Kazan-møtet: En ny verdensorden kommer. Vestens dominans er forbi.

0
Verdens viktigste toppmøte i 2024 fant sted i Kazan.

BRICS-toppmøtet i Kazan har innleia slutten for G7s herredømme over verda. Dei anglosaksiske reglane som har organisert dei internasjonale relasjonane blir litt etter litt erstatta av forpliktingane som kvar part har tatt på seg, og som no må overhaldast. Denne revolusjonen fører oss tilbake til forsøka til Russland og Frankrike i år 1899 på å grunnlegge ein folkerett, som vart undergravd av Atlanterhavskonferansen og dobbeltmonopolet til USA og Storbritannia.

Av Thierry Meyssan, Voltairenet.

Dei ni stats- og regjeringssjefane til BRICS+ medlemsstatar.

Det utvida XVI. toppmøtet til BRICS føregjekk i Kazan (Russland), frå 22. til 24. oktober, 2024 [1]. I tillegg til dei ni stats- og regjeringssjefane som allereie var medlemmar av organisasjonen, var det elleve andre til stades, og rundt tjue statar til har søkt om medlemskap.

Dette arrangementet var kulminasjonen av strategien som vart starta i 2009 av Brasils president Luiz Inácio Lula da Silva, den russiske regjeringas president Vladimir Putin, Indias statsminister Manmohan Singh og Kinas president Hu Jintao. Desse fire mennene hadde ein visjon om internasjonale relasjonar baserte på FN-pakta, der kvart land skulle få lov til å utvikle seg. For dei handla det ikkje om å reise seg mot den Vestlege imperialismen til G8-landa (som Russland var medlem av fram til Vestens Maidan-kupp), men om å utforske ein annan veg, utan anglo-saksarane.

Vladimir Putin spelte ei sentral rolle i skapinga av dette organet for økonomisk samarbeid, mykje likt rolla til tsar Nikolaj II under oppfinninga av internasjonale lover (forgjengaren til Folkeretten) i 1899 [2]. Det var han som organiserte det første toppmøtet i Jekaterinburg, sjølv om det var president Dmitri Medvedev som representerte Russland der.

I eit intervju i samband med Kazan-toppmøtet stadfesta Vladimir Putin det Indias statsminister Narandra Modi hadde sagt: at «BRICS er ikkje ein anti-Vestleg organisasjon, men ein ikkje-Vestleg».

I slutterklæringa deira tok stats- og regjeringssjefane opp fire ulike emne [3]:
• Multilateralisme;
• Samarbeid for stabilitet og sikkerheit;
• Økonomisk og finansielt samarbeid;
• Mellommenneskeleg utveksling.

Multilateralisme

Etter å ha innsett at det veks fram nye maktsenter, uavhengige av Vesten sine, stadfesta dei på nytt si tilknytning til FN-pakta i utkastet som alle var med på å utforme, med unntak av Dei arabiske emirata som enno ikkje var uavhengige. Deretter tok dei til orde for å reformere FN og FN-organa, slik at FN-institusjonane blir tilpassa verda slik den i dag ser ut og nye makter kan integrerast. Dei har ikkje sett nokon dato for reform av FNs Sikkerheitsråd og Det internasjonale pengefondet (IMF), men dei har fastsett ein frist til 2025 for reform av Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og styret til Den internasjonale banken for gjenoppbygging og utvikling (IBRD).

Dei kallar dei «unilaterale tvangstiltaka», altså «sanksjonane» som blir innførte utanfor Sikkerheitsrådet, for «illegale», enten dei er av politisk eller økonomisk art. Dei støttar arbeidet til FNs mellomstatlege ekspertgruppe for klimasaker (IPCC), men ikkje konklusjonane som Vesten drar. Dei seier dei er djupt uroa over forsøk på å kople sikkerheit til klimaendringsagendaen. Vidare i teksten (§ 83) fordømmer dei bruken av klima som påskot til å innføre proteksjonistiske tiltak som er unilaterale, straffande og diskriminerande. I tillegg støttar dei samarbeid i kampen mot drivhusgassane, i samsvar med Artikkel 6 i Parisavtalen (§ 85). Vi minner om at Det russiske vitskapsakademiet avviser Vestens antroposentriske tolking av klimaendringane.

(Antroposentrisk er det som har mennesket til midtpunkt. Begrepet er ofte brukt om filosofiske synsmåter som gjør mennesket til målestokk og formål for alt. Store norske leksikon.)

