Etter Damaskus’ fall

0

Alastair Crooke er – som vanleg – den av kommentatorane som har den skarpaste analysen av det som har skjedd.

Hans Olav Brendberg.

Nokre kjappe kulepunkt:

Dei siste åra har Assad orientert seg bort frå Russland og Iran, i von om å få letta på dei økonomiske sanksjonane og få støtte frå oljediktatura kring Persiabukta. Som del av dette har han også takka nei til russiske og iranske tilbod om å få rusta opp og fornya hæren.

Resultatet vart ikkje at dei økonomiske sanksjonane (og plyndringa av olja til Syria) tok slutt. I staden ramla Assad mellom to stolar, og stod utan ryggdekning då krisa kom.

Israel har nytta høvet til å bomba syrisk luftforsvar og annan militær infrastruktur, og Syria er ikkje lenger i stand til å forsvara seg mot åtak frå Israel.

For tjue år sidan vart den viktigaste arabiske hæren som Israel ikkje kontrollerte – den irakiske – øydelagt. No er også Syrias historie som eit land som utfordrar Israels militære hegemoni over, og Hizbolla er geografisk innringa. Det regionale hegemoniet som alltid har vore hovudmålet for israelsk geopolitikk har tatt eit langt steg i retning total realisering(for ABC: Les Israel Shahaks «Open Secrets», som forklarar korleis dette fungerte i ein tidlegare historisk periode).

Solidaritet med palestinarane er – diverrre – redusert til ein klesmote. Det finst ikkje lenger nokon militære eller politiske hinder i regionen for at Israel skal kunna gjera akkurat kva dei vil.

Og kva dei vil, er jo no ganske tydeleg for alle som vil sjå.

Mange vil kanskje innvenda at folk som kong Hussein eller Mohammed bin Salman eller general Sisi også «stør» palestinarane. Det er heilt riktig at desse – når det trengst – kan prestera pro-palestinsk retorikk for å kamuflere realitetane. Men realitetane er uforandra: Desse «arabiske leiarane» er vasallar under det israelske hegemoniet, like «sjølvstendige» som Maharjaen av Jammu og Kashmir eller Nizamen av Hyderabad var «sjølvstendige» under britisk India. Joda – dei er formelt sett «suverene statar» – slik Maharjaen av Jammu og Kashmir styrte staten sin frå Srinagar og hadde krav på å bli æra av ein kanonsalutt med 21 skot.

Men om fyrstene i India styrte desse fyrstestatane – så visste likevel alle kven som styrte fyrstane.

Eg les kommentarane til det som har skjedd frå leiarane av norsk «venstreside» , og kjenner på ei viss glede av at eg ikkje lenger har noko med dei å gjera. Analysane som kjem frå det haldet er heilt ubrukelege. Fullstendig.

Forrige artikkelFem måter å plyndre Afrika på
Neste artikkelUkrainske soldater deserterer i hopetall
Alastair Crooke
Alastair Crooke er tidligere britisk diplomat og er grunnlegger av og direktør for det Beirutbaserte Conflicts Forum.