Vasallmentalitet

0
Klipp fra VG. Kystlandskap i Grønland.

Hans Olav Brendberg kommenterer VG-redaktør Hanne Skartveits artikkel Må sikre oss mot Trump der hun trygler EU om å redde oss mot den nyvalgte amerikanske presidenten.

Ein gong for lenge sidan, i forrige århundre, dreiv nokre ungar og leika gjømsel på kjøkenet i ei låne i Saltdalen. Far i stova sat ved bordet og skjefta verktøy, gamlemor stod ved komfyren og laga mat.

Hans Olav Brendberg.

Kjøken i den tida var velfylte, men likevel var det ikkje uendeleg med plassar å gøyma seg. Men denne gongen vart det leita og leita – men veslebror var ikkje å finna. Ho som stod var i ferd med å gje opp.

Då stakk eit lite hovud fram, og kom med ei erklæring som vart eit ordtak i slekta: «Hadde ikkje ho besta fise, so hadde de aldri funne meg».

Med dei siste ganske underhaldande, men også realpolitiske utspela om Panama og Grønland har Donald Trump slept ein solid fjert under kilten – og forvirra, små hovud dukkar opp og gispar etter luft. No har desse folka i fleire år forklart oss kor enormt smart det var å gje USA militær kontroll over ei rad basar i Noreg. Og plutseleg står vi i den situasjon at USA ikkje eingong treng gjennomføra nokon «Weserübung» for å ta overstyring. Dei treng berre kunngjera kva som skal skje – og vi kan ikkje gjera noko frå eller til.

Og om det skulle oppstå usemje, vil norske regjeringsleiarar alltid måtta gå med på at Volvo Amazon har seks forgassarar. Eller – det var forresten ikkje Amazon, det var Sonett – ein italiensk bil. For som det heiter i den klassiske Wesenstensketsjen: «Borret går».

Oppegåande folk har freista åtvara mot dette lenge – men vart møtt med ein vegg av arrogant, betrevitande avvising. Vi hadde ikkje eingong nokon debatt om fordelar og ulemper då Noreg gav frå seg suveren kontroll over viktige knutepunkt på norsk territorium.

Men det som skjer fører ikkje til nokon debatt om korleis vi skal sikra fridomen og sjølvstendet til kongeriket Noreg. Neida, vasallane byrjar ny jakt etter ein føydalherre som kan ordna opp for dei. No skal EU berga oss frå Trump.

Kor ryggeslaus går det an å bli? (Og det er sjølvsagt eit retorisk spørsmål – eg veit svaret, som går mot uendeleg. Det finst til og med eit namn: «Invertebrata»).

Så ein råvare- og energirik nasjon som Noreg har felles interesser med det råvare- og energifattige EU? Om du lurar på svaret, skal du berre sjekka siste faktura frå kraftleverandøren din.

Det er grunn til å minna om ei svært gamal sanning: Sjølvstende kostar. For min del bur eg på ein liten holme. Vi har ein liten saueflokk og grønsakåker, og det er fem minutt med båt ut til gode fiskeplasser. I tunet går ein liten flokk med ender.

Skulle det bli knappe tider, vil vi sjølvsagt ikkje klara oss sjølve. Men vi vil ha litt å starta med. Og vi vil stå greit på eigne bein når dei som sit med banklån og må kjøpa alt dei treng byrjar slita. Vi kan rett og slett gjera val som andre ikkje kan. Det er det «sjølvstende» tyder. Og sjølvsagt kostar slikt sjølvstende. Vi har arbeide og ting å tenkja på som andre slepp.

Så nei: EU som føydalfyrste vil ikkje fiksa alle problem for oss. Det er ikkje eingong slik at EU for tida er ein suksess som løyser dei problema dei hevdar å skulle løysa. EU er ikkje nokon garanti for fridom og demokrati – tvert imot. Avlysinga av valet i Romania midt i valprosessen er eit ferskt døme på kva vi risikerer om vi held fram som vasall.

Skal vi sikra fridom og demokrati, må vi faktisk gjera det sjølve, og vi må gjera det bygt på ei realistisk vurdering av kvar trugsmåla er. Og då vil vi oppdaga at den eliten som tittar fram frå skjørtet etter at det er slept ein fis er ein del av trugsmålet. Det er nøyaktig difor dei er ute etter ein annan overherre som dei kan gje bort kontrollen til.

Men fridom og sjølvstende er som andre funksjonar – anten det gjeld hjerne eller kropp. Det du ikkje brukar, mistar du. Og skal du bruka desse tinga, må du ut av eit beskytta miljø. Du må ut – der det framleis er vind, storm og naturkrefter. Det har ein kostnad – fridom og sjølvstende har alltid kosta.

Eller du kan bli med eliten på jakt etter den gode føydalherren som skal fiksa alt for oss.Det kjem ikkje til å enda med fridom og sjølvstende.

Forrige artikkelIkke faktasjekking — men meningssjekking
Neste artikkelAp gjør Norge til en råvarekoloni under EU