Ja, nokre gonger er det rett å støtte opprør, også i Midtausten.

0
Kurdistan er det samanhengande grønne området som har kurdisk fleirtal. Området er om lag like stort som Spania. Dei siste 23 åra har ingen av dei store kurdiske parti jobba for at dette skal bli ein stat.

Av Erling Folkvord.

Takk til Pål for svarinnlegg 17. juni. Eg er ikkje så kjapp, men eg skal svare etter evne. Eg meiner framleis at ein del opprør, også i Midtausten, fortener støtte frå oss som lever i eit mellomstort imperialistland.

Om du vil lese dei to første innlegga mine og Pål sine svar, finn du dei her:

  1. juni: https://steigan.no/2018/06/nokre-ord-om-krigane-i-syria/
  2. juni: https://steigan.no/2018/06/kurdernes-sak-misbrukes-i-kampen-for-a-kontrollere-midtosten/
  3. juni: https://steigan.no/2018/06/saka-har-ikkje-to-sider-det-er-to-sider-som-ser-pa-saka/
  4. juni: https://steigan.no/2018/06/er-det-rett-a-gjore-oppror-nar-fienden-star-i-landet/

 

Slik eg ser det

I dag og i mange år framover vil imperialistland prøve å starte eller «overta» opprør i land der regimet er kritisk til imperialismen. USA er i dag størst og har mest erfaring. Men ikkje gløm Frankrike, Russland, England og etter kvart Kina, for berre å nemne nokre.

Opprør vil spore av og bli verkty for stormakter viss leiarane ikkje er kritiske til imperialiststatane og tar sjølvstendige avgjerder. Nokre opprør sporar av heilt frå starten.

Europearar som er mot imperialismen og for retten til å gjere opprør mot undertrykking, må sette seg inn i fakta og vurdere kritisk. Det er ikkje lett.

Eg meiner at 2012-opprøret som starta i den kurdiske delen av Nord-Syria, hittil ikkje har spora av. Derfor fortener det støtte. Pål er usamd i dette og skriv mellom anna at:

                  den kurdiske ledelsens politikk med å alliere seg med okkupanten og være en politisk garantist for USAs plan om å dele opp Syria er en katastrofal feil fra deres side.

PYD (Det demokratiske einskapspartiet) i Nord-Syria var frå første dag drivkrafta i opprøret som starta i grensebyen Kobanê 19. juli 2012. For å spare ord skriv eg stort sett PYD i resten av dette innlegget, sjølv om det vil vere meir presist å namngi fleire politiske og militære organisasjonar og instansar. Tilsvarande skriv eg stort sett Assad der eg meiner president Assad og den lovlege syriske regjeringa.

Eg ser på opprøret som starta i Kobanê i 2012,som del av langvarig revolusjonært arbeid. PYD vil arbeide langsiktig og med politiske midlar for at folk i andre delar av Syria skal krevje ei anna samfunnsordning enn Syria har i dag. Dei ønskjer ikkje å bruke våpen mot andre syrarar enn terroristane i IS og liknande grupperingar.

Etter den delvise maktovertakinga i dei tre områda med kurdisk fleirtal i 2012, har PYD ikkje gått til militært åtak på Assad. Men dei har forsvart seg mot åtak, slik som i Qamishlo våren 2016 og i Hasakah nokre månader seinare.

PYD, som vart oppretta i 2003, har alltid vori for eit samla Syria. Dei er i mot å opprette ein kurdisk stat. Ut frå dette er det naturleg at PYD ønskjer ei forhandlingsløysing med Assad no når IS er nesten nedkjempa militært.

For å vurdere om Pål sin påstand er rett, er det nødvendig å sjå på nokre hendingar i dei siste sju åra. Eg går ikkje inn på Assad si undertrykking av kurdisk og annan politisk opposisjon i tidlegare år.

Fram til oktober 2014

2011-opprøret mot Assad: PYD, som var det sterkaste partiet i dei tre kurdiske områda i Nord-Syria, slutta seg ikkje til opprøret.

