Ny Handkedebatt: Om Serbia og oppløysinga av Jugoslavia

0
Peter Handke til venstre. Foto: Dnalor 01, Wikimedia, lisens CC-BY-SA 3.0

Av Hans Olav Brendberg.

Etter at Peter Handke fekk nobelprisen i Litteratur, har den same bølgja av moralsk avsky reist seg som etter at han fekk Ibsenprisen for nokre år sidan. Moralkremmarar sel dei same svart-kvitt-prospekta som dei har gjort heilt sidan oppløysinga av Jugoslavia. Det er ikkje berre at dei er usamde med Handke – usemje er både legitimt og oppklarande. Men Handskes perspektiv på konfliktane i Jugoslavia skal visstnok vera moralsk forkrøpla og kvalifisera mannen som «fascistsympatisør» og liknande. Det er forbausande kor skråsikre folk kan vera når det gjeld eit so samansett og delvis umogleg konfliktområde som Balkan – og difor kan det vera verdt å setja oppløysinga av Jugoslavia inn i eit større perspektiv.

Serbarane var statsbyggjarane i det sørslaviske området. Den serbiske staten byrja med Svarte-Georgs (Kara-Georg) opprør frå 1804, då det ortodokse, kristne bondefolket gjorde opprør mot det islamske overherredømet. Opprøret førde etter kvart til sjølvstyre under ein annan kongefamilie – Obrenovic-slekta. På 1800-talet veksla Serbia mellom Obrenovic- og Karageorgevicdynastiet, og staten vart etter kvart anerkjent som sjølvstendig stat.

Det nærliggjande keisarriket Austerrike-Ungarn satsa på å sikra sine interesser gjennom innverknad og avtalar med Obrenovic-dynastinet. I 1903 vart kongen og dronninga myrda i eit kupp organisert av eit hemmeleg selskap med røter i militæret. Peter I av Karageorgevicslekta vart innsett som ny konge – men nasjonalistane i dei hemmelege selskapa hadde stor innverknad under det nye kongedømet.

Sommaren 1914 byrja første verdskrig som den tredje Balkankrigen, då terroristar tilknytt dei hemmelege selskapa i Serbia myrda tronarvingen i Austerrike-Ungarn. Etter eit par års krig vart Serbia overkjørt av overmakta. Over 200 000 serbiske soldatar fall i krigen, kring ein halv million sivile serbarar mista livet av krigsrelaterte årsaker. Dette er mykje i eit land som på det tidspunktet hadde 4,5 millionar innbyggjarar.

Men sidan sentralmaktene tapte første verdskrig, gjenoppstod Serbia frå ruinane – ikkje som «Serbia», men som «Kongedømet av serbarar, kroatarar og slovenarar». Etter kvart «Jugoslavia» – men dominert av Serbia, og med politisk uro i heile mellomkrigstida i den evige taugdraginga mellom serbisk sentralisme og kroatisk regionalisme. Ei taudraging som ogso inneheldt den vanlege gifta med hemmelege selskap og terrorisme – Jugoslavias første konge, Alexander I, vart skoten og drepen i Marseilles av ein bulgarsk-makedonsk attentatmann i samarbeid med kroatiske Ustasja.

Andre verdskrig vart ein blodig affære, som råka landet tjue år etter det førre blodbadet. Regentskapet freista halda landet utanfor krigen ved å inngå ein allianseavtale med Hitler. Denne avtalen vart møtt med massive protestar i Beograd, og den snart myndige kongen vart innsett på eit program for motstand. Dette førde til tysk invasjon og okkupasjon. Under leiing av kommunistpartiet vart det bygt opp ein stor partisanhær som rekrutterte frå alle etniske grupper i landet. Mot slutten av første krigsåret var det kring 80 000 partisanar – då krigen slutta kunne Titos partisanar mønstra 800 000 under våpen. Samanlikna gjerne denne partisanhæren med den mykje omtalte «resistance» i Frankrike, kring 3000 aktive i ein nasjon som var dobbelt so folkerik som Jugoslavia – og ikkje kløyvd etter etniske skiljeliner.

