ein slags faksimile[iv] av det amerikanske demokratiske og kapitalistiske system. Dessutan var det ikkje berre eit offisielt prosjekt; det opptok investorar, journalistar og vitskapsfolk også».  I røynda skulle USA lære det eks-kommunistiske Russland korleis det skulle blei eit kapitalistisk og demokratisk land og å kontrollere omdanningsprosessen som ein «overgang».

Lærdommane var enkle, men harde. Økonomisk reform tydde «sjokk-terapi» og hardhendt monetarisme, særleg kraftige sparebudsjett, slutt på forbruks- og velferd-subsidiane frå sovjettida, privatisering av dei russiske statsføretaka og andre aktiva, omgåande utsetting av landets uførebudde produsentar for høgt utvikla utanlandsk konkurranse på heimemarknaden, minimal rolle for regjeringa.

Politisk støtte kom ikkje til å tyde anna enn kraftig støtte til Boris Jeltsin fordi «Jeltsin står for den retninga i Russland som vi ønskjer». I tillegg til gratis instruksjonar som tydde «diktering av den nasjonale økonomiske politikken» lova (den amerikanske) administrasjonen hjelp til å finansiere overgangen, hovudsakleg gjennom lån frå Det internasjonale pengefondet (IMF», om Russland mislukkast med å møte våre vilkår.»[v]

I denne ånda spreidde legionar av amerikanske politiske misjonærar og forkynnarar seg over heile Russland midt på 1990-talet. Finansiert av den amerikanske regjeringa, ideologiske organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, slo dei seg ned alle stader der dei kunne få tilhengarar til det «Russland vi ønskjer oss», frå politiske rørsler, fagorganisasjonar, media og skulane. Mellom andre misjonsoppdrag gav USA stønad til den russiske regjeringa sjølv borgarar i USA gav pengar til dei russiske politikarane som dei lika, instruerte ministrar, skreiv lover og presidenten sine dekret, laga undervisningsbøker og tente ved Jeltsins hovudkvarter då Jeltsin skulle attveljast i 1996.[vi]

Som det blei sagt i eit anonymt programmatisk brev som sirkulerte i Washington i 1993 «Nøkkelen til [Russlands] overgang til demokrati er ikkje lenger i deira hender. Han er i våre.»[vii] Blant dei som ville bidra var filantropisten og milliardæren, George Soros, som personleg lovde »å gi midla for å løyse dei presserande problema i russisk økonomi.»[viii]

Cohen har så ei lengre utgreiing, med dokumentasjon, om korleis amerikanske media sine reportasjar frå den russiske revolusjonen i 1917 og utviklinga etter, mest ikkje gav nokon korrekte opplysningar om det som verkeleg skjedde, og han viser, godt dokumentert, korleis det skjedde om att over 80 år seinare. Det skal eg ikkje gå nærare inn på her, berre kommentere at det same har skjedd i alle dei sist krigane USA ha starta også, ikkje minst krigen i Syria. Han viser også til korleis journalistar og redaktørar i samla flokk følgde Clinton-administrasjonen ved høglydt å støtte Jeltsin si grunnlovsstridige stenging av Russlands parlament og så å juble til det væpna angrepet hans på den valde forsamlinga.

Cohen gjennomgår så alle dei nyliberale tiltaka som blei sett i verk utover på 1990-talet og som øydela det russiske samfunnet. Det skal eg ikkje gå nærare inn på her. Eg vil konsentrere meg om resultata av desse tiltaka.

The Nation for 7.-14. september 1998 skreiv Cohen følgande (som er sitert i boka hans):

Dei som tiltaka til Jeltsin og hans amerikanske rådgjevarar sette i verk til då hadde ført til var «ein altomfattande økonomisk katastrofe som aldri hadde skjedd før – ein økonomi som i fredstid har vore inne i ein prosess med nådelaus øydelegging i sju år. Brutto nasjonalprodukt har falle med minst 50 % og ifølgje ein rapport, med så mykje som 83 %, investering i kapitalvarer med 80 %, og talet på dyr som gir mjølk og kjøt med 75 %. Med unnatak for energi produserer landet no svært lite; mesteparten av forbruksprodukt, særleg i dei store byane, blir importert.