Dei forpliktar seg til å fremje og verne om menneskerettane, inkludert retten til utvikling og fundamentale fridommar innanfor rammene til prinsippa om likskap og gjensidig respekt. Dei forpliktar seg og til å intensivere kampen mot rasisme, rasediskriminering, framandfrykt og intoleransen som er forbunden med desse, samt diskriminering basert på religion, tru eller livssyn, og alle deira uttrykksformer i dagens verd, inkludert alarmerande trendar med aukande hatprat.

Samarbeid for stabilitet og tryggleik

Dei er samde om eit felles standpunkt andsynes dagens konfliktar, men viser til Sikkerheitsrådets Resolusjon 2686 (frå 2023, som avviser intolerante og hatefulle ytringar) og til FNs Generalforsamlings Resolusjon 46/182 (1991, om naudhjelp). Dei minner også om at det er nødvendig å respektere alle lands legitime og rimelege bekymringar rundt sikkerheit.

Deretter følgde ei lang liste med standpunkt:

• Gaza (§ 30) Dei understrekar at det hastar med å straks etablere ei global og permanent våpenkvile på Gazastripa, å straks og utan vilkår sleppe fri alle gislane og fangane hos begge partar, som blir haldne i fangenskap illegalt, og sørge for berekraftig, omfattande naudhjelp, og stoppe alle aggressive handlingar. Men dei støttar to-statsløysinga (som først var den kolonialistiske planen til lord Peel) som dei ser på som den einaste moglege fredelege løysinga.

• Liebanon (§ 31-32) Dei fordømmer «den forsetlege terroristiske gjerninga» med eksploderande personsøkarar og walkie-talkie’ar den 17. september 17, 2024. På same vis fordømmer der angrep på FN-personell og truslar mot sikkerheita deira, og dei ber den hebraiske staten om å straks slutte med desse aktivitetane i Libanon. Dei krev at ein strengt overheld Resolusjon 1701 (2006), som er klar på at det også gjeld Israel, som difor må trekke seg tilbake til bak «den blå linja» (demarkasjonslinja).

• Jemen (§ 33) Dei er for fri skipsfart, men i staden for å fordømme Ansar Allah – slik Vesten gjer – vil dei bekjempe årsakene til konflikten og støtte dialog og fredsprosessen under FNs auspisiar.

• Syria (§ 34) Dei insisterer på at ein strengt må respektere Syrias suverenitet og territorielle integritet. Dei fordømmer det illegale utlandske militære nærværet som aukar risikoen for ein storskalakonflikt i regionen. Dei understrekar at dei illegale «unilaterale sanksjonane» seriøst forverrar lidingane til det syriske folket. Dei tar også avstand frå den israelske okkupasjonen av dei syriske Golanhøgdene (§ 43). 

• Iran (§ 35 and 37) Dei fordømmer angrepet på Den islamske republikken Iran sin diplomatiske stasjon i Damaskus. Dei minner om at JCPOA-avtalen har blitt godkjend av Sikkerheitsrådet, og at USA ikkje lenger kan trekke seg frå den.

• Ukraina (§ 36) Dei understrekar at alle statar bør handle i samsvar med alle måla og prinsippa i FN-pakta (som gir den russiske tolkinga av konflikten rett). Dei helsar velkomen relevante forslag om mekling og gode tenester (frå Kina, Sør-Afrika og India) som tar sikte på ei fredeleg løysing av konflikten gjennom dialog og diplomati.

• Sudan (§ 40) Dei fordømmer angrepet frå troppane til president Abdel Fattah Al-Burhan på residensen til leiaren for UAE-ambassadens delegasjon den 29. september, 2024; eit angrep som kan samanliknast med Israel sitt angrep på det iranske konsulatet i Syria. Dei ber om ei umiddelbar, permanent og vilkårslaus våpenkvile.

• Afghanistan (§ 42) Dei forsvarer prinsippet om ein uavhengig, sameint og fredeleg stat, fri for terrorisme, krig og narkotika. Dei understrekar behovet for akutt og kontinuerleg naudhjelp til det afghanske folket og for å verne grunnleggande menneskerettar for alle afghanarar, inkludert kvinner, jenter og ulike etniske grupper, noko som inneber at ein må kansellere forbodet mot sekundær og høgare utdanning.

