Kyllinghaukar og krig

0

På sekstitalet vart hundretusenvis av amerikanske vernepliktssoldatar sendt til Vietnam for å kriga. 60.000 vart drepne, langt fleire skadd.

Hans Olav Brendberg.

Men ikkje alle amerikanarar i militær alder vart sendt til Vietnam. Nokre greidde, på ymse vis, å unngå verneplikt. Ein av dei var Dick Cheney.

Som Cheney sjølv sa det i 1989 til George C. Wilson i Washington Post, II had other priorities in the ‘60s than military service».

Då Cheney seinare vart ein av dei sentrale krigshissarane i det amerikanske statsapparatet, kom denne historia om prioriteringar tilbake. Alle forstår at det er enklare å driva agitasjon for krig når du og dine slepp å sloss. Om du sjølv risikerer livet på slagmarka, vil terskelen for å gå til krig bli høgare.

Vi diskuterer altså fenomenet «kyllinghaukar». Dei som argumenterer for at andre skal risikera liv og lemmer, men som sjølv unngår farene på slagmarka. Dei som fører krig frå hotell og konferanserom, heilt utan risiko for seg sjølve.

Men korleis kunne Dick Cheney sjølv prioritera kva han ønskte å halda på med, når det faktisk var lover som kalte inn vernepliktige under Vietnamkrigen?

Vel – lovene hadde unntak frå verneplikt. Og gifte menn var lenge unntatt frå verneplikt. Så Cheney vart ikkje innkalt til teneste.

26. oktober 1965 kunngjorde så vernepliktsforvaltninga at gifte menn ikkje lenger ville vera unntatt frå verneplikt, unntaket galdt no berre menn som hadde eller venta barn.

19. januar 1966 vart Dick Cheney reklassifisert som «3 A» – unntatt for verneplikt avdi kona var gravid. 28 juli 1966 vart so Elizabeth Cheney fødd – nøyaktig 9 månader og to dagar etter regelendringa som gjorde at gifte, barnlause menn kunne kallast inn.

Liz Cheney var altså årsaka til at Dick Cheney slapp å gjera teneste i Vietnam.

Liz Cheney har heller aldri gjort teneste på noko slagmark.

Likevel – eller kanskje nettopp derfor – har Liz Cheney som aktiv politikar aldri sett ein krig ho ikkje har likt.

Dette er bakgrunnen for kommentarane som Donald Trump kom med for nokre dagar sidan – der han slo fast at ho er «ein radikal krigshissar. La henne få ei rifle og få stå der – med ni rifleløp peikande som skyt i hennar retning. Ok – la oss få sjå kva ho føler då (….) Dei er alle krigshissarar når dei kan sitja i fine bygningar i Washington og seia at «å ja – la oss senda 10 000 soldatar rett inn i fiendens gap».

Trumps åtak på Liz Cheney førte til ein grovt villeiande mediekampanje, der leiande publikasjonar påstod – mot betre vitande – at Trump gjekk inn for at Liz Cheney skulle stillast for in eksekusjonspeletong:

«Trump calls for Cheneys execution», «Trump embraces violent rhetoric, suggest Liz Cheney should have ‘guns trained on her face’ «; «Trump fantazises about guns about guns pointed at Liz Cheney’s face» og liknande.

Alt dette er løgn og halvsanningar – kokt i hop for å villeida. Det Trump sa, og som ikkje er mogleg å mistolka, er at Liz Cheney er ein galen krigshissar, og at han trur at pipa ville fått ein annan låt om ho sjølv måtte slåss i dei krigane ho hissar til.

Og det er eit relevant poeng. Ho er dotter til ein av hovudarkitektane bak Irak-krigen – som kosta ein million menneskeliv, inkludert mange tusen amerikanske soldatar. Denne arkitekten tilhøyrde sjølv ei priviligert gruppe som «valde å ha andre prioriteringar» enn slagmarka i Vietnam den gongen USA hadde verneplikt for menn. Og Liz Cheney er sjølv fødd 9 månader og to dagar etter regelendringa som gjorde at gifte menn risikerte å måtte gjera teneste – og var difor Dick Cheneys fribillett til å gjera «andre prioriteringar».

For min del er eg sikker på at Trump har rett: Hadde dei nykonservative kyllinghaukane risikert noko personleg, ville mange av dei vore meir tilbakehaldne med bruk av militær makt. Det var ei av dei viktige årsakene til at Nixon avskaffa verneplikt- han ønskte å leggja flat dei motkreftene mot krigspolitikken som følgde med verneplikta. Resultatet er eit samfunn der nokre kan vera krigshissarar heilt utan risiko for å måtta ofra liv og blod – medan den amerikanske hæren er ein av dei viktigaste vegane opp og fram for dei som ikkje er fødde inn i den amerikanske eliten.

Den debatten Trump her sparkar i gang er viktig, og legitim.

Forrige artikkelGeorgia: Tbilisi har blitt fanget av Nato-hykleri
Neste artikkelNobelprisvinner Han Kang og Sør-Koreas historiske traumer