Denne massemobiliseringa mot den tyske okkupasjonen kosta – kring 300 000 partisanar døydde i kamp, eller som følgje av skadar dei pådrog seg i kamp. Men då krigen slutta i 1945 var denne fleirnasjonale partisanrørsla sterk nok til å ta over makta i området, og grunnleggja det som vart den føderale, sosialistiske republikken Jugoslavia.

Men kommunistane var ikkje den einaste politiske krafta som opererte i Jugoslavia under andre verdskrig. Serbiske nasjonalistar, dei sokalla tsjetnikane, dreiv ogso geriljakrig etter okkupasjonen. I tillegg dreiv dei sekterisk krig – og massakrerte kring 80 000 slaviske muslimar i løpet av krigsåra.

Den rørsla som dominerte under det tyske hegemoniet var likevel den kroatiske ustasja-rørsla, som oppretta eit «sjølvstendig» Kroatia på kroatisk og bosnisk territorium. I tillegg til å ha tysk makt i ryggen, hadde Ante Pavelic og Ustasja solid støtte frå den katolske kyrkja. Serbarar vart tvunge til konvertering til katolisisme, avretta av dødsskvadronar eller samla i konsentrasjonsleirar. Kor mange som vart drepne under ustasjaregimet er vanskeleg å slå fast – men ein er på rimeleg trygg grunn om ein seier at minst 300 000 sivile serbarar vart drepne under det kroatiske fascistregimet. Ta so store dødstal av andre grunnar – og du står att med eit av dei hardast råka områda under andre verdskrig. Heilt på line med Kviterussland og Ukraina. Samanlikna gjerne dei serbiske tapstala under krigen med kort hardt råka Noreg var med sine 9 000 krigsrelaterte dødsfall.

I dette området skulle so Tito og kommunistane byggja stat. Staten dei bygde minte om dei uroane du kan sjå over vedovnar – der alt heng på små pinnar der vekta på kvar ende av pinnen må vera balansert. Det økonomiske systemet freista td. å balansera mellom planøkonomi av Sovjet-typen og ein viss opning for marknad og sjølvstyre. Men særleg to balansar var avgjerande for staten. For det første bygde Tito maktposisjonen sin på å balansera mellom aust og vest. Tito støtta avkoloniseringa i den tredje verda, og heldt avstand til vestmaktene. Samstundes vart «titoisme» fordømt av Sovjetunionen. Jugoslavia valde å vera medstiftar av den alliansefrie rørsla i staden for å velja mellom aust og vest.

Den andre, avgjerande balansen var mellom det katolske Kroatia – som hadde vore del av Austerrike-Ungarn fram til første verdskrig – og det ortodokse Serbia. Her var det snakk om to ulike politiske kulturar. Serbarane hadde vore statsbyggjarar, og hadde i lange tider opptredd som ei «stormakt» som boksa to vektklassar over si naturlege plassering. Titos alliansefrie politikk var på sett og vis ei vidareføring av dette. Men ogso Kroatia hadde ein politisk kultur – kroatane var meistrar i den typen korridorintrigar som gjorde at Wien og seinare Beograd kunne vedta det dei ville – dei praktiske resultata i Kroatia var ein heilt annan diskusjon. I dette spelet for å undergrava den offisielle politikken var ogso kroatane meistrar i å henta støtte ute – anten det var den katolske kyrkja eller eksilkroatane i Bayern eller USA som vart mobilisert.

