Av Mads Løkeland.
Det blir argumentert for at Noreg må satse på å bli Europas grøne batteri, både som inntektskjelde, og for å stø opp under omlegginga til fornybar energi på kontinentet. For å seia det litt forenkla; så er planen at når det er sterk vind og sol på kontinentet, så blir overskotet av elektrisitet frå sol- og vindkraftverka sendt til Noreg for lagring, mens vasskraftverka våre skal levere elektrisitet til kontinentet når det underskot der. Det norske nettet fungerer då som ei form for batteri, men skal dette verkeleg monne, så trengst det både ei dramatisk utbygging av kraftliner til utlandet og ei storstilt utviding av vasskraftverka våre og etablering av norske pumpekraftverk.
En kortere versjon av denne artikkelen har vært på trykk i Klassekampen.
Massive naturinngrep med Noreg som «batteri»
Det trengst ikkje stor fantasi for å sjå at dette vil gje massive naturinngrep, både på grunn av mange fleire kraftliner, utviding av vasskraftverka og raske nivåendringar i innsjøar (magasin) og elver. Fleire kraftliner til utlandet kan også føre til ”import” av høge kraftprisar og bidra til å øydeleggja ein del av grunnlaget for norsk kraftkrevjande industri, som treng langsiktige avtalar og stabile prisar.
Straumen frå vind- og solkraftverk er grunnleggjande ustabil og må bli balansert ved hjelp av ei form for batteri for å oppnå stabil elektrisitetsforsyning, men det er ein dårleg idé å leggja dette ”batteriet” mange hundre mil unna, med tap i lange kraftleidningar. Slike ”batteri” bør bli lagt nærast mogleg sol- og vindkraftverka, og nærast mogleg forbrukarane. Då blir det langt mindre behov for kraftleidningar og dermed mindre naturinngrep langs kraftleidningane.
Finn vi Europas grøne batteri i nedlagde gruver?
Det er heldigvis fleire andre gode løysingar på spørsmålet om «batteri», og noko av det mest spanande er å lagre elektrisiteten i nedlagde gruver ved hjelp av trykkluft. Slike «batteri» kan bli lagt desentraliserte etter behov, og dermed blir behovet for kraftleidningar redusert til eit minimum. Sjå for deg ein nedlagd tunnel der du pumpar opp høgt lufttrykk når det er overskot av elektrisitet, og du sendar trykklufta attende gjennom ein trykkluftmotor for å produsere elektrisitet når det er underskot. I Sveits har dei nettopp køyrd i gang ein prototyp på eit slikt anlegg, og har allereie oppnådd virkningsgrad over 70%, om lag det same som vi kan oppnå med pumpekraftverk i Noreg, medrekna tapet i dei lange kraftleidningane. Gjenbruk av gamle gruver og tunnellar til energilager står fram som ein miljømessig god metode for å lagre energi. I praksis vil ein supplere slike trykkluftanlegg med andre former for desentraliserte energilager og utvikling av fleksibelt forbruk for å balansere sol- og vindkraftanlegga.
Den viktige konklusjonen er at landa på kontinentet kan balansere den fornybare energien sin sjølv, utan hjelp frå Noreg. Ikkje minst er det viktig å leggja «batteria» nær forbrukarane og kraftverka, og dermed redusere behovet for kraftleidningar og naturinngrep.
Det er på tide å leggja til sides snakket om Noreg som Europas grøne batteri, med alle dei naturinngrepa dette fører med seg, ikkje minst for å unngå ytterlegare inngrep i den unike vassdragsnaturen vår.
Mads Løkeland
Naturvernforbundet i Sør Trøndelag