Samir Amins Testament

0
Samir Amin (1931–2018)

Like før han døydde, i 2004 gav Samir Amin ut ei lita bok der talet på sider er omvendt proporsjonalt med vekta av det han skriv. Boka er på 128 sider medrekna noter og har tittelen The Liberal Virus – Permanent War and the Americanization of the World.

Av Terje Valen.

Her summerer Amin opp eit heilt liv med økonomiske og politiske analyser og utviklinga av maktforholda i verda på ein svært klar og vel underbygd måte. Han viser korleis USA, då Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing, skjerpa opp målet sitt med å erobre heile verda for det nyliberale systemet under styring av USA – kort sagt at heile verda skulle bli lik Texas.

Han viser også korleis leiinga for landa i Europa ikkje nytter høvet til å kjempe for sitt eige lands sjølvstende, men kastar seg hemningslaust med i det amerikanske prosjektet. Han dømmer ei hardt for dette. Her kunne Europa ha gått sin eigen veg og hindra den utviklinga leia av USA, som førte til permanent krig og amerikaniseringa av verda. Men i staden meldte dei landa sine på USA sitt verdsherskarprosjekt med alle dei uhyggeleg negative følgene det har hatt og har. Det begynte med Jugoslavia. No kan vi føye til dei siste eksempla, folkemordet på Gaza saman med stråmannskrigen i Ukraina, begge eit resultat av det amerikanske prosjektet.

Amin slår fast at det militære valet som USA har tatt truger alle. Det «spring ut av same logikk som Hitlers: å endre økonomiske og sosiale forhold til fordel for eit utvald folk (Herrenvolk)[i] ved bruk av militær vald. Dette valet som nødvendigvis har størst innflyting trumfar alle midlertidige politiske kursendringar fordi oppfølginga av desse gjer at all framgang  som folk kan nå gjennom sosiale og demokratiske kamper blir svært usikker. Å sørge for at det militaristiske prosjektet til USA tapar har blitt oppgåve nummer ein, det største ansvaret, for alle».

«USA er, som William Blum har skrive, skurkestat nummer ein. Dei har openlyst forlate all respekt for kva som er lovleg, for andre sine rettar og hevdar at dei berre er tilhengarar av prinsippet om at «makt skapar rett». At eit regime som har tilslutta seg demokratiets mekanismar atter ein gong tar opp, til sin fordel, prinsipp som nazistane stolt heldt seg til, er ikkje noko formildande omstende, men gjer det tvert imot meir avskyeleg».

For å nå målet sitt skapte dei ei leiing som gjer at USA er styrt av ein junta av krigsforbrytarar som kom til makta gjennom eit halvveges statskupp som følgde tvilsame val (Hitler vart i det minste vald på lovleg vis!). Etter dette styret sin Riksdagsbrann (11. september) gav denne juntaen politiet ei makt som svarer til dei som Hitler gav Gestapo. Juntaen har sin Mein Kampf, sine masseorganisasjonar og sine talarar (preachers). Det et naudsynt å ha mot til å snakke ut om alle desse sanningane og frå no av slutte med å gøyme dei bak den flaue og låttelege setninga «våre amerikanske venner». I deg veit vi at ein slik junta framleis regjerer USA.

«Viss europearane hadde reagert i 1935 eller 1937 kunne dei ha lukkast med å stoppe Hitler-galskapen. Då dei først reagerte i 1939 tillèt dei at dusinvis millionar blei offer for han. No må vi heller handle for tidleg enn for seint for å møte utmaninga frå Washingtons nynazistar».[ii]

Amin går til slutt i boka inn på kva som må til for å overvinne det nyliberale viruset og det amerikanske militære prosjektet. Første vilkår er at USA ikkje lenger klarer å holde oppe den økonomiske leiarskapen sin. Det andre og viktigaste politiske vilkåret er at verda utanfor USA og vasallane klarer å slutte seg saman i ein front for å gjere det umogleg for USA å klare å fortsette det militaristiske prosjektet sitt. Ettersom han den gongen ikkje fann nokon leiande kraft  i «sør» som kunne klare det laga han seg ein naiv oppfatning om at Europa skulle kunne skape ei slik leiing ved at Frankrike og Tyskland oppretta økonomisk-politisk samarbeid med Russland og Kina og så bryt ut or USA sitt grep.

Denne tanken har vist seg å vere umogleg, men i staden har vi fått ei mykje sterkare makt som allereie hadde brote med USA-imperiet og utvikla seg ut frå sine eigne planar. Det er sjølvsagt Kina. I dag har alliansen Kina, Russland, Iran og den alliansefrie verda vorte sterkare enn det nokon kunne ane. Og dei har for alvor tatt opp kampen mot USA-imperiet for nasjonalt sjølvstende, fridom og fred.

Med dei nye styrkeforholda i verda har denne siste alliansen tatt den oppgåva som Amin gjerne ville ha med Frankrike og Tyskland på. Og med dette kan Amin sin draum om gravlegging av nyliberalismen og det amerikanske prosjekt blir verkelegheit. Han seier at i ein slik situasjon ville USA «bli tvunge til å godta sameksistens med nasjonar som er bestemd på å forsvare sine eigne interesser» «Nett no bør vi sjå på dette målet som ein absolutt prioritet. Utviklinga av det amerikanske prosjektet verkar bestemmande inn på korleis det går med alle kampar: ingen sosial eller demokratiske framgang kan bli varig  så lenge som den amerikanske planen ikkje har blitt stoppa».[iii]

Terje Valen, fredag 24. mai 2024.


[i] Boka til Amin, side 81. Eg skriv ein del direkte av frå Amin sin eigen tekst utover her.

[ii] Same bok, sidene 84-85.

[iii] Same bok, side 111.

Forrige artikkelHvorfor kan modifisert RNA i COVID-vaksiner bidra til kreftutvikling?
Neste artikkelBlir det flertall for årets jordbruksoppgjør – hvordan kan vi påvirke framover?