
Det hender at politiske nyvinningar blir lansert med brask og bram – og så syner det seg at det berre der den gamle politikken i nye klede. Men også det motsette kan skje: Ein stat kan leggja om kursen på dramatisk vis – og kamuflere dette med å kle politikken opp i gamle klede, og selja det heile som «den gode, gamle skulen».

Det var dette som skjedde i første halvdel av førtitalet i USA, og Stephen Wertheim fortel historia på forbilledleg vis i årets bok, «Tomorrow the World».
Wertheims hovudpoeng er viktig, og let seg formulera i få ord: I 1940 tok eliten som steller med utanrikspolitiske val i USA eit avgjerande val, med konsekvensar heilt fram til i dag. Dei fann ut at USA skulle ta mål av seg til å bli den globalt dominerande militærmakta. Nøyaktig når denne avgjerda vart teke, og kven som tok henne, veit vi framleis ikkje. Men vi veit likevel mykje om korleis denne avgjerda tok form.
Global dominans er eit drygt stykke, særleg for ei makt som tidlegare hadde vore kritisk til britisk og fransk imperialisme. Difor måtte den nye doktrinen kles opp til å sjå ut som fullblods amerikanisme. Wertheim går grundig inn på fleire sider av denne prosessen.
Frå slutten av attenhundretalet hadde ulike miljø i USA vore mellom dei fremste talsmennene for å løysa internasjonale konfliktar utan bruk av våpenmakt. Då USA vart grunnlagt på slutten av 1700-talet, vart ei av grunnsetningane for amerikansk utanrikspolitikk at USA skulle unngå allianse- og maktpolitikken som prega den gamle verda. Dette tydde ikkje at USA førte ein pasifistisk utanrikspolitikk – i ly av Monroedoktrinen dominerte USA dei amerikanske kontinenta, og hindra at andre stormakter fekk fotfeste i denne delen av verda. USA skaffa seg også koloniar i Karibia og Stillehavet. Men skepsisen til å binda seg til europeiske alliansar låg fast, og overlevde til og med første verdskrig. USA vart ikkje med i det Folkeforbundet som hadde vore Woodrow Wilsons kjepphest, og i mellomkrigstida vedtok Kongressen nøytralitetslovar som skulle forhindra at USA vikla seg inn i ein ny krig.
(Folkeforbundet var en internasjonal organisasjon som ble opprettet etter første verdenskrig med mål om å fremme fred og samarbeid for å unngå en ny verdenskrig. Den ble grunnlagt i 1920, bygget på Versaillestraktaten, og fungerte som en forgjenger til dagens FN. Organisasjonen ble etablert for å løse internasjonale konflikter gjennom diplomati, og den jobbet også med nedrustning, samt forbedring av levevilkår. Red.)
Då andre verdskrig byrja i september 1939, var krigen knapt ei veke gamal då grunnleggjar av «Council on Foreign Relations» og redaktør av «Foreign Policy», Hamilton Fish Armstrong, innkalte til eit viktig møte der mellom anna viseutanriksminister Sumner Welles var til stades. Armstrong hadde vore i Versailles i 1919, og hugsa godt korleis amerikanarane ofte kom til kort i mange saker avdi britane stilte langt betre førebudd då fredstidsordningane skulle avtalast. Armstrong ønskte ikkje at dette skulle skje igjen, og ville difor starta planleggjinga av etterkrigtida i regi av CFR. Welles var positiv til dette, so lenge alt som skjedde var strengt konfidensielt. Det viktige for Roosevelt-administrasjonen var å ikkje bli mistenkt for å planleggja deltaking i krigen – heilt fram til valet i 1940 insisterte Roosevelt på at det var uaktuelt å senda unge, amerikanske soldatar ut i krigen.
Planleggjinga av etterkrigstida famla seg fram, men premissa var uklåre. Dette forandra seg dramatisk då Tyskland overmanna det franske forsvaret i maidagane i 1940. Den tyske sigeren i Frankrike flytta på hjørnesteinane for den amerikanske politikken. Resultatet vart ein serie studiar i regi av CFR sommaren/hausten 1940, som kartla amerikanske krav til etterkrigsordninga. Planleggjarane freista finna det geografiske området der amerikansk makt måtte dominera uutfordra. I første runde, juli 1940, teikna ein ei «kvartkule» der USA dominerte Amerika nord for Equador og det nordlege Brasil. Men dette området vart for lite, og hadde for lite råvaretilgang til at ein hadde forhandlingsstyrke andsynes eit tyskdominert Europa. Planleggjarane utvida difor området for amerikansk dominans i fleire steg, til ein i oktober hadde kome fram til at USA etter krigen måtte ha udiskutabel makt i eit område som omfatta heile Amerika, Afrika sør for Sahara, og hovuddelen av Asia inkludert India, Indonesia, Kina og Japan.
