Krigsfilosofi i Ukraina

0
Ludwig Elsholtz (1805–1850): Erstürmung des Dorfes Planchenois in der Schlacht von Waterloo am 18. Juni 1815.

Eg har bladd i min Clausewitz Om krig att og konsentrert meg etter kvart om forordet til redaktøren av Penguin-utgåva frå 1968, Anatol Rapoport.

Av Terje Valen.

Han samanliknar Clausewitz sin realistiske krigsfilosofi  med eit par andre, kalla eskatologiske. Innan denne er det mange variantar. Ein av dei er den messianske. Den går ut på å frelse verda ved å erobre ho.

Og så skriv Rapoport «I nyare tid er den amerikanske doktrinen om «Manifest Destiny» og nazi-doktrinen om herskarrase uttrykk for ein messiansk krigsfilosofi». (Nemnde bok), side 19. Eg meiner at denne filosofien framleis er det ideologiske grunnlaget bak USA sin geoimperialisme. Eg har skrive mykje om dette i boka Verdas undertrykte folk og land reiser seg mot imperiet for frihet og fred. Det var då det slo meg at det som går føre seg i Ukraina i det vesentlege er ein krig ført ut frå to forskjellige krigsfilosofiar.

Carl von Clausewitz

I Ukraina har vi på en eine sida Russland, som heilt klårt har den realistiske filosofien som leietråd, og slik sett kan bli mykje forstått ut frå det Clausewitz skriv. Mens USA sin stråmannskrig, på den andre da, i det vesentlege blir ført ut frå ein messiansk krigsfilosofi. Eg understrekar at det er fordi amerikanarane har eit mål om å redde heile verda ved samle ho under si makt for å innføre sin økonomi, sin politikk, sin kultur og sine skikkar osb. Dei har alt samla den «kvite» verda om dette målet og har mobilisert denne verda til krig mot alle som vil noko anna. Og russarane vil altså noko anna. Dei vil ha sin eigen sjølvstendige stat og ikkje vere ein vasall under USA.

I tillegg har USA klart å mobilisere ein del av det ukrainske samfunnet bak dette målet. Det klarte dei gjennom å få innsett sine folk i leiinga i staten Ukraina under kuppet i 2014 og ved å drive ein grassat svartmalingskampanje mot Russland og blåse gnistar på bålet til ultranasjonalistiske krefter i Ukraina pluss ruste opp landet til det hadde Europas sterkaste hær.

Så for å få folk med på laget har USA kamuflert det overordna målet sitt under mottoet om ein nasjonal frigjeringskamp for Ukraina. Dette er ein svært kjend strategi for amerikanarane som dei har brukt mange stader, første gongen kanskje under erobringa av Filippinane og det påfølgande folkemordet deira der i 1898. Det har skrive om i boka Verdas undertrykte folk og land reiser seg mot imperiet for frihet og fred.

Så i Ukraina har vi altså i det vesentlege ein krig mellom USA-Vesten sitt mål med «kvitt» herrevelde over jorda leia av USA og Russland sin krig for å hindre at staten deira vert erobra. Inne i dette er det vestlege Ukraina sin frigjeringskamp uvesentleg, men frykteleg øydeleggande for ukrainarane og deira land. Propagandebiletet blir eit vesentleg moment for skjule og å halde oppe støtta til USAs overordna mål som er noko heilt anna, nemleg og skape ein varig vasall-stat av Ukraina og fortsette vidare for å erobre Russland, slik det er nedfelt i dei amerikanske militære manuala og skriftene til dei store strategane deira.

Til sjuande og sist er sjølvsagt dei økonomiske gevinstane til dei rike amerikanske finansoligarkane det vesentlege også i USA sin strategi, men i tillegg har dei altså ein sterk drivar i ideologien om å redde verda. Det er nett slik det var under krosstoga med sin katolske ideologi, som blei nedkjempa av Suleiman som dreiv ein meir realistisk krigføring når ideologien til katolikkane ikkje hadde eit godt nok materielt grunnlag til å halde på makta i Vest-Asia lenger. Det same gjaldt de spanske og  portugisiske imperia.

Når hollendarane og engelskmennene kom var katolisismen erstatta med protestantismen og ideen om den siviliserande oppgåva til dei kvite i verda. Alle desse imperia tok slutt då det materielle grunnlaget for makta eroderte.

Det same er situasjonen for USA og Vesten i dag. USA held oppe sitt mål om redde verda ved å erobre ho, mens det materielle grunnlaget blir svekka for kva månad som går. Vi veit at den økonomiske veksten finn stad i Asia, at Kina i kjøpekraftregulert BNP her gått langt forbi USA og at Russland har gått forbi Tyskland og blitt den femte største økonomien i verda, på god veg til å passere Japan også. Samt det blir bygga opp sterke og veksande økonomisk-politiske samanslutningar utanfor amerikansk kontroll.

Men det at ideologien er så sterk i USA gjer at også krigspolitikken blir urealistisk og umogleg. Det er det USA og Vesten er ferd med å oppleve i Ukraina no. Dei driv vidare med ønskjetenking og urealistiske oppfatningar som blir spreidd i propagandaen. Biden og Stoltenberg er eit slags symbol på heile denne vestlege tidsånda. Dei blir ein slags zoombiar som rører seg utanfor røynda og kastar inn ressursane sine mot røynda. Men det farlege er sjølvsagt og at Vesten, med USA i leiinga, med den messianske ideologien sin, kan drive denne ønsketenkingskrigen så lang fram at dei startar ein verdsbrann.

Det store biletet i dag er at Den alliansefrie verda med Kina og Russland som støttespelarar stadig styrkar seg i kampen sin for at FN skal drivast etter pakta si  og at alle statar  heile verda skal finne seg i det. Det er eit grunnleggande vilkår for fred i verda. Det tyder at USA må gi opp ideologien sin med ei einpola verd der deira reglar gjeld og finne sin plass som likeverdig med resten av statane i verda. Heile Vesten må finne seg i det same. Ein avgjerande føresetnad for det er at USA må trekke fangarmane sine ut or Ukraina og at vi kan få til ein fredsavtale der før den amerikanske tilbaketrekkinga av alle dei 800 utanlandskbasane blir sett ut i livet.

Fortsett sending av våpen til Zelenski og utestenging av Russland frå resten av Europa utarmar landa i dette området og skapar stadig større problem for folka der. Og unge ukrainarar blir send i kverna for ein avleggs amerikansk-vestleg ideologi : «kvitt» herredømme over verda under USA-imperiet si leiing. Det er noko å støtte for vestlege «radikalarar», det.

Forfattar Terje Valen som og har stått for omsettinga i teksten.

Søndag 7. april 2024


Forrige artikkelMed vannet som med strømmen?
Neste artikkelOm kansellering, norsk offentlighet og akademia