Juli 2012: PYD utnytta situasjonen da Assad var militært svekka og starta eit opprør. PYD-opprørarana tok fatt på bygginga av ei tverrkulturell, demokratisk og sekulær samfunnsordning som framleis er i utvikling. Makt til kvinnene er eit hovudpunkt.

November 2012: Assad slo tilbake, mellom anna med flyåtak i grensebyen Sere Khaniye. Bombing av bustadstrok og tett inntil det nye sjukehuset.

Syriske fly sleppte i november 2012 bomber tett inntil det nye sjukehuset i grensebyen Sere Khaniye. Sjukehuset, som er bygninga bakerst til høyre, vart straks evakuert.

Nokre veker etterpå: Jihadistgruppar, som sa dei hadde allsidig hjelp frå Tyrkia, gjekk til åtak på byen. Den frie syriske hæren (FSA) rykka inn. Dei kom over grensa frå Tyrkia, med tanks og tunge våpen. Ein bande plyndra det evakuerte sjukehuset og frakta alt sjukehusutstyret til Tyrkia.

Sommeren 2013: PYD klarte å drive jihadistane og FSA ut av byen. FSA trekte seg tilbake til Tyrkia.

I dei områda som PYD kontrollerte, var forholdet til Assad omtrent slik mot slutten av 2013:

I praksis hadde dei ei slags arbeidsdeling. Assad, dvs. den lovlege regjeringa kontrollerte flyplassen og litt av Qamishlo, den største av grensebyane i nord. Pensjonistane fekk framleis utbetalingane sine frå Assad. Foreldre som ville det, sende ungane sine til Assad-drivne skoler med arabisk undervising og syrisk pensum. Assad kontrollerte og ein del av byen Hasakah. Og slik er det framleis.

Same kva PYD og Assad seier til omverda, så viser kvardagen at dei fann ei praktisk ordning. Situasjonen var og er spent. Men dei fører ikkje krig mot kvarandre. Begge fører krig mot IS. Mange USA-støtta mediar hevda derfor at PYD hadde ein avtale med Assad. At dei var alliert med Assad.

Mange karikaturteiknarar har påvist det enkle poenget at IS er ein «USA-baby».

I 2013 hadde USA framleis eit friksjonsfritt militært samarbeid med Tyrkia. USA støtta tyrkisk krig mot PKK i Tyrkia og i Nord-Irak. USA var sjølvsagt og med på militær og anna hjelp til alskens jihadistgrupperingar i Syria som slost dels mot Assad, og dels for å øydelegge den nye samfunnsordninga i dei kurdiske område. Våpentransporten gjekk gjennom Tyrkia.

USA hevda å føre krig mot IS. Men som vi veit, støtta USA i praksis FSA og alle slags væpna grupper eller bandar som førte krig mot Assad. Både dokument og lydopptak viser at USA vurderte IS som nyttig for å svekke Assad.

Omtrent frå årsskiftet 2013-2014 gjennomførte IS ein vellykka militæroffensiv og erobra store delar av Syria og Irak. I Syria overtok IS både Assad-kontrollerte område og område som hadde vori «styrt» av al Nusra, FSA eller andre. Mange krigarar frå desse gruppene skifta til IS-uniform og slost vidare for ein islamsk stat i Syria.

Eg veit ikkje når amerikanske leiarar innsåg at «USA-babyen» IS var så sterk at han kunne kome i vegen for USA sine eigne krigsmål. Eg skriv «USA-baby» fordi IS vaks fram frå kaoset etter at USA i mai 2003 oppløyste den irakiske hæren og storparten av statsapparatet i Irak.

August 2014. USA-koalisjonen var passiv da IS 3. august 2014 starta jezidi-massakrane i Sinjar. Sinjar er i Irak, men tett inntil grensa mot Syria. I løpet av juli hadde den nokså USA-venlege regjeringa i Irak trekt ut dei 2000 soldatane dei hadde i Sinjar. Den enda meir USA-lojale kurdiske regjeringa i Nord-Irak trekte ut sine 7 000 soldatar frå Sinjar nokre timar før ein IS-styrke kom til området.