Så stor er den økonomiske og sosiale katastrofen i Russland at vi no må snakke om ei anna utvikling som ikkje er sett før: bokstaveleg talt ein avmodernisering av eit land i det tjuande hundreåret. Når infrastrukturane i produksjon, teknologi, vitskap, transport, oppvarming, og avlaup går i oppløysing; når titals millionar ikkje får utbetalt opptent løn og rundt 75 % i samfunnet lever under eller knapt over grensa av det dei treng og millionar av dei rett og slett svelt: når mennene si forventa levealder fell ned til femtisju år (som han var på slutten av 1800-talet), underernæring har vorte normalen for skuleungane, og sjukdommar som var utrydda blir epidemiske att og grunnleggande velferdstiltak forsvinn; når sjølv høgt utdanna profesjonelle må dyrke sin eigen mat for å overleve, og godt over halve nasjonen sine økonomiske transaksjonar er bytehandel – alt dette og meir til, er utan tvil prov på ein tragisk attendegong til ei førmoderne tid.»[ix]

Over dette folket, og som eit resultat av den columbiske politikken, vaks det fram ei lita gruppe svært rike oligarkar som røva til seg samfunnet sine rikdomar og som Jeltsin støtta seg på slik at dei kunne tileigne seg stor politisk makt.

Cohen fortel om ei canadisk journalist som blei sendt ut i år 2000 for undersøke korleis det gjekk med hans eige land sin amerikanske måte å hjelpe med til å omforme Russland sine store kollektive gardar til små privateigde gardsbruk. Han fann dette:

«Folka frå Canada var vekk for lenge sidan. Det var også dyra, kornåkrane, traktorane og sjølv veggene og taka av driftsbygnadene. Husa var tømt og røva. … Mesteparten av jordene var fulle av ugras og buskar. Dei hadde ikkje kunne hauste noko på to år.»[x]

Ei 17 år gamal jente i ei anna provinsby som blei spurd om håpa hennar for det nye tusenåret uttalte seg for titals millionar russarar: «Det tjueførste hundreåret? Det er vanskeleg å snakke om det tjueførste hundreåret når du sit her og les under eit stearinlys. Det tjueførste hundreåret har ikkje nokon meining. Her er vi i det nittande.»[xi]

Dette var ei kort samanfatting av resultata av dei om lag 10 åra då Russland var inne i den columbiske sfæren att. Det var eit tiår som var mykje meir drepande og øydeleggande for folket i Russland enn noko dei hadde opplevd før. For hugs at dei enorme øydeleggingane under 2. verdskrigen «berre» varte i rundt 3 år og berre ramma den vesle delen av Russland som stort sett låg vest for ei line mellom det dåverande Leningrad, Moskva, Stalingrad og Odessa. I heile resten av Russland blei det ikkje øydelagd noko. Og columbifiseringa etter oppløysinga av Sovjetunionen varte i vel 10 år og gald heile det russiske territoriet. Og det var ei medviten påført utvikling av dei columbiske leiarane i USA og deira støttespelarar utanfor og inne i Russland. Det er heilt klart at ikkje ein gong 2. verdskrigen kunne måle seg med dette og under Stalin sine utreinskingar var landet samstundes inne i ei rivande økonomisk, sosial og kulturell utvikling for det store fleirtalet av folket.

No var det berre columbisk sundriving av eit velfungerande moderne samfunn som ut frå eigne krefter kunne ha utvikla seg positivt, og ein tilbakegong til ein situasjon for folk flest som minna om slik det hadde vore under tsarveldet på 1900-talet.

Det skjedde ikkje noka endring før etter at Putin kom til makta i år 2000 og vingestekka oligarkane og sette i gong eit atterreising av Russland som fungerande samfunn. Det var eit storverk som blei utført for og av det russiske folket att under hans leiing og ei sikring av grunnleggande menneskerettar som retten til mat og arbeid for folket i landet. Rettar som dei USA-leia reformane hadde tatt frå dei. Og føresetnaden var sjølvsagt at dei amerikanske (og at dei andre) columbiarane vart jaga ut av landet, og at dei russiske oligarkane, som samarbeidde med columbiarane frå USA for å fremje det columbiske systemet inne i Russland, miste den politiske makta si.

