
I 2003 førte vestlege sanksjonar til at Libya tok på seg ansvaret for Lockerbie-bomba (som dei truleg ikkje stod bak). Dei la bort planar om å utvikla atomvåpen og andre masseøydeleggjingsvåpen – og satsa i staden på normalisering og diplomatisk anerkjenning i vest.

I åra etterpå følgde normalisering av tilhøvet til vestlege statar – og i 2008 gjenoppretta Libya og USA diplomatisk samband.
For LIbya var dette forsøket på å normalisera tilhøvet til vest fullstendig øydeleggjande. Å inngå avtalar med dei vestlege maktene er å skriva under på sin eigen dødsdom.
I 2011 starta eit islamistisk opprør i Benghazi, støtta av oljediktatura i Golfen. Opprøret vart eit påskot for å gripa inn og knusa den libyske staten.
Avtalene som var skrivne under? Som skrift i sanda på stranda.
Då denne prosessen byrja freista Russland forhindra vestleg regimeskifte i Libya. Motviljug gjekk dei med på å ikkje leggja ned veto mot ein FN-resolusjon om flyforbudssone – mot forsikringar om at denne ikkje skulle misbrukast til å styrte den libyske staten.
Og verdien av desse forsikringane? Som skrift i sanda på stranda.
I februar 2014 forhandla opposisjonen i Ukraina fram ein avtale med sitjande president – med utanriksministrane frå Tyskland, Frankrike og Polen som garantistar. Regjeringa skulle reduserast til eit forretningsministerium, og nyval haldast seinare same år.
Den russiske representanten i forhandlingane skreiv ikkje under, avdi han meinte forhandlingane ikkje skjedde i god tru.
Verdien av underskrifta til garantistane? Som skrift i sanda på stranda. Før 24 timar hadde gått, hadde den lovlege presidenten i Ukraina vorte styrta i eit valdeleg kupp.
Det valdelege kuppet førte til væpna opprør aust i Ukraina, støtta av Russland. Då regjeringa i Kiev freista slå ned opprøret med makt, vart store regjeringsstyrkar omringa ved Ilovaisk. Frankrike og Tyskland forhandla fram ein avtale om våpenkvile og fredsprosess. Donbass skulle i ein trinnvis prosess få ein spesiell status, og regjeringa i Kiev skulle innleide forhandlingar med separatistane.
Verdien av avtalen? Som skrift i sanda på stranda. Regjeringa i Kiev hadde aldri tenkt å forhandla med separatistane. I staden freista dei igjen å finna ei militær løysing.
Og igjen fungerte det ikkje. Den ukrainske hæren vart omringa ved Debaltseve – og igjen reiste den tyske og franske presidenten til Minsk for å forhandla. Nok ein avtale.
Kva sa Hollande, Merkel og Porosjenko i ettertid? At dei ikkje hadde tenkt å halda avtalen. At det handla om å kjøpa seg tid.
EU-leiarane hadde sett for seg at EU og USA skulle diktere utfallet av ukrainakrisa – på russisk kostnad. Men det skjedde ikkje. For Russland seig ikkje i kne som følgje av økonomiske sanksjonar. Og Russland vann krigen – tvert imot det EU-leiarane hadde planlagt.
No søkjer USA og Russland å løysa Ukraina-krisa – på EUs og Ukrainas kostnad. Og no har dette vorte frykteleg urettferdig for EU.
Men kvifor skulle Russland forhandla med EU? Militært er EU nakne utan USA. Og dei har gong etter gong demonstrert for all verda at underskrifta deira er like mykje verdt som skrift i sanda på stranda.
Så den enklaste forma for forhandling, som har størst sjanse til å føra fram til fred, er direkte forhandlingar mellom Washington og Moskva. Deltaking frå europeiske land vil berre komplisere – utan at noko er vunne når det gjeld å koma fram til forpliktande avtalar som blir halde etterpå. Deltaking frå europeiske land vil berre føra til ein veikare avtale, der ansvaret for avtalebrot i ettertid kan fordelast på alle og ingen.
Europa får betalt i same valuta som dei har betalt til andre.
oss 150 kroner!


