Tryggleik

0
Elephant stands on thin branch of withered tree in surreal landscape. This is a 3d render illustration

Av Hans Olav Brendberg.

Den noverande, internasjonale tryggleiksarkitekturen vart til i tida etter den kalde krigen. I den eksisterande ordninga er USA – «den uunnværlege nasjonen» – i praksis heva over krigsforbodet.

USA kan – når dei vil – gå til krig mot andre statar, og det er ikkje sannsynleg at andre statar vil kunne stå imot amerikanske åtak, med svært få unntak. USA har også eit omfattande apparat for å undergrava tryggleik og stabilitet, og til å føra krig gjennom stedfortredarar.

Når land greier stå imot slike direkte og indirekte åtak, som Syria, tyder det ikkje at problemet likevel er løyst. USA har også tatt seg rett til einsidig å innføra økonomiske sanksjonar, ei makt som eigentleg ligg til Tryggleiksrådet etter kapittel 7 i FN-pakta. Andre statar gjev likevel etter, avdi USA med si marknadsmakt og makt over finanssystemet de fakto kan kommandera andre vestlege statar til å hoppa når dei seier hopp». For Syria sin del tyder dette kvelande, økonomiske sanksjonar etter at landet i ti år er øydelagt av intervensjonskrig.

Dette inneber sjølvsagt ei enorm sentralisering av makt, ei sentralisering som er langt meir omfattande enn det ser ut på papiret. Glennon peikar i si bok om «dobbeltregimet» i USA på at dei grunnlovsfesta institusjonane i USA – Rettsvesen, Kongress og liknande – fungerer som ein legitimerande fasade for dei institusjonane der det ligg verkeleg makt. Omlag som monarkiet og overhuset i Storbritannia på 1800-talet tente som fasade og «pomp og prakt» som avleidde merksemda frå dei verkelege maktnettverka. Slik sett har den amerikanske repbublikken vorte vertskap for det amerikanske imperiet – og det amerikanske imperiet er ikkje på noko meiningsfyllt måte under demokratisk kontroll.

Ei slik »makt utan grenser» har nokre følgjer som blir for lite problematisert. Det fører til ei systematisk nedvurdering av røyndomen. Under Irak-krigen gav Karl Rove den klassiske formuleringa av fenomenet:

«The aide said that guys like me [Suskind] were «in what we call the reality-based community,» which he defined as people who «believe that solutions emerge from your judicious study of discernible reality.» I nodded and murmured something about enlightenment principles and empiricism. He cut me off. «That’s not the way the world really works anymore,» he continued. «We’re an empire now, and when we act, we create our own reality. And while you’re studying that reality — judiciously, as you will — we’ll act again, creating other new realities, which you can study too, and that’s how things will sort out. We’re history’s actors … and you, all of you, will be left to just study what we do.»

Den som ser seg rundt, vil ikkje ha vanskar med å finna døme på at «imperiet skapar sine eigne realitetar». Og vi som lever i det «realitetsbaserte samfunnet» har ingen middel til å hevda oss, avdi ein viktig del av «imperiets realitetar» er sterke mekanismar for å utdefinera det som ikkje passar i den skapte realiteten. Alt anna er lokalt, gamaldags, forargeleg, latterleg eller på annan måte utanfor det som er vits i å diskutera.

Ein har to alternativ: Det eine er å «Support the current thing». Det andre er ei form for resignasjon der ein held fast ved det som gjev meining. Gjer dei tinga som ein synest er verdt å gjera. Men elles forheld seg til verda om lag som kristne gjorde i eldre tid: Innser at ein er ein framand i ei framand verd. At dei orda som flyg rundt – «demokrati», «fridom» og alt det andre ikkje gjev meining. At den «imperieskapte røyndomen» ikkje har noko med den realitetsbaserte verda å gjera, og at «the current thing» ikkje har noko med deg å gjera.

Med ei slik innstilling blir det enklare å lokalisera kvar tryggleik er å finna. Den tryggleiken vi kan finna, finn vi i dei lokale realitetane – ressursar, kunnskap, organisasjonsevne og gjennomføringsevne der vi er. Her kan ord og handling følgja kvarandre, her kan vi praktisera moralske målestokkar symmetrisk. Etter kvart kanskje til og med i ei revitalisering av ein nasjonalstat som langt på veg er redusert til ein «legitimerande fasade», for å halda seg til Glennons terminologi.

Forrige artikkelDet var ikke overrapportering – Det var underrapportering!
Neste artikkelRussland slår tilbake mot «sanksjoner fra helvete»