Melding til Grenselandet AS

0
Foto: Svein Lund

Av Svein Lund.

Nylig hadde eg gleda av å få delta på eit folkemøte i Sirbmá i Deatnu (alias 9826 Sirma i Tana) i høve det vindkraftanlegget de har tenkt å bygge inne på vidda mellom Lebesby og Tana. Kven de no måtte vere. Eg må tvert innrømme at eg går litt i surr i om det er Grenselandet AS som i vår blei omdøpt til Gaissa AS eller om det er det andre Grenselandet AS som oppsto som eit nytt selskap samtidig. Eg må og innrømme at eg ikkje forstår heilt kva rolle Vindkraft Nord, Slitevind AB og St1 Oy har i dette. Men det er vel kanskje ikkje meininga det skal vere så lett, verken for oss amatørar eller for likningskontor og andre som måtte ønske å sjå dykk i korta.

Foto: Svein Lund

Det var på dette møtet, som på andre møte som har vore arrangert om denne planen, Harald Dirdal som var Grenselandet sitt ansikt utad, som skulle forsvare den store gåva de ønsker å gi til befolkninga i nord. Sidan eg ikkje kjenner dei andre ansikta som står bak, så rettar eg derfor denne meldinga direkte til deg, og ber deg ta ho med bakover i rekkene.
Når eg skriv dette, er det fordi eg i likskap med deg ein gong har kome til Finnmark som gjest. Finnmarkingar er stort sett eit gjestfritt folkeferd. Det gjeld og for samar, sjølv etter alt dei har vore utsett for gjennom historia, frå vikingane sine finneferder, bergensarar og sunnmøringar som forsynte seg av fisken, misjonærar, fornorskingslærarar, gruveinvestorar og rypejegerar. Sjølv har eg nytt godt av denne gjestfriheita i over fire tiår, og dei gongane eg har blitt utsett for direkte negative reaksjonar på at eg har kome sørfrå og hit, kan eg faktisk telje på ei hand. Tatt i betraktning historia er det i grunnen påfallande lite.

Det er ofte sagt at ein må vere elev før ein kan bli lærar, men denne regelen gjeld visst ikkje her nord. Her kan ein komme utan lokalkunnskap med fiks ferdige planar for at ein vil bygge ei gruve, eit oppdrettsanlegg – eller eit kraftverk drive av vatn eller vind. Ein treng ikkje spørje dei som har brukt området frå før, formelt treng ein bare spørje eit direktorat sørpå, i dette tilfellet NVE. Ein treng ikkje undersøke korleis reindrifta brukar området, det er nok å finne eit gamalt og feilaktig kart og tru at her er det ingen som ferdast.

Finnmarkingar er eit tolmodig folkeferd, kanskje litt for tolmodig om eg tør å seie det. På møtet i Sirbmá fikk vi sjå korleis det ser ut når tolmodet tar slutt. De har tidligare fått «vaksenopplæring» på fleire folkemøte og gjennom klare meldingar i media og i direkte møte med brukarar av området. Det må vere eit alvorlig tilfelle av lærevanskar, for ikkje å seie lærevegring, når de no hevdar at de har ein god dialog, og slår fast at bygginga av vindkraftverket skal gå etter planen. Rundt 250 gigantiske vindturbinar, med mange mil med breie vegar imellom og monstermaster i nord og sør skal reisast i eit av dei siste naturområda i Noreg som har vore skåna for større inngrep. Dette skal gjørast for å produsere ei kraft som verken Finnmark eller Noreg treng, fordi ein trur det vil vere pengar å tene på å selje dette til utlandet. Av denne grunnen skal reindrifta pressast ut av eit område dei har brukt i hundrevis av år, og utsikta frå det heilage fjellet Rástegáisa skal bli ein gigantisk kyrkjegard over natur og reindrift.

Forsto du det du hørte på møtet? Du forstår ikkje språket som brukast av fleirtalet lokalt, men det blei tolka for at du og NVE skulle få det med dykk. Likevel opplevde vi at svara dine var som i eventyret God dag, mann – Økseskaft. Til folket blei så lei av misforståingar at dei slo over til andrespråket sitt, norsk, i von om at det skulle hjelpe på forståinga. Dessverre såg det ikkje ut som det hjalp synderlig.