På eit tidspunkt der Roosevelt dreiv valkamp på at USA ikkje skulle senda eigne soldatar ut i krig, heldt altso den utanrikspolitiske eliten i landet på å planleggja for ei etterkrigsordning der amerikansk makt skulle vera dominerande og uutfordra i store delar av verda.
Dette innebar sjølvsagt ein total omleggjing av utanrikspolitisk tenkjing i USA. USA hadde vore den stormakta som var annleis, som tok avstand frå maktpolitikk og maktbalanse, og insisterte på fredeleg konfliktløysing. Det var ikkje alltid europeiske statsleiarar var like entusiastiske – Bismarck kommenterte ein gong at «Gud har eit eige forsyn som held si hand over ungar, fulle folk og amerikanarar». Men det var ingen tvil om at dette hadde vore ein bærebjelke i amerikansk internasjonalisme.
No vart heile denne tradisjonen forkasta, og skjellsordet «isolasjonisme» oppfunne for å snu forståinga av det som skjedde på hovudet. Det som hadde særprega utanrikspolitisk tenkjing i USA var no «isolasjonisme», ein reaksjonær, tilbakeskodande og provinsiell idé på line med fascisme og liknande trugsmål. «Internasjonalisme» var no synonymt med projisering av amerikansk makt og dominanse. USA ville sjølvsagt samarbeida med andre – men berre om dei andre følgde eit amerikansk manuskript. Global, amerikansk dominans vart konsensusmålet for amerikanske, utanrikspolitiske elitar.
Medan Frankrikes fall var eit sjokk for den utanrikspolitiske eliten i USA, var Pearl Harbour berre eit startsignal for å gjennomføra denne konsensusen utan opposisjon. «Americas First» oppløyste seg og la ned verksemda dagen etter åtaket, og dei neste tre åra følgde det ein «ikkje-debatt» der amerikansk presse og amerikanske politikarar polemiserte mot ein trugande «isolasjonisme» som ikkje hadde talsmenn eller på anna måte deltok i ein debatt, men som vart framstilt som trugsmål mot den nye orden som USA no skulle skapa.
I første omgang ønskte ikkje dei utanrikspolitiske elitane å organisera ein verdsorganisasjon. Folkeforbundet hadde diskredittert Wilsons kongstanke. Men det amerikansk-britiske diktatet som ein såg for seg som grunnlaget for den nye verdsordninga var ved ettertanke vanskeleg å selja – også til amerikanske veljarar. FN vart difor til som ein ettertanke til USAs globale imperium. Hovudpoenget var at krig og fred skulle avgjerast av fire-fem stormakter i tryggleiksrådet, som hadde alle fullmakter. So skulle dei mindre nasjonane få møtast i ei generalforsamling utan makt ein gong for året, der dei kunne blåsa av seg damptrykk.
Allereide grunnleggjarane av dette innsåg at denne ordninga innebar at USA kunne heva seg over internasjonal lov og rett, og eldre akademikarar i den amerikanske tradisjonen for internasjonal lov påpeikte kva dette var i klåre ordelag. Men dette var ein debatt ingen i det utanrikspolitiske miljøet i USA ønskte – ein ville ha konsensus og handlekraft, ikkje diskusjon om detaljane. Men alle omskrivingane – «The American Century», «Pax Democratica» og liknande – endra ikkje innhaldet i det prosjektet den amerikanske eliten hadde lansert: Eit globalt, amerikansk imperium. Eit imperium der makta korkje var bunde av den amerikanske grunnlova, eller av den nye FN-pakta.
Quincy Wright og Walter Lippman var to av arkitektane bak dette dramatiske kursskiftet i amerikansk utanrikspolitikk. Då bombene regna over Vietnam på sekstitalet, skreiv Wright til Lippmann og klaga over at «problemet med amerikanarane er at dei ikkje forstår skilnaden mellom internasjonalisme og imperialisme». Det var riktig – men årsaka var at dette skiljet var viska ut i amerikansk tenkjing under omleggjinga på førtitalet.
Vi lever med konsekvensane. Stephen Wertheims bok gjev ei oversiktleg framstilling av kvifor det vart slik.

Stephen Wertheim: «Tomorrow the World». The birth of U.S. Global Supremacy.
Harvard University Press 2020. 262 sider med noter og register.
Hans Olav Brendberg publiserte denne artikkelen på Facebook 29. november 2020.
oss 150 kroner!