Dette har sjølvsagt gjort Putin til ein versting i columbiarane sine auge. Jeltsin, derimot som, med amerikanske «rådgjevarar» på skuldra, sto i spissen for den enorme øydelegginga av det russiske samfunnet, var grunnen til den amerikanske presidentens optimisme med omsyn på utviklinga i Russland. Desse syna blir spreidd av dei leiande columbiarane i USA og deira vasallar over heile verda og til og med fornuftige radikale menneske går på så det susar. Mens det ikkje er mange som snakkar om det enorme brotsverket mot det russiske folket som det columbiske regimeskiftet førte til i Russland.

Eg må gjere fleire grunnleggande omvurderingar av tidlegare oppfatningar ut frå denne analysen. Ein av dei viktigaste er at det var naudsynt og progressivt for dei kinesiske styresmaktene å slå ned den såkalla demokratirørsla som samla seg Tienanmen-plassen den 3. til 4. juni 1989. Viss den hadde fått vind i segla kunne utviklinga i Kina vore meir lik den vi har sett i Russland. Landet hadde då ikkje kunne heve seg ut or fattigdomen før dei hadde kasta ut dei «demokratiske» columbiarane att som under ei regimeendring Kina nok hadde funne moglegheiter til å ta leiinga over «utviklinga» der, slik dei gjorde i Russland. Heile verda skal vere glad for at det ikkje skjedde, og at vi no har ein enormt stor og sterk stat som hevdar Westfalen-prinsippa om nasjonane sin rett til sjølvbestemming opp mot USA-columbismen si regelstyrte ordning som tillèt dei å blande seg inn i alle statar som ikkje dansar etter deira pipe med alle dei middel dei finn for godt der undergraving, sanksjonar, regimeendring og krig er nokre.

Dette for å halde oppe eit system som tillèt at det døyr eitt barn kvart femte sekund av unødvendig svelt og sjukdom og som held ein femtedel av verdas folk i under eller på grensa av naud og svelt i tiår etter tiår samt sørgjer for at skilnadene mellom rike og fattig veks seg stadig større.

Dei diskuterer no nazismen og kommunismen, men det verkeleg totaliserande og svært drepande columbisk-kapitalistisk-imperialistiske systemet som har drepe kvar dag sidan Columbus gjekk i land i Amerika og som drep kvar dag i notida, det slepp lett unna i denne diskusjonen.

Terje Valen, måndag 27. september 2021.


[i] https://en.wikipedia.org/wiki/Stephen_F._Cohen

[ii] Stephen F. Cohen Failed Crusade – America and the Tragedy of Post-Communist Russia, 2001, side xiv-xv.

[iii] Cohen 2001, side 3-5.

[iv] Faksimile er ein nøyaktig kopi av et dokument eller noko anna.

[v] Robert E, Rubin i NYT, 21. september 1999. Sjå også Michel Camdessus i Moscow News,15-21 desember, 1999. Når det gjeld «diktere», sjå David E. Sangers rapport om IMF i NYT 10. november, 1999. Sjølv før Clinton-administrasjonen hadde amerikanske misjonærer tildelt IMF en leiande organisatorisk rolle i krosstoget som dei «einaste i verda som har ei relativt klar oppfatning om korleis Russland kan reformere økonomien sin på det mest effektive vis». Jeffrey Sachs i New Republic, 21. desember 1992, side 29.

[vi] Cohen 2001, side 8-9.

[vii] Zbigniew Brzezisinski i Foreign Affairs, hausten 1992, side 33. Eg (Cohenb) siterer her frå ein versjon av eit brev som blei publisert i Moskva i New Times nr. 23, 1993, side 26.

[viii] Scott Horton i Harriman Review, desember 1998, side 30: Soros i Open Society, juni 1992, side 3.

[ix] Cohen 2001, side 169.

[x] Cohen 2001, side 47.

[xi] Same stad.

Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til Terje Valen.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.