Da salen fikk ordet, var første innlegget opplesing av den svenske samen Paulus Utsi sitt dikt Gáttehis gáddi, eller i svensk omsetjing Strandlös strand, skrive i fortviling over naturøydeleggingane ved oppdemmingane av dei store innsjøane i svensk Sápmi. Diktet ender med «Sin dárbbus ii leat geahcci ge» eller «Deras behov har ingen gräns». Eg veit ikkje om du oppfatta at det var du og selskapet ditt som blei omtala på den måten, men no veit du det. Du møtte saklige, tekniske innlegg som viste at utbygginga er unødvendig, du møtte reindriftssamar som blir direkte og indirekte ramma og som kjempar for at levebrødet og kulturen deira skal overleve. Du fikk høre om at når samar skal gjøre noko i naturen, anten det er fiske, plukke bær eller slå opp ein lávvu, så spør dei alltid dei som brukar området, ja det hender til og med dei spør dei som ikkje synest. Det var ein fin måte å seie frå på at ingen her skal komme utbedt utan å spørre om lov før ein gjør inngrep i naturen. Du møtte samar og andre naturvernarar som hadde reist lange vegar for å delta og seie frå. Du møtte ei stor gruppe av sametingsrepresentantar, som hadde funne det så viktig å seie frå at dei prioriterte det foran sitt eige møte, etter som kanskje den viktigaste oppgåva for Sametinget er å forsvare samiske bruksområde mot øydeleggande inngrep. Du møtte ei gruppe av kvinner frå Tana som utanom programmet braut inn med ein joik, som startar, «kom dykk vekk, av vegen». Du møtte eit av dei sterkaste symbola på samisk motvilje, vrengte kofter. Dei tok til og med og forklarte deg symbolikken, etter som vaksenopplæringa her måtte giast med teskjeier. Det var ei mektig framvising av det som i seinare tid er kalla «den samiske vreden», eit klart signal om at gjestfriheita ikkje gir gjester rett til å øydelegge Sápmi.

Du snakka varmt om kor god dialog de hadde med reindrifta. På møtet var det ein reineigar som tok deg på ordet og sa: Om de no ønsker dialog med oss, får vi da vere med å avgjøre kva konsulentar som skal gjøre den reindriftsfaglige delen av konsekvensutgreiinga? Men nei, sa du, det var allereie avgjort. Det konsulentselskapet har vi hørt om før, dei får omtrent alle slike utgreiingar fordi oppdragsgivar veit resultatet. Dei har spesialisert seg på å «bevise» at reinen ikkje blir påverka av noko som helst, og at alt derfor kan byggast ut i reindriftsområde. Da hjelper det lite at andre undersøkingar gir motsett resultat.

På slutten av møtet og i intervju med NRK etterpå viste du igjen at du ingenting har lært og ingenting vil lære. Eg har derfor ikkje større von om at dette lille skrivet heller får deg på betre tankar. Du har satsa alt på dette, og kan ikkje vere lett å snu når ein er administrerande direktør i 6 vindkraftselskap, styreleiar i 3, styremedlem i ytterligare 5 og i vindkraftselskapa si forening Norwea.
Du vil bygge vindkraft på snaufjellet. Der gjeld den gamle fjellregelen: Vend i tide – det er ingen skam å snu. Etter det kan du komme tilbake og kanskje få oppleve gjestfriheita i Finnmark. For ho finst enno, for gjester som har folkeskikk.

 

Med helsing
Svein Lund
Telemarking i Finnmark og leiar for Naturvernforbundet i Ávjovárri.

 

  1. Heile diktet som blei lest på møtet finst i samisk, svensk og engelsk tekst her:
    http://www.lillsjon.net/~v108e/fjelds/sarek/poem.php
Forrige artikkelUSA-koalisjonen hindrer Russland i å gi humanitær hjelp
Neste artikkelVit man vänsterns enda fiende