Sidan det var om lag dobbelt so mange serbarar som kroatar i Jugoslavia, sikra kommunistpartiet balansen gjennom å medvite avgrensa den serbiske makta innanfor føderasjonen. Grensene for delrepublikkane vart trekt på ein måte som gav store serbiske minoritetar utanfor Serbia – og gav autonomi til to store område i Serbia – Vojvodina i nord og Kossovo i sør. I vest låg dei to katolske republikkane – Slovenia og Kroatia. I aust dei ortodokse: Serbia, Montenegro og Makedonia. Midt i låg den mest kløyvde republikken av alle, og kjerneområdet for partisanrørsla under andre verdskrig: Bosnia-Hercegovina. Serbarane som vart gjort til minoritetar godtok dette – av di Jugoslavia var ein fleirnasjonal stat med Beograd som føderasjonshovudstad, og den jugoslaviske identiteten gav ein tryggleik dei ikkje hadde andsynes delrepublikkane dei budde i.

Bosnia-Hercegovina hadde aldri vore ein eigen stat. Freden mellom dei etniske gruppene hadde alltid vore resultat av at stormakter hadde styrt provinsen. Fram til 1878 det osmanske riket, so Austerrike-Ungarn fram til 1918, og so kongeriket Jugoslavia frå første verdskrig fram til andre verdskrig. Etter andre verdskrig var det Titos sosialistiske føderasjonsstat som garanterte for stabiliteten til Bosnia-Hercegovina. Denne ytre ramma for stabilitet vart støtta opp av ein uskriven lov i bosnisk politikk: Ingen radikale endringar av status quo skulle gjerast utan konsensus mellom dei tre etniske gruppene som utgjorde stordelen av folket i republikken.

Då Sovjetunionen braut saman, braut samstundes den balansen som hadde vore grunnlaget for Jugoslavisk utanrikspolitikk i hop. Ein veik jugoslavisk føderasjon kunne pressast av ein vestleg allianse som ønskte å utnytta det vakuumet som hadde oppstått med oppløysinga av Sovjetunionen. Den jugoslaviske hæren var bygt på ideologien om «brorskapen mellom folka», og var ueigna til å halda i hop føderasjonen med makt i ein konflikt der etniske identitetar vart revitalisert.

I staden for å finna omforente løysingar for heile føderasjonen, insisterte Tyskland og EU på at ein skulle anerkjenna Slovenia som suveren stat først. Deretter skjedde ting heilt slik ein kunne venta: Kroatia erklærte seg uavhengig – medan dei serbiske minoritetane i Krajina og Slavonia gjorde opprør og oppretta eigne «republikkar» i områda der dei var i fleirtal. Dermed var dei ytre råmene som hadde gjort Bosnia-Hercegovina stabilt borte. Då republikken so erklærte seg uavhengig utan å ta omsyn til det konsesusprinsippet som fram til då alltid hadde lege til grunn for store endringar, var alt lagt til rette for den mest øydeleggjande etniske krigen i det tidlegare Jugoslavia – i det området der etnisitet tydde minst, og kring 10% av innbyggjarane rekna seg som «jugoslavar» av etnisitet.

Dei serbarane som gjorde opprør i Krajina og Bosnia hadde foreldre og besteforeldre som hadde overlevd Ustasjas folkemord på førtitalet. I Krajina hadde dei militære tradisjonar tilbake til 1600-talet, då serbiske bønder fekk fridom mot å gjera teneste som grensevakt for det osmanske riket. I Bosnia hadde serbarane vore mellom dei siste liveigne i Europa – under muslimske godseigarar. Eit system som vart vidareført under Austerike-Ungarns okkupasjon.

Det er liten tvil om at serbarane gjennomførte omfattande krigsbrotsverk i Bosnia, meir omfattande enn tilsvarande brotsverk frå kroatisk eller muslimsk side. Samstundes var serbarane ogso offer for omfattande brotsverk. 200 000 serbarar vart etnisk reinsa frå Krajina under operasjon «Storm», eit par veker etter massakren i Srebrenica.

Det var dei vestlege maktene som insisterte på den «bit for bit»-politikken som opna Pandoras eske i det tidlegare Jugoslavia. Ein øydela balansemekanismane i ein fungerande, fleirnasjonal stat – og då dette førte til dei resultata alle kunne spådd, demoniserte ein dei serbiske leiarane og gav desse all skuld for den situasjonen det ytre presset hadde skapt.

