
Det nærmar seg mellomval i USA. Trump har, gjennom sin mislukka krig mot Iran, kjørt seg fast. Det er sannsynleg at den neste Kongressen vil ha demokratisk fleirtal både i representanthuset og i senatet. Mange tvilar – med god grunn – på meiningsmålingane. Trump har fleire gongar vore valvinnar på tvers av trendane i meiningsmålingane. Demokratane har ikkje noko tydeleg program dei står samla om. Og det kan skje overraskande ting dei siste vekene.

Men om resultatet blir eit relativt klart fleirtal for demokratane i begge hus (54-55 i Senatet, overtall på 10 i representanthuset), kan resultatet bli ein riksrettsprosett mot Trump.
Din støtte holder oss gående!
steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.
Støtt oss herEin slik riksrettsprosess er i seg sjølv ei konstitusjonell krise. Og den kan føra til varig skade på det som er att av demokrati i USA. Men ein riksrettsprosess kan også bidra til å retta opp ting som i lang tid har kome meir og meir ut av lodd i det amerikanske styringssystemet.
Problemet er ikkje Trump – Trump er eit symptom. Og eitt av hovudproblema i verda i dag er at det som var fornuftig i Trumps program i hans første periode vart sabotert av djupstaten og propagandapressa. «Russiagate» er ein myte, og har formørka vestleg, politisk debatt i eit tiår.
Om demokratane vel å køyra riksrett på dette grunnlaget, vil dei forsterka dei problema som har ført oss hit.
Det er ingen tvil om at Trumps klan (Kushner, Witkoff m.fl.) brukar tilgang på innsideinformasjon til privat beriking i ein målestokk som er påfallande – sjølv til USA å vera. Eit riksrettsgrunnlag her kan bidra til å gjera amerikansk politikk sunnare.
Men det verkelege problemet i amerikansk politikk er det imperiale presidentskapet – som gjev presidenten fullmakter (til å inngå traktatar med framande statar, byrja og avslutta krigar m.m.) som han eksplisitt ikkje har i følgje grunnlova. Den ekstreme polariseringa i politisk kultur gjer også at presidentane etter Reagan i stor grad har styrt «over hovudet» på Kongressen. Og presidentdekret har erstatta den rolla kongressleiarar som Sam Rayburn, John William McCormack, Carl Albert m.fl. tidlegare hadde med å byggja breide fleirtal i Kongressen.
Kort sagt: Ei krise kan vera byrjinga på noko nytt og betre. Men skal ein gje rett medisin, må ein ha rett diagnose – gjev ein medisin for feil sjukdom, kan problemet bli større.
Problemet er ikkje Trump. Og europearar bør vera svært tilbakehaldne med å skriva ut medisinar i ei amerikansk, politisk krise – avdi nettopp tilhøvet til Europa historisk har vore ein viktig årsak til dei vindskeive tilhøva som har utvikla seg under imperiepresidentskapen. Dei viktige overføringane av makt i strid med grunnlova (og ofte i strid med kva amerikanske veljarar ønskte) har ofte skjedd med sterk, europeisk støtte. USAs rolle som leiar av den vestlege alliansen har gjeve presidenten tilgang til viktige nettverk og institusjonar («djupstaten») som i praksis har vorte arenaen for verkeleg politikkutforming – medan det formelle systemet er redusert til sandpåstrøing.
Og europeiske politikarar har vore ivrige pådrivarar for å gjera eit av dei mest korrumperande delsystema – lobbyen – til ikkje-tema. Ikkje minst avdi lobbyen historisk vaks ut av den demokratiske alliansen Franklin D. Roosevelt bygde. Og europeisk tolking av amerikansk politikk har nesten alltid pro-demokratisk slagside.
Så spørsmålet er ikkje for eller mot riksrett mot Trump. Skal ein vurdera ei slik sak, må ein først og fremst vurdera tiltalten kritisk.
oss 150 kroner!