Desse tilbaketrekkingane av USA-venlege styrkar åpna vegen for IS. Da IS-massakren på jezidiane var eit faktum, kom det framleis ingen militære mottiltak frå USA eller USA-allierte.

Berre PKK-geriljaen i Nord-Irak og dei kurdiske forsvarsstyrkane i Nord-Syria greip inn. Dei sende soldatar til Sinjar og tok opp kampen mot IS. Dei åpna og ein humanitær korridor inn i Syria og berga titusentals menneske frå IS-terroren.

I Nord-Syria stod PYD framleis aleine i kampen mot IS, som var alliert med Tyrkia. Og Tyrkia var igjen tett alliert med USA. Assad førte samtidig krig mot IS lenger sør i landet.

For å forenkle: PYD og Assad, som var og er motstandarar i andre spørsmål,  slost mot IS. USA såg positivt på at IS svekka Assad.

September 2014. Etter massakreringa av jezidiane kontrollerte IS store delar av Syria og Irak og nær halvparten av den syriske grensa mot Tyrkia. Det var fri flyt av framandkrigarar og våpen gjennom Tyrkia og til IS. Nokre av dei kom frå Norge. Og dei tre PYD-kontrollerte områda var alle omringa av IS mot sør og Tyrkia mot nord.

  1. september 2014 starta IS det som skulle vere ein lyn-offensiv mot Kobane, det midtre av dei tre kurdiske fleirtalsområda.
I desember 2014 hadde IS nesten erobra grensebyen Kobanê. Grått er IS-område. Gult er kontrollert av PYD. Den vesle gule flekken midt i det grå er den delen av Kobanê som IS ikkje hadde erobra. Rosa er kontrollert av Assad.

IS rykka fram får vest, sør og aust. Med tanks og andre pansra køyrety, tungt artilleri og store bakkestyrkar. Forsvararane i Kobanê hadde kalashnikov og kampvilje. Ein del arabarar deltok i forsvaret av Kobanê.

Oktober 2014. I første veka av oktober var Svein Olsen (Rødt Bodø) og eg nokre hundre meter utafor Kobanê. På tyrkisk side av grensegjerdet. På nært hald såg vi den ujamne kampen mellom framrykkande tanks og kalashnikov.

Fredag kveld 3. oktober sleppte ein amerikansk pilot den første bomba over ein IS-tanks i utkanten av byen. Frå denne dagen har PYD hatt ein taktisk, militær allianse med USA mot IS.

PYD-leiinga har heile tida sagt til folk at USA fører krig i Syria for sine eigne interesser. PYD trur ikkje Tyrkia-allierte USA har vorti ein ven. Dei seier samtidig at det i oktober 2014 oppstod ein situasjon der PYD og USA begge hadde interesse av å hindre IS-erobring av Kobanê. PYD hevdar at det er ein militær allianse retta mot IS. Dei vil ikkje la USA gripe inn i eller påverke den politiske utviklinga og oppbygginga av den nye samfunnsordninga i Nord-Syria. For meg ser det ut som dei så langt har lyktest bra med dette. Men USA har ikkje gitt opp og satsar mellom anna på langsiktige militære avtaler.

For det er opplagt at USA ønskjer politisk makt og kontroll. Den globale supermakta USA, som er inne i ein langvarig økonomisk nedtur, har øydelagt land etter land. I denne situasjonen prøver USA sjølvsagt å sikre seg varig fotfeste i Syria. Trump vil stoppe den amerikanske nedturen i Midtausten. Like sjølvsagt er det at USA – på same måte som Tyrkia, Iran, Saudi-Arabia osv. – ønskjer å øydelegge den nye, demokratiske samfunnsordninga som PYD har bygd opp.

Leiinga i PYD og mange andre kurdiske organisasjonar er godt kjend med korleis USA har skifta alliansepartnarar i Midtausten og svikta fleire enn kurdarane. Her er tre av eksempla:

– 6. mars 1975: Brå avvikling av tre år med amerikansk/Israelsk våpenhjelp til klan- og partleiaren i Mullah Mustafa Barzani i Nord-Irak. USA satsa i staden på visepresident Saddam Hussein i Bagdad.