Naturlegvis kunne ein ønskt at serbarar i Kroatia og Bosnia såg eit NATO der Tyskland og Tyrkia hadde sterke interesser som ein like god tryggleiksgaranti som det føderale Jugoslavia. Men det var ikkje slik det fungerte – og ingen som kjente området kunne heller forventa at dette vart rekna som godt nok av dei serbiske minoritetane. Tretti år etter oppløysinga av Jugoslavia blir det framleis leita fram valdsam retorikk når Peter Handke får Nobelpris i litteratur. Krigane på nittitalet var øydeleggjande, men likevel ein temmeleg uskuldig affære mot det infernoet som hadde vorte slept laus femti år før. Eit inferno som sjølvsagt råka folk av ulik, etnisk bakgrunn. Men der serbarar i Kroatia og Bosnia hadde fått langt, langt meir enn sin del. Vald verkar ikkje berre der og då – valdsbruk verkar i generasjonar. Serbarar i Bosnia og Kroatia var sjølvsagt prega av denne historia. Det blir sagt at Russland har to allierte: Hæren og marinen. Den same mentaliteten fann du i dei serbiske minoritetane: Utanom Jugoslavia, hadde dei mest tillit til eigne våpen. Då ustasjaflagget byrja vaia over Zagreb, greip serbarane i Kroatia til våpen – og krigen var i gang. Sidan dei vestlege landa insisterte på at ei løysing ikkje skulle ha ein jugoslavisk dimensjon, garanterte ein samtidig at «tryggleik» måtte byggjast på etnisitet. Det var ogso det som skjedde – trass retorikken om Bosnia som fleirkulturell stat.

Det tidlegare Jugoslavia er ikkje stabilt. Bosnia-Hercegovina er eit NATO-protektorat der ein europeisk styrke på 600 mann er naudsynt for stabilitet. I protektoratet Kossovo trengst det 3000 NATO-troppar for å hindra open krig. Det tidlegare Jugoslavia ligg der kulturelle kontinentalplater møtest. Neste gong dei røre på seg, vil ikkje Russland liggja med knekt rygg. Og Tyrkias tilhøve til NATO har dei siste tjue åra endra seg mykje. Det er ingen grunn til å la hylekoret hindra alternative perspektiv på det som skjedde for snart tretti år sidan. Det er heller ingen grunn til å nekta for at serbiske militsar utførte alvorlege krigsbrotsverk.

Peter Handke er ikkje feilfri – og ein må gjerne kritisera ting han har sagt og skrive. Men forsøket hans på å forstå den serbiske sida av denne krigen er viktig og legitimt, uansett feil og manglar. Den kompakte, moralske fordøminga frå dei som sit med fasit på moral og politikk er fårleg, avdi dette hindrar kunnskap og balansert diskusjon om eit av dei viktigaste konfliktområda i Europa. Jugoslavia finst ikkje meir – landet vart stykka opp etter sytti år. Eg trur ikkje dagens ordning av området kjem til å overleva i sytti år, og komande konfliktar vil ikkje bli enklare om ein insisterer på dei svart-kvite prospekta. Dei som ønskte å riva Kroatia laus frå Jugoslavia var ikkje fascistar – sjølv om dei lånte historie og symbol frå eit av dei verre fascistregima i Europa på førtitalet. Men heller ikkje serbarane var «fascistar» der dei freista forsvara ein tapt balanse mot vestmakter som kunne påtvinga løysingar på ein veik føderasjon. 25 år etterpå må det finnast meir intelligente måtar å diskutera desse tinga på enn det du ser hjå dagens liberale kulturelite.

Les også: Hyklerkoret mot Peter Handke

Knausgård: – Hagtvet er ulogisk, selvmotsigende, hjelpeløs og uetterrettelig

Forrige artikkelSyrias hær frigjør Kobani og andre byer i den nordøstre delen av landet
Neste artikkelDen grenseløse kynismen