
«The Blob» er eit av tilnamna som har vorte hengande ved det utanrikspolitiske establishmmentet i Washington. Nokre tusen menneske hentar sitt daglege levebrød som ekspertar på utanrikspolitikk – i departementa, i tenkjetankar, i aviser og tidsskrift eller i akademiske posisjonar. Ein karriereveg som også ofte handlar om svingdører som gjev tilgang på godt betalte posisjonar i våpenindustri eller finans.

For sju år sidan gav to av dei mest kjende akademikarane på feltet – John J. Mearsheimer og Stephen M. Walt – ut kvar si bok som hadde om lag same tema. I «The Hell of Good Intentions» og «The Great Delusion» tok Walt og Mearsheimer oppgjer med den liberale internasjonalismen som vart den dominerande doktrinen i «the Blob». Etter den kalde krigen hadde det utanrikspolitiske miljøet i USA stivna i ein dogmatisk, liberal internasjonalisme som ikkje lenger vart halde i ørene av nasjonale interesser eller andre former for måtehald. Konsensusen var reindyrka på ein slik måte at det var risikofylt å bruka vettet. Om ein ønskte å vera på den «sikre sida» med tanke på vidare karriere var amerikansk maktbruk alltid svaret på problem som dukka opp på den internasjonale horisonten. Og maktbruk var eit langt betre kort å spela enn diplomati – som såg ut som veikskap. Om amerikanske interesser var involvert var uvesentleg: Små og store spørsmål handla til sjuande og sist om ein moralsk kamp for liberalt demokrati, og klokka stod alltid på München 1938.
Walt og Mearsheimer var ikkje i tvil om at tilhengarane av den ideelle fordring trudde på liberalt demokrati, trudde på amerikansk makt og trudde på det dei heldt på med. Men dei to trudde ikkje opplegget var bærekraftig. Jakta på liberalt hegemoni gav oss ei mindre trygg og meir valdeleg verd enn naudsynt. Og i lengda risikerte USA å ofra vesentlege nasjonale interesser på vegen.
Problemet var berre at konsensusen i sentrum for dette var so sterk at det var vanskeleg å reformera dette politikkfeltet.
Like lite som den ideelle fordring let seg innløysa, finst det nokon ideell reformator. Og «the Blob» har ikkje vorte mindre prega av liberal ønskjetenkjing dei siste sju åra.
Tvert imot. Mangelen på realisme har berre vorte meir tydeleg, og saman med dette har valdsutøvinga tatt av til eit nytt nivå. Ting har vore ute av kontroll. Og ingenting har peika mot reform og justering.
Så den reformen vi får, er Trumps reform av det internasjonale systemet. Eg forstår godt at folk mislikar reformatoren. Men det var faktisk naudsynt at denne jobben vart gjort. «The Blob» måtte punkterast. Det måtte gjenopprettast diplomati mellom dei største, globale militærmaktene. Eit par farlege krigar måtte sløkkast no. Og dei som ivrar for liberalt hegemoni hadde ikkje løfta ein finger for å gjera noko av dette.
Og difor vart dette slik det vart. Det går sjølvsagt ut over mange – ofte sakeslause – som mistar grunnen dei stod på når USAID og NED blir avvikla. Ein god del av det som skjer i Washington blir gjort med mindre enn 100% presisjon. Det er ikkje av idealistiske grunnar Trump freistar avvikla krigen i Ukraina. Men Trump forstår at dette er eit tapande kort som kan kosta mykje om han ikkje gjev Svarte-Petter til nokon.
Likevel: Det systemet som no blir reformert, hadde gjort seg sjølv immunt mot reform. Det har halde nede dei naudsynte debattane som folk som Mearsheimer freista få opp. Det har barrikadert seg – institusjonelt og intellektuelt.
Og då ser eg faktisk ikkje noko anna som kunne bryta tømmerfloken enn ein handlekraftig politikar med tydeleg mandat frå veljarane.
Så får ein heller freista ta tak i det som har gått litt av skaftet når ein skal freista stabilisere den internasjonale ordenen som kjem etter forsøket på liberalt hegemoni.
oss 150 kroner!


