Kvifor ikkje Raudt?

0
Rødts stortingsgruppe 2025 - 2029. Foto: Rødt

I dag fikk eg ei innbyding. For første gong skal det i heimkommunen min dannast eit lokallag av Raudt. Det skjer etter at partiet gjorde eit brakval her i stortingsvalet, med nesten 20% av røystene. Det viser at mange her ønsker seg ein meir rettferdig politikk og ikkje minst å verne naturen vår mot dei mange trugsmåla som no kjem i form av vindkraft og gruver. Den utrulige valoppslutninga til Raudt i Indre Finnmark er i første rekke eit uttrykk for at partiet blir rekna som det som kraftigast har gått mot den pågåande raseringa av natur og reinbeiteområde. 

Svein Lund.

Eg har røysta RV / Raudt ved dei aller fleste vala sidan eg fikk røysterett da RV første gong stilte til val i 1973, og har stått på ei rekke vallister for partiet. Normalt burde eg ha gleda meg stort over at partiet endelig får eit lokallag der eg bur, og meldt meg entusiastisk til teneste. Slik blir det dessverre ikkje. Eg blir ikkje å stille opp på møtet og ikkje å delta i lokallaget. Men eg kjenner at eg skulder alle dei som vil delta der ei forklaring på kvifor eg ikkje lenger ser Raudt som eit godt alternativ i norsk politikk. 

Raudt ga i 2019 ut eit prinsipprogram, sjå https://roedt.no/prinsipprogram. Eg tilrår alle å lese det, ikkje minst kapittel 4 om imperialismen. Her eit par utdrag:

Dei grunnleggjande skiljelinene i verda går ikkje mellom nasjonar og folkeslag, men mellom den økonomiske makteliten og arbeidarklassen. Internasjonal solidaritet er ein bærebjelke i vår politiske strategi.

Samtidig har motsetningane mellom imperialistmakter og fattige land, stor betydning for dagens kapitalistiske verdsorden. Den politiske og militære kampen mellom statane heng saman med den økonomiske kampen mellom dei store kapitaleigarane. Konkurransen mellom store konsern og finansføretak er avgjerande for utanriks- og militærpolitikken. …
Den stadig meir konsentrerte kapitalistklassen brukar overnasjonale institusjonar som Det internasjonale pengefondet, Verdsbanken, Verdas handelsorganisasjon og EU til å presse gjennom ein politikk for fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og kapital over heile verda. Føremålet med dette, er å fjerne alle reguleringar som svekker deira evne til å hauste profitt – å skape ein global konkurranse der billegaste arbeidar, mest skattefrie stat og dei største subsidiane til næringslivet vinn, og velferd og demokrati for arbeidarklassen taper. Dei overnasjonale institusjonane set statar – særleg dei med stor gjeld – under sterkt press for å liberalisere økonomien. Vidare kan bistand brukast som eit verkemiddel for å legitimere og usynleggjere økonomisk imperialisme.

Når dette ikkje fører fram, kjem ofte den militære sida av imperialismen til syne. Den militære imperialismen er godt dokumentert gjennom den lange lista med krigar, militærkupp og statskupp, forkledd som opprør og revolusjonar, som er utførte og støtta av den dominerande stormakta USA etter andre verdskrig. Ofte har krigane funne stad fordi USA ønskjer å støtte opp sine eigne økonomiske og geopolitiske interesser i fattigare land.

Kapitalisme betyr ofte krig. Rivaliseringa mellom stormaktene sine kapitalistar, bidrar til ei rivalisering mellom statane, noko som i verste fall endar i militær konfrontasjon. Problemet blir forverra av at våpenindustriane sjølve er mektige økonomiske og politiske aktørar, som kan være tente med eit høgt militært spenningsnivå og konflikt.

Når no konfliktnivået mellom USA og Russland aukar igjen, følgjer Noreg USA si linje og stiller norsk territorium til disposisjon for amerikanske styrkar sin militære omringing av Russland. Raudt meiner at Noreg ikkje skal stille seg på nokon side i kampen mellom imperialistiske stormakter og vil ikkje støtte korkje Russland eller USA. Derfor er vi imot denne farlege utviklinga.

Kampen for å bevare fred mellom atommaktene, står i ei særstilling for å beskytte menneske og miljø. Raudt deltar i arbeidet for nedrustning, avspenning og avskaffing av atomvåpen. Å hindre storkrig, er ein føresetnad for å byggje sosialisme.

Dette er ei aldeles utmerka og skarp analyse av verdssituasjonen, minst like aktuell i 2025 som da programmet blei vedtatt i 2019. Men kva har skjedd i desse 6 åra? Jo, konfliktane mellom USA og Russland har ført til krig, Som resultat av at NATO gjorde nettopp det som programmet sa, gjennomførte eit kupp i Ukraina kamuflert som ein revolusjon. 

