Ein verdilaus allianse

0
NATO-toppmøtet ble tildels fullstendig parodisk.

Carl Bildt sette fingeren på det vesentlege då han under NATO-møtet nyleg peika på at NATO hadde erstatta delte verdiar og trugsmålsvurderingar med smiger.

Hans Olav Brendberg.

Men sjølv då ein heldt oppe ein fasade av «delte verdiar» og «trugsmålsvurderingar», var dette i og for seg villeiande. NATO-utvidinga austover har vore bygt på ein illusjon om delte verdiar og delte trugsmål.

Temaet for møtet i Brussel var målet om å bruka 5% av BNP til forsvar – altså kring 15% av europeiske statsbudsjett.

Dette er luftpengar – og dette målet kjem aldri til å bli nådd. Ein europeisk økonomi på nedtur greier ikkje skvisa so mykje pengar ut for å nå irrasjonelle mål.

Utgangspunktet her er at NATO åleine står for kring 50% av verdas militærutgifter – om vi reknar inn viktige vestallierte som Japan og Sør-Korea kjem vi opp i kring 60%. Om NATO skal nå eit mål på over det dobbelte av dette, vil vi vera oppe i 80-90% av verdas militærutgifter. Er vi trygge då?

Dette er sjølvsagt galimatias. Og grunnleggjande ein bløff: Den europeiske delen av NATO møter Trumps krav om byrdefordeling – ikkje med pengar, men med løfte om pengar.

Luftpengar.

Bløff, altså.

Ein skal vera forsiktig med å freista bløffa ein bløffmakar. Veit ikkje Trump at europearane driv med bløff? Sjølvsagt veit han det.

Han veit også at han treng 2/3 fleirtal i senatet for å seia opp NATO-traktaten. Men kor mange røyster treng han for å trekka tilbake tryggleiksgarantiar til statar som har bløffa om at dei kjem til å bruka 15% av statsbudsjettet sitt til forsvar?

Og bak fasaden av bløff ligg det realitetar. Ikkje prinsipp. Ikkje delte verdiar. Ikkje tru på at NATOs artikkel 5 framleis er ein effektiv tryggleiksgaranti.

Bak det heile ligg det einaste denne forsamlinga av hyklarar trur på:

Makt. Makt som ikkje lenger er bunde av forsikringar, løfte, verdiar, traktater eller noko anna. Makt som no held seg med politikarar av Trumps og Ruttes type. «Did I say that?» «No you didn´t, Daddy.»

«Nobody know what I am going to do!»

Den harde kjerna i ein verdilaus allianse.

Forrige artikkelDet amerikanske imperiets 72-årige krig mot Iran
Neste artikkelPentagon stanser våpenforsendelser til Ukraina