• Nedrustning (§ 43-46) Dei ønsker raskare gjennomføring av resolusjonar om oppretting av ei atomvåpenfri sone i Midtausten som også er fri for andre masseøydeleggingsvåpen (det vil seie at Israel må kvitte seg med atomvåpena sine), i samsvar med det iranske forslaget. Dei argumenterer også for å hindre eit våpenkappløp i rommet, trass i motstand frå USA.

• Terrorisme (§ 47-49) Dei avviser alle forsøk på å politisere spørsmål knytte til terrorisme og bruken av terroristgrupper for å oppnå politiske mål, og dei understrekar at det berre er BRICS som er ein effektiv organisasjon på dette området – ein direkte referanse til dei hemmelege operasjonane til USA og Storbritannia. Dei appellerer til at ein snarleg vedtar ein allmenn konvensjon om internasjonal terrorisme innanfor FNs rammer.

• Transnasjonal kriminalitet (§ 50-53) Under leiarskapet til Russland tar BRICS-landa tak i problem i samband med narkotika, grenseoverskridande kriminalitet og korrupsjon ved å styrke ein koordinert respons frå rettsutøvande autoritetar.

Økonomisk og finansielt samarbeid

BRICS-statane drøfta behovet for eit system for pengeoverføringar seg imellom (utan å måtte gå gjennom Swift-systemet som vart skapt av NATOs Stay Behind-nettverk) og eit system for å sikre transporten av varer (utan å måtte gå gjennom anglo-saksiske selskap eller andre som er direkte kontrollerte av desse).

Dei ser ikkje på handel gjennom frihandel-eller-toll-briller, men fokuserer i staden på sikkerheit, motstandsdyktigheit og effektivitet i forsyningskjedane. Det siste året har dei sett opp eit program for å harmonisere og koordinere bruken sin av datateknologi (PartNIR) innan økonomi og handel.

Når det gjeld kampen mot sjukdommar støttar BRICS-landa arbeidet til Verdshelseorganisasjonen (WHO), men dei utviklar sitt eige varslings- og hjelpesystem.

Når det gjeld intellektuell eigedom (åndsverk) er BRICS klar over at rettane til forfattarar og andre patentar i dag er hovudinntektskjelda til anglosaksarane (og ikkje deira reelle og finansielle produksjon), og dei vil rette på systemet ved å slå ned på plagiat og andre forfalskingar og avstå frå urettmessig profitt. Dei vil auke samarbeidet innan forskning, utvikling og innovasjon innan sektorane biomedisin, fornybar energi, rommet og astronomi, samt hav- og polarforskning.

Mellommenneskeleg utveksling

BRICS vil framfor alt kjempe mot den anglosaksiske ideologien om sivilisasjonskrig [4] , og dei støttar seg på to FN-organisasjonar: UNICEF og Alliansen mellom sivilsasjonar. BRICS-landa vil gjerne auke den interpersonlege utvekslinga seg imellom på områda media, kultur, utdanning, sport, kunst, ungdom, sivilsamfunn, offentleg diplomati og universitet.

BRICS reiser seg mot ein retur til fortida: konseptet sivilisasjonskrig, som var ein sentral del av talane til president George Bush Jr., verka vere gløymd for godt. Men med kandidaturet til Kamala Harris, støtta av dei neo-konservative, er det no tilbake i vinden. Det er rett og slett ein slags innprenta avart av det gamle, valdelege narrativet som rådde frå 1930-talet til 1945: om Vestmaktene skal overleve, har dei ikkje noko anna val enn å eliminere andre.

Stats- og regjeringssjefar til stades på toppmøtet i Kazan, medlemmar og gjestar. Dette fotoet viser at G7 med sine «sanksjonar» mislykkast i å “isolere» Russland.

Kommentarar til dette toppmøtet

Dette toppmøtet føregjekk samtidig som verda var vitne til Israels etniske utreinsing, først i Gaza, deretter i sør-Libanon. Samtidig pågjekk Russlands militære spesialoperasjon med mål om å implementere Sikkerheitsrådets Resolusjon 2202 i Ukraina (Minsk-avtalane) i Moskvas favør. Den ukrainske arméen vil ikkje overleve vinteren, og alle Vestens unilaterale tvangstiltak har slått feil. Sorry, men utifrå «sivilisasjonskrig»-perspektivet er det slik at arabarane i Gaza og russarane i Ukraina truar Vesten og må eliminerast.

