Israel og utmattingskrigen

0
Passkø i Tel Aviv i mai 2023. Foto: Avshalom Sassoni/FLASH90

For mange år sidan, medan eg arbeidde i Småbrukarlaget, dreidde praten innom ein som hadde investert i ein svært stor og kostbar John Deere-traktor – rikeleg stor til det han skulle brukast til på bruket. Nokre av dei som sat rundt bordet kommenterte at inntektene på bruket ikkje var større enn at du kom til å halda på lenge før den investeringa var tent inn. «Riktig nok», kommenterte ein av dei andre. «Men den investeringa fortel at han har tenkt å satsa på vidare drift. Og av og til der det nett det det handlar om»!

Hans Olav Brendberg.

Det å investera handlar ikkje berre – og av og til slett ikkje – om kva vi forventar av lønsemd og inntening. Det handlar om kva vi ønskjer og trur på når vi skal freista navigera inn i framtida. Difor er investeringar så viktig når det gjeld å forstå kva som skjer i ein økonomi.

Eg brukar å sjå ein del på podcasten til domar Napolitano. Napolitano reklamerer fast for eit selskap som sel gull, til folk som vil sikra oppsparte verdiar i alderdomen. Eg trur dei gjer god butikk for tida. Men kvifor investerer fleire og fleire i gull?

Grunnen til at folk investerer i gull, er at dei ikkje har tru på dei investeringane aksjemarknaden tilbyr. Dei trur ikkje på vekst og nyskaping. Og investerer deretter.

Desse mekanismane byrar no å tæra på det sionistiske prosjektet. Det byrja allereide før åtaket 7. oktober. I heile 2023 var det store demonstrasjonar mot dei juridiske reformane til Netanyahu. Ei side av desse reformane som er lite lagt vekt på, men som er viktig, er at dei vil gje den israelske staten større tyngde i juridiske konfliktar med utanlandske investorar. Eller med andre ord: Israel har vorte ein meir utrygg stad for investeringar. Dette kjem i tillegg til problema som boykottrørsla skapar.

I dei store demonstrasjonane mot regjeringa i 2023 gjekk demonstrantane med svære banner med eit slagord dei hadde lånt frå boykottrørsla: «Frå gründernasjon til konkursnasjon».

Turistnæringa i Israel ligg for tida heilt nede. Men det er ikkje berre turismen som sviktar. Utanlandske investeringar i israelsk high-tech har falle dramatisk, og utgjer no berre 10% av det ein såg for eit par år sidan. Dette utgjer store summar – tidleg i sommar la Intel ei planlagt investering på 15 milliardar dollar i fabrikken sør i Israel på is. Og Intel er ikkje åleine.

Men det er ikkje berre utlendingar som er skeptiske til å investera i Israel. I følgje den hebraiskspråklege pressa har ein dei siste åra sett eit skifte i investeringane til israelarane sjølve – hundrevis av milliardar shekel som tidlegare vart investert i Israel, blir no investert utanlands. Israelarar investerer no meir utanlands enn innanlands – dei trur ikkje på sin eigen økonomi. Og dette er sjølvsagt enno meir alvorleg enn at utlendingar ikkje investerer – avdi det fortel noko vesentleg om kva israelarar sjølve trur om sitt eige samfunn.

I tillegg til å investera utanlands, har israelarar lenge vore opptekne av å skaffa seg pass – både israelske pass, og gjerne andre pass. I biletet eg har lagt ved ser ein køane utanfor passkontora i Tel Aviv i mai i fjor.

Det er ikkje berre slik at israelarar skaffar seg pass – dei reiser ut. Særleg etter 7. oktober. I november 2023 publiserte Haaretz ein artikkel der dei gav eit anslag på at meir 250 000 fleire hadde forlatt landet enn dei som reiste inn. Det er ikkje offentleg tilgjengelege tal på korleis dette ser ut no – men ingen bør bli overraska om desse tala nærmar seg ein million.

Og det er ikkje uføre og gamle som reiser – det er unge i sin beste alder – ofte godt utdanna. Det siste halvåret har det vore klin umogleg å tinga seg legetime for vanlege israelarar. Dei legane som ikkje reparerer på krigsskadde frå hæren har i mange tilfelle søkt nye stader for å etablera seg.

Israel har ingen plan for å vinna krigen i Gaza. Valdsbruken er planen – dette er hemn, ikkje militær strategi. Eit land der folk har slutta å investera i eiga framtid, der folk er på jakt etter nye pass og nye fedreland – og der mange faktisk berre tek med seg pengane og reiser – er ikkje eit land som er budd på utmattingskrig. Og sjølv om Israel ikkje har noko plan for den krigen dei fører, endar dei likevel opp i akkurat det: Utmattingskrig.

Det er der den som ikkje har betre planar endar opp – om du har plan for det eller ikkje.

Det er denne utmattingskrigen Israel freistar koma seg ut av gjennom åtaket på Jemen. Men Israel er ikkje i posisjon til å gjera noko effektivt militært i Jemen. Nok ein gong: Dette er hemn, ikkje strategi.

Det er også eventyr at Israel skulle ha gode kort i ein krig mot Hizbollah.

Så det ein står igjen med er ein ponny som berre har eitt triks. Netanyahus tale i Kongressen.

Den talen kjem til å handla om Iran. Så får vi sjå om dei amerikanske leiarane er udugelege nok til å bli dratt inn i ein israelsk krig mot Iran.


Times of Israel:

Up to 60,000 Israeli businesses may close in 2024 as war takes toll on economy

45.000 selskaper har lagt ned siden 7. oktober. Anlegg, jordbruk og tjenesteyting hardest rammet.

Forrige artikkelPå innsiden av EUs kamp mot ytringsfriheten
Neste artikkelTerrorfinansieringen i Syria