– Juli-august 1990. USA omdefinerte sin allierte Saddam Hussein til Vestens verste fiende. Og fekk raskt på plass FN-vedtaket om blokade av Irak. Blokaden  kosta hundretusentals menneskeliv i de neste 13 åra.

– 15. februar 1991: President Bush oppfordra på Radio Voice of America både klurdarar og arabarar i Irak til å gjere opprør mot Saddam. Dei som starta opprøret i den kurdiske landsdelen, hadde framgang i dei første vekene. Mange vart skuffa da USA ikkje løfta ein finger for å hjelpe dei da Republikanargarden knuste opprøret og gjorde nær to millionar til flyktningar.

Kor hadde Syria stått i dag om IS hadde erobra Kobanê i 2014?

Tidleg på hausten 2014 var det to partar som førte krig mot IS i Syria: Assad og PYD. I kvar sin del av landet. IS hadde massiv støtte utafrå, særleg frå Tyrkia, Saudi Arabia og Qatar og gjekk frå siger til siger. Da IS-styrkane rykka inn i dei austlege bydelane i Kobanê, såg vi titals tyrkiske tanks rett på andre sida av grensegjerdet. Lokalbefolkninga vi snakka med, meinte Tyrkia hadde ein avtale om å overta Kobanê når IS hadde nedkjempa forsvararane.

Tyrkisk grensepatrulje ved Kobanê 3. oktober 2014. Soldatane retta heile tida mitraljøsa mot dei to YPG-soldatane lengst til høgre.

Utan den amerikanske flybombinga hadde IS komi til å erobre Kobanê. I staden vart Kobanê det første nederlaget for IS. Vendepunktet i kampen mot terroristorganisasjonen og Kalifatet.

Pål skriv at PYD-leiarane gjorde ein «katastrofal feil» da dei allierte seg med okkupanten. Meiner Pål at det hadde vori betre om IS hadde erobra Kobanê?

Israel og Israel sine kurdiske vener

Eg er framleis samd med Pål når han skriv at «det kan ikke herske tvil om at Israel ser seg tjent med at det skapes et uavhengig Kurdistan.» Israel har i all hovudsak brukt ordet Kurdistan om den kurdiske regionen i Nord-Irak. Sioniststaten og dei kurdiske toppleiarane i Nord-Irak har hatt og har eit tett samarbeid i alle fall sia tidleg på 1970-talet. Israel har samtidig vori ein god støttespelar for Tyrkia i meir enn 30 år med krig mot PKK. Israel meiner neppe at den kurdiske delen av Tyrkia skal vere med i den kurdiske staten Netanyahu snakkar om.

Til samanlikning deltok geriljasoldatar frå PKK i forsvarskampen mot Israel-invasjonen i Libanon i 1982. Og Mossad var med da CIA kidnappa PKK-leiaren Abdullah Öcalan i 1999. Han sonar framleis ein livstidsdom i Tyrkia.

Det var og er meiningslaust å seie at «kurderne» –  dvs. dei fleste  kurdarane i Iran, Irak, Tyria og Syria – støttar Israel. Men Netanyahu er sjølvsagt glad for all innsats som får resten av verda til å tru at det er slik. I Norge er partiet De Kristne dei ivrigaste sionist-hjelparane på dette punktet.

Det israelske militærmagasinet Israel Defence trykte i juni 2016 eit intervju med ein anoym person. Han vart presentert som ein «kurdisk leiar». Pål skriv at eg «tar ikke stilling til innholdet» i dette intervjuet. Det syns eg er rart ettersom eg skreiv:

Han hevda fleire pro-israelske standpunkt som går på tvers av det som PYD (Det              demokratiske einskapspartiet) stod for da og som Føderasjonen står for no. Synet hans på             Israel låg nær det vi ofte høyrer frå klan- og partileiaren Mesud Barzani i nordlege Irak.

