
Den siste tida har det kome ei nasjonal hetskampanje mot det einaste fredspartiet i Norge, som overgår den aller verste kommunisthetsen på 1950-talet og 1970-talet. Ein brei allianse frå FrP til Raudt einast om at det å krevje fred og nedrusting er landsforræderisk putinisme. Nokre går til og med så langt som å samanlikne partiet Fred og Rettferd med NS under krigen.

Leserinnlegg.
Dersom det å krevje fred i Ukraina, Palestina og elles i verda, samt stans i opprustinga er «putinisme» , må jo dei som hevdar dette meine at Putin er for fred?
Kva er det som er så ekstremt med desse synspunkta at dei ikkje kan tolast i Noreg i 2025:
– Krigen i Ukraina må avsluttast med forhandlingar og forhandlingsløysing betyr nødvendigvis eit kompromiss.
– NATO burde ha halde løftet sitt frå 1990 om å ikkje utvide austover.
– Folkegrupper må ha retten til sjølv å avgjøre kva stat dei vil høre til. (Også om dei skulle velje ein stat vi ikkje likar, som dei gjorde på Krim.)
– Sikkerhetspolitikk betyr ikkje å presse motparten mest mogleg tilbake, men å anerkjenne at han og har legitime sikkerhetsbehov.
– Norske militære og norske våpen skal ikkje brukast til krigar i andre land.
– Noregs viktigaste allierte er verdas største imperialistmakt og eit trugsmål mot folk og land over heile verda.
– Det norske oljefondet må trekke seg ut av Israel.
– Det bør ikkje vere amerikanske basar i Noreg eller noko anna land utafor USA.
– Vi skal ikkje ha auka militær aktivitet i Finnmark.
Om ein meiner dette er «putinisme» eller «russisk propaganda» kjenner ein verken til Putin/Russland eller til den store oppslutninga desse krava har i mange land i verda. Særlig utafor Europa, men også i fleire europeiske land.
Kva står så Putin for? Han er ein reaksjonær, nasjonalkonservativ og autoritær politikar som har avskaffa det som var av ytrings- og organisasjonsfridom i Russland. Han har forbode menneskerettsorganisasjonar, undertrykt miljøorganisasjonar og tatt styringa over organisasjonane til urfolk og nasjonale minoritetar. Han står for undertrykking av homofile. Han har stått for (gjen)oppbygginga av Russland til ei sterk militærmakt, og nøler ikkje med å bruke denne mot det han oppfattar som trugsmål mot den russiske staten eller det russiske folket. Putin er på ingen måte min mann eller helten til partiet Fred og Rettferd. Mange i Noreg er skulda for å vere «putinistar», men verkelige putinistar er det ikkje mange av.
Vi kan likevel ikkje forstå Putin og Russland utan å sjå på motparten, eller fienden. Gjennom mange år og skiftande styre har USA vore Sovjetunionen / Russland sin viktigaste motstandar. USA har, med eller utan NATO som forlenga arm, okkupert, kriga, kuppa eller påverka i dei aller fleste land i verda. Dei har brukt økonomiske, politiske, kulturelle, språklige og militære middel til å opne land for amerikansk kapital, eller truge dei som ikkje vil. Ikkje minst har dei hatt eit enormt apparat for å påverke i tidligare Austblokkland. USA har rundt 800 militærbasar i 70 land og krigsskip på alle hav. Til samanlikning har Russland knapt soldatar eller basar utafor tidligare Sovjetunionen. USA med allierte har omlag 14 ganger større militærbudsjett enn Russland.
Norge trugar ingen, sa statsminister Støre nylig. Nei, ingen trur vel at Norge på eiga hand vil invadere verken Sverige, Russland eller Argentina. Men Norge er ein integrert del av NATO. som har endra seg fra ein forsvarsallianse i Europa til ein aggressiv allianse som bistår i å truge alle land som ikkje lyder USA. Norge har deltatt i angrepskrigar i Jugoslavia, Libya, Syria og Afghanistan og nylig sendte Norge krigsskip til Øst-Asia for å truge Kina.
Verda står oppe i gigantiske kriser, i forhold til klima, natur, ressursar og matforsyning. Men politikarane på begge sider vil heller krige mot kvarandre enn å ta desse utfordringane på alvor. I år aukar verdas militærbudsjett med nesten 10 %. Om vi skulle redde verda for våre etterkomarar skulle vi heller følgt den gamle parola om å smi våpna om til plogjern.
Verda er i dag ekstremt polarisert. Indoktrineringa gjennom media er massiv, både i aust og vest. I Russland blir fredsdemonstrantar arrestert, i Norge blir dei foreløpig «bare» nekta ordet, utsett for ekstrem utskjelling frå ansvarlige politikarar og anonyme drapstrusler. Er du ikkje for vår krig, er du ein fiende. Å ønske fred og nedrusting er å løpe fienden sitt ærend. Dette meiner samtlige parti på det norske Stortinget. Her trengst eit alternativ. Måtte det halde seg oppreist når det no bles orkan frå alle kantar.
Svein Lund
3. kandidat for Fred og Rettferd i Finnmark
oss 150 kroner!