Deltaking i BRICS framstår difor som eit opprør mot den anglosaksiske verdsordenen. Berre synd at Brasils president, Luiz Inácio Lula da Silva, ikkje våga kome til Kazan og i staden var representert ved utanriksministeren, Mauro Vieira. Brazil er like fullt eit av grunnleggarlanda til BRICS. Men det er rett at Brasil er involvert fordi dei har formannskapet i Den nye utviklingsbanken. Styreleiaren der er eks-president Dilma Youssef, som vart styrta i ein operasjon som var fjernstyrt av USA og Israel.

Det same må seiast om den saudi-arabiske prinsen, som i siste minutt nekta å velge side og reise til Kazan, sjølv om hans føretrekte allierte, UAE, no er medlem av BRICS og presidenten deira, sjeik Mohammed bin Zayed Al Nahyan, var til stades der. 

Russland valde Kazan, hovudstaden i Tatarstan, som vertskap fordi denne dynamiske storbyen illustrerer både integrasjonen av muslimar i Den russiske føderasjonen og Moskva si evne til å delegere makt.

På den økonomiske fronten har toppmøtet gjort framsteg innan avdollariseringa i internasjonal handel. BRICS-landa nærmar seg ein digital valutastandard. Det vart diskutert idéar om ein felles skatteetat, eit tribunal for løysing av økonomiske tvistar mellom medlemslanda, samt idéen om ein kornbørs. Også moglegheita for å etablere ein uavhengig, transnasjonal avreknings- og innskotsstruktur, «BRICS Clear». Det vart også gjort framsteg i utviklinga av eit betalingskortsystem kalla «BRICS PAY», som vart presentert på Kazan-toppmøtet. Der ser ut til å verke relativt klassisk: «BRICS PAY»-kortet skal mogleggjere betalingar i lokal valuta ved å bruke ein QR-kode som belastar ei elektronisk lommebok via ein eponym app, ved å tilknyte eit Visa, Mastercard eller MIR bankkort. Problemet er å bevare fullstendig suverenitet når ein deltar i ein kollektiv valuta.

Toppmøtet har framfor alt vist, på det politiske nivået, i nærvær av FNs generalsekretær Antonio Guterres, at BRICS avviser Vestens stadig skiftande reglar som G7 fastset vilkårleg avhengig av kven dei forhandlar med, og repekterer heller det givne orde, altså Folkeretten. Landa i «det globale sør» (i motsetning til «det kollektive Vesten») har er klart medvitne om forpliktingane og avtalane som Vesten har underskrive, men skamlaust krenka.

Vesten meiner faktisk at eit vald statsoverhovud eller regjeringssjef i demokratiets namn ikkje treng kjenne seg bunden av signaturen til forgjengareane, medan andre statar – enten dei er liberale eller diktatoriske etter Vestens meining – har plikt til å gjere det. Donald Trump sa til dømes opp JCPOA (atomavtalen med Iran) som forgjengaren hans, Barack Obama, hadde vore med på å forhandle fram. Og Joe Biden kjende seg ikkje bunden av to dokument som vart signerte av vennen Barack Obama, verken Istanbul-avtalen (1999 [5]), eller Resolution 2202 (2015) om Minsk-avtalane. Han påstår difor at Russland invaderte Ukraina og braut FN-pakta, sjølv om mange seinare tekstar viser at Russland er det einaste landet som har følgd alle prinsippa til punkt og prikke.

IMF har nyleg revidert sine kalkylar og plassert Russlands brutto nasjonalprodukt (BNP) i kjøpekraftsparitet på fjerdeplass, etter Kina, USA og India. Russland sitt BNP steig difor brått med 23% og forlet 48.-plassen som det lenge hadde lege på. Utanom dei økonomiske realitetane (BRICS representerer 37% av verdas BNP og 45% folketalet, medan G7 berre representerer 29% av BNP og 10% av verdas folktal), har dette toppmøtet opna auga på mange synshemma folk. Verda har endra seg. Den er ikkje lenger dominert av Washington og London.

Thierry Meyssan

[1Kazan Summit Official Website. [2] “Hvilken internasjonal orden?”, av Thierry Meyssan, Oversatt av Monica Sortland, Voltaire Network, 7. november 2023. [3] “XVI BRICS Summit : Kazan Declaration”, Voltaire Network, 24 October 2024. [4] “The «Clash of Civilizations»”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 4 June 2004. [5] «Istanbul Document», OSCE, 1999.

https://www.voltairenet.org/article221440.html

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Forrige artikkelTrump vurderer å forby visse vaksiner etter råd fra Robert F. Kennedy jr.
Neste artikkelEuropabevegelsen finansierer Klassekampen
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.