Taliban til Norge for å forhindre hungersnød

0

USA, med hjelp fra Norge, ødela landet i 20 år med krigen sin og stjal pengene til nasjonalbanken

Av Hans Olav Brendberg.

Bad cop, good cop

Kvifor er ein stor Taliban-delegasjon i Oslo? Grunnen til at dei er der, er at NATOs nederlag i Afghanistan no fører til fare for omfattande hungersnaud. So lenge NATO og heile NGO-svermen var i landet vart forsyningar floge inn, og kontoane i bankane i Emiratane fyllt opp.

Når det regnar på presten, so dryp det på klokkaren. Mange afghanarar fekk til livets opphald for å gjera ein jobb for okkupasjonsstyrkane. Når denne pengeflaumen tek slutt, kjem faren for svolt. Millionar søkk under sveltegrensa.

Men kan ikkje afghanarane betala for maten sin sjølve? Nei – for då USA for, tok dei med seg heile valutareserven i den afghanske nasjonalbanken. 85 milliardar kroner.

Desse pengane har ikkje USA tenkt å levera tilbake – USA har stort budsjettunderskot, og treng dei småslantane dei får tak i. Men dette bankranet på høglys dag tek seg dårleg ut om nokre hundre tusen svelt i hel i Afghanistan.

Kva kan USA gjera då? Vel, Washington veit at dei har ein alliert med velfyllt pengebinge, som har lang tradisjon på å spela »good cop» når USA er «bad cop».

Kan norske pengar brukast som kamuflasje, for å få merksemda bort frå det store bankranet?

Det kan dei. Og både dei som synest det er greit at afghanarar svelt i hel, og dei som synest det er forferdeleg, kan krangla om Noreg skal vera gåvmilde.

Men i dette tilfellet vil problemet bli løyst om 85 milliardar kroner blir levert tilbake til eigaren. Og vi bør ikkje la oss lura til å diskutera alt anna enn desse 85 milliardane.

Aftenposten: Det har kostet ti norske soldatliv og minst 23,8 milliarder kroner. Men Ap og Høyre forsvarer at Norge gikk inn i Afghanistan.

Forrige artikkelOm å tenke etter hvordan vi tenker
Neste artikkelDe sier at de ikke ante at strømprisene kunne bli så høye – viktigst for dem var å bli med i Acer