Fleirtalet og leiinga i Raudt har no gått bort frå denne analysa og tatt stilling, for USA mot Russland. Raudt har på Stortinget røysta for å sende milliardar av kroner til våpen til NATO sin proxykrig i Ukraina, kamuflert som støtte til Ukrainas frigjøringskamp. Raudt har på Stortinget røysta for «forsvarsforliket», der eit samla storting gikk inn for ei kraftig norsk opprustning innafor ramma av NATO.

Raudt-leiinga har erklært at NATO-utmelding ikkje er aktuell politikk, på eit tidspunkt da NATO er meir aggressivt enn nokon gong. No skal «vi» i den vestlige, rike, kvite verda stå saman, mot eit påstått trugsmål frå Aust. No skal vi stå saman med verdas største imperialistmakt med 750 militærbasar i 80 land, som har stått bak eit utal av statskupp og krigar og no førebur neste krigen mot Venezuela. Vi skal stå saman med dei gamle europeiske kolonimaktene som har utsugd resten av verda i 500 år og fortsatt gjør det i den grad dei er i stand til det.

Raudt har forlatt heile si gamle analyse av verda til fordel for støtte til den vestlige imperialismen. Den anti-imperialistiske politikken er redusert til ein forsiktig og prinsipplaus kritikk av nokre av dei verste utslaga. 

For 4 år sidan fikk Raudt for første gong inn ei stor stortingsgruppe. Og på Tinget, der er det som kjent godt å sitte. Ambisjonane er det ingenting i vegen med. I følge partileiaren er det ikkje noko mindre enn taburettar ved Kongens og Støre sitt bord. Skal ein nå dit, må det svelgast kamelar. Dei første og viktigaste var at ein i lag med SV har lagt heile den utanrikspolitiske opposisjonen daud. At Raudt, i alle fall inntil vidare, fortsatt er mot norsk medlemskap i EU og EØS, kan nok både Kongen og Støre leve med, dei har temma EU-motstandarar i regjering før. Regjeringa kan leve med EU/motstandarar, så sant dei gir avkall på den prinsipielle analysen av EU som ei imperialistisk blokk i verda.

Det neste er å godta bildet av at norsk politikk består av to blokker, der AP med «tuttifruttipartia» utgjør venstresida, som står for ein grunnleggjande annleis politikk enn dei «borgarlege». Nylig uttalte Raudt sin finanspolitiske talsmann at dei 5 partia måtte stå samla om fortsatt rettferdig fordeling, fortsatt miljøpolitikk osv. Fortsatt miljøpolitikk? Vi snakkar om partiet som pressa gjennom Alta-utbygginga med politimakt, som no gjør det same i Repparfjorden, som er hovudansvarlig for dumpinga i Førdefjorden, elektrifiseringa av Melkøya, mineralleiting over heile Finnmarksvidda osv. osv. Partiet som skal «utvikle, ikkje avvikle» oljeindustrien, som har vore og er miljørørsla sin motstandar i så godt som alle miljøkampar i norsk historie. For å komme i posisjonar er Raudt no villig til å verne om denne regjeringa sin «gode miljøpolitikk». 

Raudt sitt prinsipprogram kunne eg gjerne ha røysta på. Men dagens leiing i Raudt har for lengst forlatt dette grunnlaget, og redusert seg til eit haleheng til Ap-regjeringa og NATO-imperialismen. Hovudfunksjonen til dette partiet i dag er å hindre ein konsekvent opposisjon som kan analysere verda og fortelje folk kva som verkelig skjer: At NATO og EU kjempar for dei aller rikaste sin rett til å utbytte og undertrykke det store fattige fleirtalet på jorda og at dagens norske Ap-regjering er ein viktig partnar på dei rikaste si side, eit viktig hinder for ei rettferdig og bærekraftig framtid. Det kjem klart fram ved Raudt-leiinga sine angrep på folk innafor og utafor partiet som framleis forsvarer analysa i prinsipprogrammet. 

Raudt sin funksjon er ikkje lenger å analysere og få oss til å forstå, men å hindre oss i å forstå korleis verda og Noreg heng saman. Den jobben vil eg ikkje vere med på. 

Kva vil eg så seie til dei som likevel vil danne Raudt-lag? Eg vonar dei vil studere partiet sitt prinsipprogram og ta opp kampen for at praksis igjen skal bygge på dette. Da vil eg ønske dykk lukke til. 

Svein Lund
tidligare medlem av Raudt.


Fotnote:

Basert på statsbudsjettet for 2025 (post 577: 575,6 millioner til partier og ungdom, pluss 255,3 millioner til stortingsgrupper), og Rødts andel (ca. 4–5% av totalen, justert for stemmeandel og mandater) har vi kommet til at offentlig støtte utgjør over 80% av Rødts totale inntekter, mens resten kommer fra medlemskontingent, lotteri og private bidrag (ca. 1,5 millioner fra LO i 2025, 3,4% av totalen). Rødt er altså totalt avhengig av staten for inntektsgrunnlaget sitt og alle lønningene i partiet betales i hovedsak av staten. Vi vurderer det slik at for staten er dette en gunstig investering.

Forrige artikkelJernlegeringer og EØS-midler 
Neste artikkelKrigsdagbok del 273 – 18. og 19. november 2025