Takk til mine meddebattantar som har teke del i drøftinga av Kina og sosialismen. For min del har det vore verdifullt å få innsikt i resonnement og synspunkt blant folk på venstresida i Noreg.
Sluttreplikk frå Erik Klepsvik.
Pål Steigan skriv: «Problemet er at jeg aldri har funnet noen klar og etterprøvbar definisjon av hva sosialisme er for et vesen. Det har alltid vært tidsbestemte, kall det gjerne opportunistiske, situasjonsbetingede, definisjoner av sosialismen». Dette er også min konklusjon. Sjølv har eg store problem med å finna brukande forklåringar på kva som skil marxistar, kommunistar og sosialistar – kanskje er det slik at marxisten fyrst og fremst er teoretikar, sosialisten er pragmatikar, medan kommunisten er idealist. Mange av oss på venstresida har vel litt DNA frå alle desse tre kategoriane .
Rolf Galgerud vil gjerne ha eit svar på sine åtte punkt om Kinas sosialisme, men her er for mykje Galgerud, og for lite Kina-fakta; han skriv om «bløffen om Co2», «Kovid 19-sirkuset», og meiner at Kina er blitt bondefanga av dette. Så er det litt for mange «jeg har fått med meg at», «det er mulig jeg er feilinformert» og «jeg har lest en melding» til at det let seg gjera å gje eit systematisk tilsvar til hans åtte punkt. Det er også problematisk når han freistar pressa våre norske forklåringsmodellar over på eit heilt anna samfunn.
Han antyder også at han har ei «kort liste» over sosialistiske land, og det er «smertelig» å stryka Kina frå denne lista. Det kunne vore interessant å veta kva land som ennå fortener Galgeruds merkelapp som sosialistisk.
Eg oppfattar det slik at Galgerud meiner at det hovudsakleg er marxistisk teori som kan informera oss om korvidt Kina er sosialistisk. Men kva for marxistiske autoritetar som skal vera sanningsvitne er ikkje så tydeleg. Klassisk marxisme er eit godt verktøy for kritikk av kapitalismen, men gjev lite innsikt i «sosialismens anatomi». Galgerud røper også manglande faktakunnskap og ikkje så lite arroganse når han synest tru at den moderne kinesar, etter det han meiner er syttifem års hjernevasking om den kinesiske sosialismens fortreffeligheit, lever eit forflata materielt liv der både kultur og fridom er mangelvare. Han seier då også at at å nytta kinesarar som sanningsvitne om kva samfunn dei lever i er utenkjeleg. Tenk det!
Han etterlyser også ei problematisering av styringsretten i den kinesiske sosialismen. Sjølv har eg etter kvart konkludert med at ein ekstremt demokratisert styringsrett vanskeleg let seg realisera i eit moderne og komplekst samfunn, enten det er sosialistisk eller kapitalistisk.
Gro Finne ser ut til å meina at debatten om korvidt Kina er sosialistisk bør ha eit nytteformål. For meg er dette ein framand tanke. Me drøftar kinesisk sosialisme med tanke på å utvida vår kunnskapsbase, og for å finna ut om me kan læra noko av andres praksis og røynsler. Om du som Gro Finne meiner at sosialisme er ein fjern framtidsutopi, så er denne debatten sjølvsagt ikkje serleg interessant. Kanskje ikkje rart at hennar siste innlegg sklir inn i eit heilt anna tema. Imidlertid er me mange som meiner at sosialismen, om enn aldri så ufullkommen og grovslipt, kan praktiserast her og no.
Mitt innlegg var ein freistnad på å konkretisera den kinesiske sosialismen, ikkje å halda han opp mot ein teori, og heller ikkje fundera på om ein slik debatt kan vera nyttig. Min ambisjon var å skyta ned nokre sjablongmessige oppfatningar, og pirka litt i nokre forenkla karakteristikkar, og ikkje minst freista sjå på kinesisk sosialisme med eit kinesisk blikk, og gjerne frå synsvinkelen til mange land i det globale sør.
Mange land har truleg høgare velferd, høgare levestandard, meir individuell fridom og eit betre utvikla demokrati enn Kina, men dei fleste slike land er på storleik med ein mindre kinesisk provins eller ein stor kinesisk by. Og ingen andre store land har på så kort tid som Kina utvikla materiell velstand og livskvalitet for det breie lag av folket. For dei fleste kinesar (og for meg) er dette ein bragd utan historisk sidestykke, som eit kapitalistisk samfunn aldri kunne ha gjennomført.
I samtaler med norske sosialistar om verda omkring oss anar eg ein premiss om at land i det globale sør kan læra noko av oss; at det går an å samanlikna styringa av Noreg med sine fem og ein halv millionar innbyggjarar med styringa av land med over ein milliard innbyggjarar, at vår versjon av sosialismen har overføringsverdi på land geografisk langt unna og fjernt frå vår kulturkrins. Denne tesen har eg aldri trudd på.
Kapitalismen har ingen innebygd moral og ingen samfunnsoppdrag, men ein sterk stat kan sjølvsagt tøyla kapitalismen og påtvinga han nokre samfunnsoppgåver, slik det har skjedd i Noreg. Den kinesiske sosialismen, derimot, har eit eksplisitt samfunnsoppdrag som går ut på heva levekår og livskvalitet for det breie lag av folket. At dette samfunnsoppdraget bare let seg realisera ved å navigera i sikksakk, og somme tider ved å kryssa mot vinden, burde ikkje undra oss.
Til sist: Kanskje mine meddebattantars mange argument for og i mot kinesisk sosialisme hadde vore meir overtydande om ein fekk inntrykk av at deira synspunkta var utprøvde og herda i møte med den kinesiske røynda, og at konklusjonane kom etter etter lange ekskursjonar og reiser på kryss og tvers i det moderne Kina. Litt meir lukt av kinesisk jernbanestasjon, og litt mindre lukt av norsk seminarteori hadde gjort seg.
Helsing Erik
Se andre innlegg i Kina-debatten her: Debatt.