Eg veit ikkje om det var eit verkeleg intervju. Det vesentlege var å vurdere innhaldet.

Kva kan skje i 2018?

Situasjonen er meir enn usikker. Ei fredeleg framtid for folka i Syria ligg langt unna.

Året starta med den tyrkiske invasjonen i Afrin. For å forsterke forsvaret mot okkupasjonsmakta flytta SDF da mange soldatar vekk frå kampane mot IS. Den tyrkiske invasjonen var dermed til god hjelp for IS.

Syriabaserte kjelder melde 18. juni om flyåtak mot Assad-lojale styrkar på sørsida av Eufrat og nær grensa mot Irak. Korkje USA eller Israel har vedgått at det var dei. Men meldingane seier at bombane drap mange. Er meldingane korrekte, har åtaket svekka Assad sin evne til å slåst mot IS i dette området. Slike åtak er god hjelp for IS.

I dag, 23. juni, patruljerer amerikanske og tyrkiske soldatar ved den tyrkiske okkupasjonsmakta si frontlinje nord for den fleirkulturelle byen Manbij. Viss USA let Tyrkia rykke fram mot byen, må nok SDF igjen flytte eigne styrkar dit for å styrke forsvaret mot Tyrkia. Det vil svekke den kampen SDF fører mot IS nær grensa mot Irak. Her slåst Assad og PYD no mot IS på kvar si side av Eufrat-dalen.

Det har vori og er forhandlingar der dei største krigførande partane deltar. Tyrkia, Iran, Russland, USA osv. No har dessverre korkje PYD eller Assad stort dei skal ha sagt i dette spelet.

President Erdogan har fått medieomtale fordi han gjer den fascistiske ulve-helsinga på valmøta. Sidemannen viser Den muslimske brorskapet si helsing. Erdogan vil ha allsidig hjelp for å samle all makt i sine hender.

Tyrkia er på offensiven militært. Dei tre tyrkiske invasjonane i Syria sia august 2016 har fått skiftesvis tilrettelegging eller støtte frå USA og Russland. Tyrkia fører krig både for å innlemme litt av Syria i Tyrkia og for å knuse den nye, demokratiske samfunnsordninga PYD har bygd opp. Samtidig har Tyrkia send enda fleire soldatar til Nord-Irak og trappar opp krigføringa der og.

Samarbeid mellom dei som slåst mot IS og for eit samla Syria?

Så langt eg kan sjå, er det i dag to krefter i Syria som slåst mot IS og som vil ha eit samla Syria: PYD og Assad. Dei har ulike framtidsmål for Syria. Men etter opprøret i 2012 har PYD som nemnt, unngått militære åtak på Assad.

Begge har i dag mektige allierte som har andre krigsmål. Russland hadde jo ikkje lagt til rette for den tyrkiske okkupasjonen av Afrin, viss Russland ville hindre oppdeling av Syria.

Tyrkiske bakkestyrkar med jihadiststøtte invaderte Afrin frå fire kantar. Og Russland sa ja til tyrkiske fly i syrisk luftom.

Det beste som kan skje, er at PYD og Assad forhandlar seg fram til ei ordning der to samfunnsordningar inn til vidare kan leve side om side innafor eit samla Syria. Men begge har mektige allierte som ikkje ønskjer dette. Ein slik avtale kunne styrke ein felles kamp mot IS og starte eit samarbeid for å få framande styrkar ut av Syria. Det ville vere bra for folka i Syria. Om dei skulle få  til ein slik avtale, er det rimeleg at dei styrkane som er i Syria i strid med folkeretten, må ut først. Dvs. Tyrkia, USA, Frankrike osv. Og det er neppe nokon som forventar at Putin skal gi opp flåtebasen som Russland i over 45 år har hatt i Tartus.

Slik maktforholda er i Syria no, trur eg ikkje dette er muleg. Men det er grunn til å støtte dei som prøver å få det til.

Forrige artikkelRUSSLAND som tema på Festspillene
Neste artikkelSyria og den drepande columbismen